Slik var EUs kraftproduksjon i 2022

Energikrisa gir ingen ny vår for kolkraft i Europa, men solenergi blir stadig viktigare. Les også: Britisk tankesmie har sett på alternative prismodellar for straum.

«Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I dag har eg plukka ut desse.

Ventar kraftig fall for kol- og gasskraft

Tankesmia Ember har denne veka publisert sin årlege analyse av kraftmarknaden i EU – European Electricity Review 2023. Anbefalinga frå underteikna er sjølvsagt å bla seg gjennom heile den oversiktlege hovudrapporten, men her er ei oppsummering:

  • Kolkraftproduksjonen auka med 7 prosent (+28 TWh) i 2022, medan produksjonen av gasskraft gjekk opp 0,8 prosent (+4,5 TWh).
  • I lys av det store bortfallet av kjernekraftproduksjon (-119 TWh) og vasskraftproduksjon (-66 TWh) samanlikna med 2021, kunne ein ha venta ein kraftigare vekst for fossil energi. 67 prosent av reduksjonen i EUs kjernekraftproduksjon stod Frankrike for, Tyskland 27 prosent.
  • Elektrisitetsforbruket i EU gjekk i 2022 ned med 2,7 prosent samanlikna med året før.
  • 2022 er det første året der solenergi og vindkraft har stått for over ein femdel (22 prosent) av EUs elektrisitetsproduksjon. Landet som har klart mest solkraft i miksen, er Nederland (14 prosent).
  • CO₂-utsleppa frå EUs kraftsektor gjekk i 2022 opp 3,9 prosent målt mot 2021.

Med tanke på kva som vil skje framover, er det interessant å merke seg det skifte som Ember observerte i fjerde kvartal: I alle dei fire siste månadene av 2022 var kolkraftproduksjonen mindre enn for tilsvarande månad i 2021. Elektrisitetsforbruket gjekk i same kvartal ned 7,9 prosent – ein reduksjon som nærmar seg det fallet ein opplevde under nedstenginga i andre kvartal 2020 (-10,2 prosent). Det store spørsmålet er kor mykje av dette som skuldast strukturelle endringar (t.d. effekten av varmepumper og andre investeringar) og kor mykje som har forbigåande forklaringar (som mildver og lågare aktivitet i industrien). Embers forventning er at den fossile straumproduksjonen i EU kjem til å falle kraftig i 2023. Kanskje med så mykje som 20 prosent.

Shell klaga inn for grønvasking

I sin siste publiserte årsrapport skriv Shell at 12 prosent av investeringane i 2021 gjekk til «Renewables and Energy Solutions» – eit forretningsområde som på eigne nettsider vert marknadsført som investeringar i vind, sol elbillading, hydrogen og meir. Men i ein artikkel i The Guardian kan ein lese at organisasjonen Global Witness har funne ut at kun 1,5 prosent av det totale investeringsbudsjettet faktisk går til fornybar energi, som vind- og solkraft. Global Witness hevdar at andelen på 12 prosent som står i årsmeldinga også inkluderer gass. Shell er på grunn av dette klaga inn for amerikanske myndigheiter for grønvasking.

Kva om gass ikkje bestemte prisen på straum?

I Europa er det gasskraft, som i dag er den dyraste krafta å produsere, som set prisen i kraftmarknaden. Dette systemet for prissetting fungerte bra lenge, iallfall fram til gassprisane begynte å stige kraftig i andre halvdel av 2021, og straumprisen følgde etter. No føregår det ein debatt over heile Europa om prisdanninga av straum. Er det mogleg å designe nye modellar som kan hindre at galopperande gassprisar i framtida smittar over på straumprisen?

Onsdag publiserte anerkjende Carbon Tracker Initiative rapporten Marginal Call. Her analyserer dei kva effekten ville blitt dersom Storbritannia hadde gått over til eit prissystem som baserer seg på ein vekta gjennomsnittspris av alle teknologiar som leverer straum til markanden, ikkje berre gasskraft. Konklusjonen er todelt:  

  • Hadde systemet med vekta gjennomsnittspris vore gjeldande i perioden 2021-2022, ville samla straumkostnader vore 7,2 milliardar pund lågare enn det dei var under dagens system.
  • Men: På lenger sikt vil derimot eit system som bygger på ein gjennomsnittspris kun gi billegare straum for forbrukarane dersom gassprisane blir verande høge heile dette tiåret.

Forfattarane sitt utgangspunkt er at forbrukarane må skjermast for effekten av høge gassprisar i framtida, og at myndigheitene må finne verktøy for dette. Dei konkluderer likevel med at kraftmarknaden også framover bør basere seg på dagens marginalkostnadsprinsipp.  

Takkar nei til priskrig med Tesla

Ikkje alle bilprodusentar er interessert i å gå i priskrig mot Tesla, skriv Electrek. Volkswagen-sjef Oliver Blum seier den tyske bilgiganten har ein etablert prisstrategi som dei har tenkt å vere lojal mot – og at fokuset er lønsam vekst framfor priskutt. I 2022 selde Volkswagen 330 000 modellar av ID.4 (+23 prosent samanlikna med 2021).   

Etter at Tesla for få veker sidan annonserte at dei senker prisane på alle modellar, har fleire andre bilprodusentar gjort det same. Mellom andre kinesiske Xpeng, vietnamesiske Vinfast og amerikanske Ford.

Big oil med rekordprofitt

Årsresultata for dei store oljeselskapa har begynt å tikke inn – og det er ingen tvil om at det er ekstremt gode tider. Exxon hadde i 2022 eit overskot på ufattelege 56 milliardar dollar. Det er ny rekord, men som ordtaket seier: Mykje vil ha meir! Exxon bestemte seg på tampen av fjoråret for å saksøke EU fordi dei innførte ein midlertidig solidaritetsskatt for energiprodusentar med superprofitt under Ukraina-krigen.

Også Chevron og ConocoPhillips har levert rekordoverskot. Av dei europeiske selskapa er det berre Shell som har offentleggjort fjorårets resultat. Fasiten blei eit overskot på 40 milliardar dollar . Neste veke ventar BP, TotalEnergies og Equinor.