Tyskland hadde i 2023 den lågaste kolkraft­­produksjonen på 60 år

Solid nedgang både for kolkraft og CO₂-utslepp i Tyskland i fjor. Les også: Storbritannia i rute til å fase ut all kolkraft i 2024.

Godt nytt år til alle faste lesarar av «Fem på fredag» – Energi og Klimas faste spalte der vi presenterer fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Tyskland: mindre kolkraft og lågare utslepp

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Vi har så vidt starta på 2024, men analysemiljø verda over er allereie godt i gang med å publisere klima- og energistatistikk for 2023. Eit av desse er tyske Fraunhofer ISE, som denne veka meldte at kolkraft framleis står for ein betydeleg del av kraftproduksjonen i Tyskland (26 prosent), men at andelen er sterkt fallande. Kolkraftproduksjonen i 2023 var faktisk den lågaste sidan 1960-talet – og det i eit år der tyskarane stengde ned sine siste kjernekraftverk og der produksjonen av gasskraft også gjekk noko ned målt mot året før.

Den viktigaste drivaren er fornybar energi, som kaprar stadig større marknadsdelar. 52 prosent av tyskaranes straumforbruk i 2023 kom frå fornybare kjelder (målet er 80 prosent innan 2030). Særleg sterk er veksten i solenergi: Over 1 million nye solcelleanlegg blei installert i Tyskland i fjor, skal ein tru bransjens eigne tal.

Fraunhofer ISE understrekar i sin analyse at høge straumprisar og mildare vær bidrog til å ta ned straumforbruket generelt i 2023, og dermed også behovet for kolkraft. Redusert tysk industriproduksjon spelte også inn.

Tyskland hadde i 2023 eit kraftunderskot på nesten 12 TWh – og var difor avhengig av kraftutveksling. Dei viktigaste landa som tyskarane hadde netto import av straum frå i 2023, var Danmark (10,7 TWh), Noreg (4,6 TWh) og Sverige (2,9 TWh).

Les også: Førebelse utrekningar av Agora Energiewende viser at fallet i kolkraftproduksjon åleine kutta tyske CO₂-utslepp med 44 millionar tonn i 2023. Clean Energy Wire og Financial Times har meir.

Storbritannia: fossil kraftproduksjon er nå på 1957-nivå

Også i Storbritannia viser statistikken for 2023 at energiomstillinga er godt i  gang. Straumproduksjonen frå fossil energi summerte seg i fjor til 104 TWh – det lågaste nivå sidan 1957, skriv Carbon Brief. 33 prosent av britanes elektrisitetsforbruk vart dekka av fossile kjelder i 2023 – mot 76 prosent i 2008. Kolkraft har i same periode blitt nesten utradert frå den britiske energimiksen. I fjor kom litt over ein prosent av kraftproduksjonen frå kol. Regjeringas mål om å fase ut all kolkraft innan oktober 2024 bør ikkje bli eit problem.  

Det er kombinasjonen redusert kraftforbruk og vekst i fornybar energi som forklarar britanes energitransformasjon. Storbritannia produserte 135 TWh med fornybar straum i 2023 – nok til å dekke 43 prosent av det totale straumforbruket.

Sjølv om det meste av fornybarproduksjonen i Storbritannia i 2023 kom frå vind og sol (82 TWh + 14 TWh), og det er også her at veksten er størst, inkluderer britane biokraftproduksjon i fornybarstatistikken sin (35 TWh). Dette handlar for det meste om brenning av treflis – ein aktivitet som mellom andre Ember har vist er skuld i enorme utslepp av CO₂.   

USA: første storskala havvindpark endeleg i produksjon

Same veke som Equinor og BP gjorde det kjent at dei trekk seg frå ein av dei inngåtte havvindkontraktane med energimyndigheitene i New York, kom nyheita om at USAs første storskala havvindpark så smått har byrja å produsere straum for det amerikanske nettet. Vineyard Wind 1 er lokalisert utanfor kysten av Massachusetts og er eigd av Avangrid (dotterselskap av spanske Iberdrola) og Copenhagen Infrastructure Partners. Når parken er heilt ferdig, vil dei 62 turbinane ha ein samla produksjonskapasitet på 800 MW.

USA ligg langt bak både Europa og Kina når det kjem til havvind, derfor vert produksjonsnyheita til Vineyard Wind 1 sett på som ein historisk milepæl for amerikansk havvindindustri. Joe Bidens mål er at USA skal bygge ut 30 GW med havvindkapasitet innan 2030. Det framstår i dag som lite realistisk. Equinor og BP er langt frå dei einaste havvindaktørane i USA som merkar inflasjon, høgare renter og flaskehalsar i forsyningskjeda. I fjor blei havvindavtalar med samla kapasitet på over 3GW sagt opp, skriv Financial Times.

Les meir: Financial Times har også publisert ein lengre artikkel om havvind – og framtida som ligg i flytande installasjonar.

Gasslekkasjane frå Nord Stream 1 og 2 blei utsleppsbomber

Sabotasjen mot gassrøyrleidningane Nord Stream 1 og Nord Stream 2 hausten 2022 resulterte i eit ekstraordinært metanutslepp frå dansk og svensk territorium på til saman 14,2 millionar tonn CO₂-ekvivalentar (8,4 millionar tonn CO₂e i Danmark, 5,8 millionar tonn CO₂e i Sverige). For dette risikerer både Danmark og Sverige klimabøter av EU, skriv danske Klimamonitor. I EUs klimasamarbeid blir utsleppa av klimagassar gjort opp akkumulert fram mot 2030. Straffa for ikkje å oppnå avtalte utsleppsmål er bøter. Klimamonitor skriv at Danmark allereie er 16 millionar tonn CO₂e i manko for perioden 2021–2030. Å auke underskotet med ytterlegare 8,4 millionar tonn CO₂e, kan fort bli dyrt. Klimaministrane både i Danmark og Sverige har kontakta EU-kommisjonen for å finne «ei lempeleg løysing».  

Større enn Tesla – men kva selskap er eigentleg BYD?

Vi avsluttar i elbilmarknaden: Du har sikkert fått med deg nyheita frå starten av veka om at kinesiske BYD passerte Tesla i fjerde kvartal i fjor som verdas største produsent av elbilar. «Beijing has gone “all in” on electric cars—rattling Washington and Brussels», skriv Foreign Policy. Men kva selskap er eigentleg BYD og korleis har dei hamna øvst på elbiltrona? For å finne svar på dette vil eg anbefale desse artiklane: