Lite nytt i klimapolitikken – kan regjeringa likevel overraske?

Borgarleg fleirtalsregjering: 22. januar 2019 kunne statsminister Erna Solberg presentere ei utvida regjering med H, Frp, V og KrF. Foto:
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Vedtaket om å kutte minst 45 prosent av utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor innan 2030 er det viktigaste klimagjennomslaget i regjeringsforhandlingane. Det er ikkje det nye måltalet som er det viktigaste, men formuleringa om at regjeringa skal planlegge for at utsleppsreduksjonane skal skje gjennom innanlandske tiltak – med mindre bruk av fleksibiliteten i EUs rammeverk blir «strengt nødvendig».
Ein første test på regjeringas vilje til å avstå frå bruk av fleksible mekanismar får vi alt i 2019. Ein del av fleksibiliteten i klimaavtalen med EU er ein ny mekanisme som gjer det mogleg å oppfylle utsleppsmål i ikkje-kvotepliktig sektor ved kjøpt og kansellering av kvoter i EUs kvotesystem. I realiteten betyr det å flytte kutt frå ikkje-kvotepliktig sektor til kvotepliktig sektor. Denne moglegheita kan berre nyttast ein gong og må varslast inn til EU før 2020. Kjøp av utsleppsløyve frå andre land, som er ein annan fleksibilitetsmekanisme, kan derimot skje i heile avtaleperioden. Men neppe aktuelt før godt ut på 2020-talet om «strengt nødvendig» skal tolkast bokstaveleg.
Ein del har kritisert regjeringa for å setje 2005 og ikkje 1990 som referanseår for det nye 2030-målet. Denne kritikken er grunnlaus. I ikkje-kvotepliktig sektor var utsleppsnivået noko lågare i 2005 samanlikna med 1990. Det er difor bra å bruke 2005 som referanseår. (2005 er dessutan referanseår for EUs regelverk både for kvotemarknad og Effort Sharing – så årstalet er eigentleg gitt når vi først vel å smarbeide med EU på desse områda).
Regjeringa går inn for å heva ambisjonane for utsleppsutviklinga i ikkje-kvotepliktig sektor fram mot 2030, og i tillegg arbeide for at EUs samla ambisjonsnivået vert auka til 55 prosent i same periode. Dette er positivt, men det er heller ikkje meir enn vi bør kunne forvente. Det er nettopp dette vi har forplikta oss til gjennom Paris-avtalen. Her står det at klimamålet til kvart einskild land skal reflektere landets «highest possible ambition» og at målet skal oppdaterast kvart femte år.
Alle som følgjer den europeiske klimadebatten veit dessutan at EU også diskuterer klimamål. Hadde ikkje regjeringa justert klimamåla no, er det ikkje usannsynleg at vi hadde blitt pressa til å gjere det om kort tid uansett.
To steg fram, to tilbake
Det er vanskeleg å spore nye, kraftfulle tiltak som oppfølging av det oppjusterte klimamålet. Mange av formuleringane i plattforma er av typen «følge opp», «videreutvikle» og «utarbeide en plan for…». Dei gongane ein forsøker seg på noko konkret, følgjer det nesten utan unnatak med ein reservasjon. Som her om offentleg anbod i maritim sektor: Kva betyr eigentleg det?

