Sokkelåret: Oljedirektoratet må ta klima på alvor!

Foto: The West Hercules borerigg i Barentshavet the Barents Sea. Ole Jørgen Bratland)
Tradisjonen tru innleia Oljedirektoratet året med ein grundig presentasjon av tilstanden på norsk sokkel. I rapporten Sokkelåret 2018 får ein oppdatert informasjon om forhold som oljepris, investeringsnivå, leiteaktivitet, tildelingar, kostnadsutvikling, produksjonsvolum, reservar og utbyggingsplanar. Direktoratet legg også fram nyttige prognoser for det korte bildet. I årets rapport kan ein mellom anne lese kor viktig Johan Sverdrup-feltet er for investeringsnivået på kort sikt. Feltet vil heve investeringane betydeleg i 2019, men frå 2020 – når feltet skal begynne å produsere olje – vil investeringane falle igjen. Etter Sverdrup og Castberg er det ingen store utbyggingar på blokka. Sju av ni planar for utbygging og drift som blei godkjent i 2018 var knytt til eksisterande infrastruktur.
Problemet med Oljedirektoratets rapport er at han ikkje nøyer seg med å formidle fakta. Han inneheld også ei framtidsforteljing som går ut på at berre vi finn meir olje og gass, så vil alt ordne seg. Ein bodskap som går igjen både i direktoratets pressemelding og i oljedirektør Bente Nylands presentasjon, er at det norske «olje- og gasseventyret er knapt halvveis».
Kanskje er det ønsket om nye storfunn som får Oljedirektoratet til å skildre Barentshavet som ein einaste stor snopebutikk. Det er her direktoratet forventar at nesten to tredelar av gassressursane som enno ikkje er funne, ligg. I Oljedirektoratets verd er dette pengar under bakken. «De gjenværende ressursene kan gi grunnlag for olje- og gassproduksjon i mange tiår framover», skriv Oljedirektoratet.
Utfordringa med gassproduksjon lengst nord er mangel på infrastruktur. I dag er dagens gasstransportkapasitet frå Barentshavet avgrensa til LNG-anlegget på Melkøya i Hammerfest – og kapasiteten her er sprengt fram til 2040-tallet. Skal ein få gassen frå nye felt i Barentshavet ut på marknaden, vil det vere behov for ny infrastruktur. For å legitimere nødvendige infrastrukturinvesteringar, må selskapa kjenne si besøkstid. Det må leitast meir, oppmodar Oljedirektoratet.
Oljedirektoratets framtidsforteljing kunne vore skrive på 70-talet. Ho inneheld ikkje ein einaste refleksjon om korleis klimaendringar og klimapolitikk kan påverke marknaden for norsk olje og gass dei neste tiåra. I staden vert verkelegheita framstilt som om det berre handlar om ressursar og funn. Hadde Oljedirektoratet vore eit aksjeselskap kunne Bente Nyland som administrerande direktør blitt saksøkt for å . I retten ville ein til dømes krevd svar på kvifor direktoratet ikkje problematiserer at klimapolitikk og energiomstilling utfordrar den langsiktige etterspurnaden etter fossile råvarer. Få stadar står klimapolitikken sterkare enn i Europa – Noregs viktigaste gassmarknad. Sanninga er at EU-landa kjem til å etterspørje mindre gass i 2030 enn i 2020 og endå mindre – om noko i det heile – i 2040 og 2050.
