Solceller på nye hustak blir den nye normalen i Tyskland

SOL PÅ TAK – DEN NYE NORMALEN: Tyskland har mål om 200 GW i installert kapasitet innan 2030 – ein dobling av den førre regjeringas mål. Eit vik grep er å gjere solceller på nye hustak til ein norm. Frank May / NTB
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.
Ny vår for Energiewende
Tysklands klima- og økonomiminister Robert Habeck (Dei Grøne) lanserte denne veka ein klimakrisepakke. Bakgrunnen er at Tyskland ikkje er i rute til å nå eigne klimamål. «Klimapolitikken er utilstrekkeleg i alle sektorar», var bodskapen til Habeck.
For å nå målet om 80 prosent fornybar energi i kraftmiksen innan 2030, samstundes som det samla årlege tyske straumforbruket er venta å auke til rundt 700 TWh, vil regjeringa bygge ut langt meir sol og vind enn det som tidlegare er planlagt.
Også ambisjonane for hydrogenprodusjon blei kraftig oppjustert på tysdagens pressekonferanse. Myndigheitene vil etablere «Carbon contracts for Difference» for å realisere hydrogenpolitikken.
Habeck legg ikkje skjul på at hindrane er mange og høge, men han legg og vekt på moglegheitene:
«Dette er ei stor politisk oppgåve, men ho byr også på enorme moglegheiter for landet og for vår politiske kultur. Vi vil bli eit innovasjonsland igjen, og vi må gjere byråkrati og planleggingsprodukt slankare. Vi vil lære korleis vi forbetrar oss, og kan ein tenke seg ei berre oppgåve enn å ha det politiske ansvaret for dette».
Kva skjer vidare?Den tyske regjeringa arbeider med to politikkpakkar som begge skal leggast fram for det tyske underhuset, Bundestag, i første halvdel av 2022. Målet er få dei vedteke i laupet av hausten slik at dei den nye politikken kan verke frå og med 2023.
Klimasøksmål mot Boris Johnson
For tre månader sidan kunne ein stolt Boris Johnson – som oppspel til klimatoppmøtet i Glasgow - presentere Storbritannias nye netto null-strategi. Denne veka varsla både ClientEarth og Friends of the Earth at dei går til to separate klimasøksmål mot den britiske regjeringa. Dei meiner begge at netto null-strategien ikkje inneheld nok konkrete tiltak som vil bidra til at Storbritannia kuttar utslepp i tråd med forpliktingane i den britiske klimalova. Advokat Sam Hunter er i sitert på at Johnsons «pie-in-the-sky»-tilnærming skyver risikoen over på dei unge og framtidige generasjonar. Mens siterer advokat Katie de Kauwe i Friends of the Earth på at regjeringa har laga ein «imaginary pathway» for utsleppskutt. Begge organisasjonar har tidlegare vunne søksmål mot britiske myndigheiter.
