Tim Walz blir hylla for klimainnsatsen

I Tim Walz har Kamala Harris vald ein visepresentkandidat med eit solid klimapolitisk rulleblad. Les også: Kina varslar nye klimamål og Trump vil kvitte seg med IEA-sjefen.

Sommarferien er over og det er tid for å starte opp igjen med «Fem på fredag» — Energi og Klimas faste spalte der vi presenterer fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Håpet tent for ein progressiv klimapolitikk etter Biden

Mot dei fleste ekspertanes tips, valde Kamala Harris denne veka Tim Walz som sin visepresentkandidat.  

Den mindre kjende Walz har bakgrunn som yrkesmilitær, lærar og medlem av Kongressen. Sidan 2018 har han vore guvernør i Minnesota, og det er i denne rolla mange meiner han har stått fram som ein svært sterk klimapolitikar. Både i New York Times og Rolling Stone vert demokratanes visepresidentkandidat omtalt som «One of the Nation’s Most Forceful Climate Advocates».

Det aller viktigaste grepet tok han i fjor då han fekk vedtatt ein lov som skal sikre 100 prosent fossilfri kraftproduksjon i Minnesota innan 2040 (mot 54 prosent i 2023). Det er delstatens kraftprodusentar som blir pålagt å oppfylle kravet.  

Fjorårets lovvedtak blei i år følgd opp med ein reform som skal kutte drastisk ned på tida det offentlege brukar på å behandle søknadar om å bygge ut meir fornybar energi. Miljøorganisasjonen Ceres skreiv i bransjebladet Utility Dive før sommaren at Minnesotas fornybarreform kan vere ein modell for resten av landet.

Som første guvernør i Midtvesten har Walz også latt seg inspirere av California i elbilpolitikken.

Lista kunne vore lenger, men poenget er dette: Kamala Harris har med valet av visepresidentkandidat styrka eigen klimaprofil. Og skal vi tru Time, meistrar Walz også kunsten å snakke om klima på ein møte som folk forstår.  

Er alt like positivt? Sjølvsagt ikkje. Bilete som blir teikna av Walz i desse aller første dagane etter VP-lanseringa, er nok i overkant glansa. Heated har forsøkt å balansere intrykket ved å publisere ein artikkel som viser a Walz sin grøne CV også  har stygge «oljeflekkar». Mellom anna skal han i ein tidlegare valkamp ha markert seg som ein sterk motstandar av eit kontroversielt røyrprosjekt for frakt av oljesand gjennom urfolksområde i Minnesota. Men då valet var over, snudde han og fekk prosjektet likevel gjennomført.

Kina varslar innføring av absolutte klimamål

Fram til no har Kina styrt klimapolitikken etter såkalla intensitetsmål, det vil seie mål for utslepp og energibruk som vert sett i samanheng med veksten i BNP. I gjeldande femårsplan, som varer ut 2025, er målet at utsleppsintensiteten skal reduserast med 18 prosent. Energiintensiteten skal ned 13,5 prosent.

Men i Kinas neste femårsplan, som er den femtande i rekka, skal dette endrast, skriv State Council i ein nyleg publisert arbeidsplan. Frå 2026 er planen å introdusere absolutte utsleppsmål, og gradvis skal desse erstatte intensitetsmåla heilt. Bloomberg har meir.

Les også: Ifølgje Carbon Brief gjekk Kinas utslepp av CO₂ ned med 1 prosent i årets andre kvartal – målt mot same periode i 2023. Det er det første kvartalsvise utsleppsfallet sidan pandemien.

IEA-sjef under press – kan miste jobben om Trump blir president

Det internasjonale energibyrået (IEA), som blei oppretta tidleg på 1970-talet for å bidra til auka oljeforsyningstryggleik, har under leiinga til Fatih Birol blitt stadig meir oppteken av energitransformasjonen mot netto null. Det skjer ikkje risikofritt, skriv Financial Times.  

Tidlegare i sommar rykka Birol ut og åtvara oljeindustrien mot at det globale oljeforbruket kan nå toppen alt i 2029 med 105,6 millionar fat per dag. Redusert økonomisk vekst i Kina, og auka opptak av elbilar, er dei viktigaste drivarane for denne utviklinga, meiner Birol.

Denne og liknande IEA-analyser har skapt stor irritasjon blant republikanske politikarar i USA. Visse senatorar har bede USA om å stoppe den amerikanske finansieringa til IEA. FT siterer også kjelder som seier at Trump, som stolt går til val på «drill, baby, drill»,  vil prøve å kvitte seg med Birol om han får ein ny periode som president.

Les også: Nesten 25 prosent av medlemmene av den amerikanske Kongressen, alle republikanarar, trur ikkje på menneskeskapte klimaendringar, skriv The Guardian.

Solkraft + batteri = billeg straum

I Tyskland er det no billegare å produsere elektrisitet frå store bakkemonterte solcelleanlegg, til og med i kombinasjon med batterilagring, enn frå fossile kraftverk (kol og gass). Det viser oppdaterte LCOE-utrekningar gjort av det tyske forskingsinstituttet Fraunhofer ISE. LCOE, som står for levelized cost of electricity, er ei måleining for produksjonskostnad over levealderen til ein bestemt teknologi.  

Bakkemonterte solcelleanlegg og landbasert vindkraft er dei aller mest kostnadseffektive teknologiane for kraftproduksjon i Tyskland, med eit LCOE-intervall på mellom 4,1 og 9,2 eurocents/kWh. Ifølgje Fraunhofer ISE skal kostnadene ytterlegare ned dei neste to tiåra.

Vil du vite meir? Sjekk studien via denne lenka.

Glencore sine aksjonærar seier nei til kol-exit

Gruvegiganten Glencore snur og vil likevel ikkje skilje ut kolaktiviteten i eit eige selskap, slik dei annonserte i 2023. Det er aksjonærane som har fått leiinga til å gjere om på planane. Energikrisa i kjølvatnet av Putins krig mor Ukraina har gjort kol meir profitabelt enn på lenge og Glencore sine aksjonærar vil ikkje gi frå seg dei høge inntektene, skriv The Guardian.   

Snuoperasjonen til Glencore går inn i ei trend frå det siste året der selskap med stor eksponering mot fossil energi no vel å gå tilbake på tidlegare miljølovnader. Tidlegare i vår vart det kjent at både BP og Shell svekker sine tidlegare annonserte klimamål fordi inntektene frå olje og gass framleis er så store.