Det grøne skiftets tempoproblem

Når energiforbruket og klimagassutsleppa aukar, er det liten trøyst å hente i bratt fallande kostnadskurver for solceller og batteriteknologi. Klimapolitikk framover må handle om fart.

Stortingets behandling av Klimastrategi 2030 (Klimameldinga) er ei god anledning til å kome med nokre ærlege refleksjonar. Oppdatert energistatistikk viser kraftig vekst i fornybar energi og klimateknologi, men også auke i etterspurnaden etter det fossile. Forholdet mellom økonomisk vekst og energibruk er likevel ikkje brote. Tida vi har til å klare togradarsmålet er i ferd med å renne ut.

I teksten nedanfor presenterer eg ulike sider ved energiomstillinga. Utgangspunktet er rapportane Global Energy & CO₂ Status Report 2017 (IEA) og Global Trends in Renewable Energy Investment 2018 (Frankfurt School-UNEP Centre/BNE).

Fornybar energirevolusjonen

Den gode nyheita – la oss starte der – er at energiomstillinga er godt i gang. Kostnadsutviklinga for viktige klimateknologiar gjer at gode val stadig oftare også er dei mest økonomiske. Høyr berre på dette:

  • I perioden 2009-2017 gjekk energikostnaden for solenergi (PV) ned 72 prosent – frå 304 dollar/ MWh til 86 dollar/ MWh.
  • Landbasert vind opplevde i same periode eit kostnadsfall på 27 prosent – frå 93 dollar/MWh til 67 dollar/MWh.
  • Havvind – som fram til 2012 opplevde kostnadsvekst fordi prosjekta blei plassert på stadig djupare hav – har dei siste fem åra sett kostnadane falle 44 prosent – til 123 dollar/MWh.

Vi snakkar her globale gjennomsnittsprisar, estimert av Bloomberg New Energy Finance. Dei faktiske marknadsprisane er mange stadar langt lågare. I Mexico i fjor fekk ein gjennom auksjonar pressa prisen for solenergi heilt ned i 20,80 dollar per MWh og for vindkraft 18,60 dollar per MWh. I dette prisleiet har ikkje kull og gass sjans til å konkurrere.

FALLANDE KOSTNADER: Grafen viser utviklinga i gjennomsnittleg energikostnad (LCOE) for viktige fornybarteknologiar, 2009-2017. Solceller (PV), vindenergi og havvind blir stadig meir konkurransedyktig.  Kjelde:

Når kostnadene går ned, går utbyggingstakten opp. I 2017 blei det for tredje året på rad installert meir fornybar enn fossil kraftkapasitet – 157 GW fornybar mot 70 GW fossil (i tillegg kjem 19 GW stor vasskraft). Av dette stod solenergi (PV) for 98 GW og vindkraft 52 GW (inkludert 5 GW havvind).

Same positive utvikling gjeld for batteriteknologi. Kostnadene for ein litium-ion-batteripakke gjekk ned 23 prosent i 2017 – til 209 dollar per KWh. I 2010 ville same pakke ha kosta 1000 dollar, om få år er vi nede i 100 dollar. Dette vil få store konsekvensar, i transport- så vel som i kraftmarknaden.

Fossil vekst

Energistatistikken har også negative nyheiter: Etter tre år med utflating var det mange av oss som trudde den globale utsleppstoppen var nådd. Men i 2017 begynte CO₂-utsleppa igjen å stige – opp 1,4 prosent frå året før.

Hovudforklaring er at den globale energiforbrukets vekstrate meir enn dobla seg i 2017, som resultat av sterk økonomisk vekst og mindre trøkk på energieffektivisering. Alle typar fossile brensler hadde oppgang i 2017:

  • Oljeforbruk + 1,6 prosent – med transport og petrokjemi som vekstdrivarar.
  • Gassforbruk + 3 prosent – på grunn av auka gassbruk i industri og byggsektor.
  • Kullforbruk +1 prosent – eit resultat av kraftig vekst i bruken av kullkraft.

I volum er det særleg dei store vekst-økonomiane i Asia som bidrog til å pressa opp forbruket av kull, olje og gass. 40 prosent av veksten stod Kina og India for. Men det er verdt å merke seg at oljekonsumet vaks i både USA og Europa, mellom anna på grunn av at vi går over til stadig større bilar. Ikkje sidan 2001 har oljetørsten i EU-landa vakse meir frå eit år til eit anna enn i fjor.

For Kinas del skjer veksten i det fossile samtidig som landet sette ny investeringsrekord i fornybar energi. Omtrent annankvar krone investert i fornybar energi i 2017 stod Kina for, og over halvparten av all ny solenergikapasitet blei bygd ut i Kina. Kall det gjerne det grøne skiftets paradoks.

Europa må skjerpe seg

På verdsbasis blei det i 2017 investert 280 milliardar dollar i fornybar energi (storskala vasskraft ikkje inkludert). Det er seks milliardar meir enn i 2016, men godt under rekordåret 2015 (323 milliardar dollar). Etter kraftig vekst i starten av 2000-talet, har fornybar-investeringane dei siste ti åra gått i bølgjedalar. Opp det eine året, ned det andre. Investeringsnivået i 2017 ligg omtrent på same nivå som i 2011.

OPP OG NED: I fjor blei det investert 280 milliardar dollar i fornybar energi. Grafen viser utviklinga samla og per aktivaklasse sidan 2004. Kjelde:

Ein viktig endring er at Kina – sakte, men sikkert – har overtatt Europas rolle som motor for det grøne skiftet. I 2007 stod Europa for 42 prosent av fornybarinvesteringane globalt, Kina 11 prosent. I 2017 var tala 15 prosent for Europa og 45 prosent for Kina. Rollebyttet skuldast ikkje berre at Kina har auka sine investeringar, Europa har også redusert sine.

Europas investeringstopp kom i 2010 og 2011 – med godt over 100 milliardar dollar begge åra. I 2017 var fornybarinvesteringane redusert til 41 milliardar dollar – det lågaste nivået sidan 2005. Frå 2016-2017 hadde Tyskland og Storbritannia – Europas to viktigaste fornybarmarknader – ein nedgang i fornybarinvesteringane på høvesvis 35 prosent og 66 prosent. I Storbritannia gjekk investeringane ned som følge av bortfallet av offentleg støtte til vindkraftprosjekt på land og storskala solcelleanlegg.

KAN EUROPA KOME TILBAKE? Investeringsnivået i Europa har falle kraftig sidan toppåret 2011, mens Kina har teke over rolla som det grøne skiftets motor – med ny investeringsrekord i fjor på 127 milliardar dollar. Kjelde:

Med fornybarinvesteringar meiner vi ikkje berre pengar spytta direkte inn i havvindparkar, solcelleanlegg og den slags. Det inkluderer også støtte til teknologiutvikling, som FoU-midlar og risikokapital. Sjølv om Europa framleis er den regionen som brukar mest på FoU, har nivået lagt nokså flatt sidan 2009. Når det kjem til risikokapital (her: venture capital og private equity) er bildet meir kritisk for Europa. Nedgangen i 2017 var på 26 prosent.

På den andre sida av Atlanteren har investeringane vore meir stabile. Med nokre få unnatak i begge retningar har USAs fornybarinvesteringar vaka rundt dagens nivå på 40 milliardar dollar i året. Det er langt bak Kina – men stadig nærmare Europa.

At Europa (og USA) ikkje har klart å løfta investeringsnivået tiåret vi har bak oss, gir grunn til uro. Fornybar energi er kjenneteikna av høge investeringskostnader (det kostar å bygge og montere vindturbinar i en havvindpark) – og låge driftskostnader (å produsere strøm når det bles er gratis). Kostnadsbildet for eit fossilt kraftverk er motsett (å bygge eit kraftverk er ikkje nødvendigvis så dyrt, men driftskostnadene er høge på grunn av råvarepris og CO₂-avgift). Det siste tiåret har forholda vore svært gunstig for fornybar energi – med store kostnadsreduksjonar, høgt subsidienivå og låge renter. Kostnadene vil også i tida framover falle, men subsidiar vil bli redusert og fjerna og rentene vil truleg gå opp. 10-årsrenta i USA har frå sommaren 2016 til starten av 2018 gått opp frå 2,2 til 3,5 prosent. I verste fall kan det bli vanskelegare – og dyrare – å finansiere fornybarprosjekt.

Tiltak for meir fart

Oppsummert er dette situasjonen i 2018: Farten i energiomstillinga har aldri vore høgare enn no. Sidan 2004 har vi installert 1000 GW i ny fornybar kraftkapasitet – 157 GW av dette kom i fjor. Omstillinga går fort, men likevel for sakte til at vi klarar å levere på det aller viktigaste: utsleppskutt.

Løysinga er finansiell. IRENA-rapporten Global Energy Transformation: A Roadmap to 2050 viser at fornybar energi og energieffektivisering i kombinasjon kan levere 90 prosent av dei nødvendige kutta i energirelaterte CO₂-utslipp. Men for å kome dit må tempoet bli skrudd kraftig opp. Investeringane i fornybar energi og energieffektivisering må doblast samanlikna med nivået i 2015, skriv IRENA.

FRÅ FOSSIL TIL FORNYBAR: I IRENAs vegkart mot 2050 er investeringsnivået i fornybar energi og energieffektivisering omtrent dobla samanlikna med dagens nivå. Investeringane i fossil energi er halvert. Kjelde:

Klimadebatten i Noreg må ikkje bli ein debatt om innsatsen skal skje heime eller ute. At Noreg viser veg og kuttar i eigne nasjonale utslepp raskast mogleg, er sjølvsagt. Men vi må også diskutere korleis vi kan bidra til å få opp farten i det grøne skiftet globalt.

Skogvern i Amazonas er vel og bra, men det bidreg ikkje til energiomstilling. Det kan vi derimot gjere ved å la Oljefondet investere direkte i fornybarprosjekt internasjonalt (vi har ikkje tid til meir utgreiing nå), vri Statoils investeringsportefølje i fornybar retning (i tråd med selskapets kommunikasjonsprofil) og bygge fleire utanlandskablar mot Europa. Som ein start.