Verdas kolkraftkapasitet aukar og Kina er lokomotivet

Den globale kolkraftkapasiteten auka med nesten 50 GW i fjor, og Kina var den viktigaste bidragsytaren. Les også: Klimadom frå Strasbourg får konservative politikarar i Storbritannia til å steile.

I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Mange nye kolkraftverk i 2023

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Kolkraftkapasiteten globalt auka med 2 prosent i 2023, og omtrent to tredelar av kapasitetsauka kom i Kina, ifølgje ein ny rapport frå Global Energy Monitor (GEM). Totalt blei det i fjor bygga kolkraftverk med kapasitet på 69,5 GW, medan 21,1 GW blei lagt ned. Dette er den største årlege auka sidan 2016, og skjer trass i at verdas kolkraftkapasitet bør falle med 6 prosent årleg dersom Parisavtalens mål skal vere innanfor rekkevidde.

GEMs kolkraftdatabase viser at 95 prosent av den globale nettoauken på 48,4 GW i 2023 fann stad i berre ti land – der Kina altså leia an, med Indonesia og India på dei neste to plassane. Av dei ti landa med størst vekst i kolkraftkapasitet er åtte asiatiske. Dei to andre er Hellas (0,7 GW) og Zimbabwe (0,3 GW).

Det er likevel ikkje berre dårlege nyheiter: Nye kolkraftprosjekt utanfor Kina er på veg ned, og når dei lågaste nivåa sidan 2014. USA og Storbritannia leiar an blant landa som legg ned kolkraft utan å bygge nye anlegg. Til The Guardian seier Flora Champenois frå Global Energy Monitor at det generelt haster med å pensjonere eksisterande anlegg og stoppe nye anlegg. Les meir også i Carbon Brief.

Britisk høgreside rasar mot klimadomen

Den britiske høgresida – og London-avisene som høyrer til på høgrekanten – er i opprør etter klimadomen frå Menneskerettsdomstolen i Strasbourg der den sveitsiske organisasjonen «KlimaSeniorinnen» denne veka vann fram. – Britiske konservative er i ferd med å gjere alvor av å trekke seg frå Den europeiske menneskerettskonvensjonen, skriv Politico.

Ifølgje The Daily Telegraph er energiminister Claire Coutinho bekymra over at Strasbourg-domarane «tek over avgjersler som best blir tatt av folkevalde», medan konservative politikarar oppmodar statsminister Rishi Sunak til å trekkje Storbritannia ut av Den europeiske menneskerettskonvensjonen som følge av domen. The Daily Express er skarpare og meiner dommen er «Bonkers» (mentally unbalanced; mad; crazy).

Høyr meir: I denne podkasten har Kirsten Øystese intervjua Hannah Cecilie Brænden, jurist og rådgjevar ved Noregs institusjon for menneskerettar (NIM), om den historiske domen frå Strasbourg.

Nye krav til bønder om å stoppe avskoging

Nye EU-reglar vil stille krav om at bønder må dokumentere at husdyr ikkje beiter på avskoga areal eller vert fôra med soya eller palmeolje som driv avskoging i andre delar av verda.

Politico skriv om denne saka og viser til at mange medlemsland – leia av Austerrikes landbruksminister Norbert Totschnig – vil suspendere og revidere dette regelverket. Målet med reguleringa er å stoppe avskoging både internt i EU og globalt, og reglane skal etter planen tre i kraft til nyttår.

Protest mot nye reguleringar og fordyrande byråkrati, mellom anna knytt til bruk av sprøytemidlar, har vore ein del av grunnlaget for bondeprotestane i Europa i vinter. Dette regelverket aukar krava til dokumentasjon. Politico har intervjua den svenske bonden Elisabeth Hidén som meiner EU først burde konsentrere seg om effektane av fôrimport. Ho viser også til at mange svenske bønder tidlegare har vore oppmoda til å plante skog og må stå fritt til å hogge skogen og ta i bruk dette til beiteareal dersom det er hensiktsmessig.

I serien landbruksnytt tek vi også med at ein regjeringsoppnemnt kommisjon foreslår høgare avgifter på kjøtt i Tyskland. Mens britiske Marks & Spencer vil endre fôret kyrne som leverer mjølk til kjeda sine butikkar et. Dette kan spare metanutslepp tilsvarande 11 000 tonn CO₂-ekvivalentar årleg.

EU skal granske kinesiske turbinprodusentar

Denne veka kunngjorde Europakommisjonen ved kommissær Margrethe Vestager at EU vil granske subsidiering av kinesiske vindturbinprodusentar som konkurrerer i den europeiske marknaden. Granskinga vil dekke vilkåra for utvikling av vindparkar i Spania, Hellas, Frankrike, Romania og Bulgaria, skriv FT. Då Vestager annonserte nyheita sa ho at granskinga skal sørge for at EU ikkje repeterer same feil som då dei tapte solcelleindustrien til Kina.

Til Reuters seier representantar for kinesiske myndigheiter at EU diskriminerer kinesiske selskap, og at dei er skuffa over det dei hevdar er ein proteksjonistisk trend i EU. Bransjeorganisasjonen Wind Europe, som har den danske turbinprodusenten Vestas som medlem, var derimot veldig nøgd med EUs avgjersle. Dei hevdar kinesiske turbinleverandørar opererer med prisar som ligg 50 prosent under prisane til sine europeiske konkurrentar.

Klimaforskar kan ikkje fullt ut forklare ekstremvarmen

Som observante lesarar av Energi og Klima alt har registrert, blei mars den tiande månaden på rad som fekk merkelappen varmaste månad som nokon gong er målt. Samtidig blei mars den tolvte månaden på rad med rekordvarme i hava.

Den profilerte klimaforskaren Gavin Schmidt, som er direktør for NASAs Goddard Institute for Space Studies, seier at forskarane ikkje har alle svara på kvifor den globale gjennomsnittstemperaturen har stige så mykje som han har gjort det siste året.

I ein sak hos ABC News fortel Schmidt at ingen av dei globale analysemiljøa som predikerer global temperaturutvikling kom i nærleiken av fasiten for 2023. Den beste i klassen bomma med nesten 0,22 gradar celsius. Ifølge Schmidt kan forklaringa ligge i modellane, eller at forskarane har lagt til grunn data som ikkje har vore nøyaktige nok. Til dømes kinesiske utsleppstal.

No ser han fram mot sommaren:

– Dei neste månadene blir avgjerande. Om det framleis er store avvik, har vi å gjere med ein systematisk endring og ikkje berre enkeltståande utslag, seier Schmidt.