Noreg kritisert for dobbelmoral i klimapolitikken
Noreg er verdas tiande største eksportør av klimagassar, viser utrekningar gjort av Climate Action Tracker. Les også: Indonesia skal ut av kolkraft på 15 år, og usikre tider for Europas bilindustri.
Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter
I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:
Kvar fredag presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. For nyheiter frå det pågåande klimatoppmøtet i Baku, vil eg anbefale å følgje med på COP-oppdateringane til min gode kollega Olav A. Øvrebø på denne sida. Her er mine fem utvalde saker:
Noreg i selskap med Saudi-Arabia og Russland
Analytikarane i Climate Action Tracker (CAT) kritiserer Noreg og andre fossileksporterande land for dobbelmoral i klimapolitikken. Samstundes som Noreg hevdar å føre ein offensiv klimapolitikk, planlegg vi å vere ein betydeleg produsent av olje og gass også i 2050. Dette er i strid med ambisjonen frå klimatoppmøtet i fjor om at verdssamfunnet skal omstille seg vekk frå fossil energi i energisystema.
Utrekningar frå CAT viser at Noreg, grunna omfattande olje- og gassproduksjon, er verdas tiande største eksportør av klimagassutslepp. Noreg skil seg også ut ved at eksportutsleppa er langt større enn dei territoriale utsleppa.
CAT meiner dette er ein systemfeil, då land som eksportørar av fossil energi ikkje må stå til ansvar for utsleppa eksporten genererer. Dette skaper ein situasjon der forureinaren får betalt, i sterk kontrast til prinsippet om at forureinaren betalar.
- Les også: Er vi på veg vekk frå fossil energi? Det gir Dave Jonas i EMBER svar på i denne innsiktsartikkelen.
Indonesia lover kol-exit innan 15 år
Indonesias president, Prabowo Subianto, kom denne veka med ei lovnad under G20-møtet i Brasil om å stenge ned alle landets kolkraftverk innan 15 år. Også annan fossil kraftproduksjon skal stengjast ned. For å lukkast er Subiantos plan å byggje ut 75 GW med fornybar energi i same tidsperiode.
Bloomberg omtalar Indonesias klimaløfte som «krevjande». I dag kjem 80 prosent av straumen Indonesia produserer, frå kol- og gasskraftverk. Samstundes finst det fleire døme på land som har klart å få til store endringar i kraftmiksen på kort tid. Vi har i denne spalta ofte vist til Storbritannias utfasing av kolkraft, men Indonesia kan òg hente inspirasjon frå andre land. Til dømes har utbygginga av vind- og solkraft i Australia på berre ti år redusert utsleppa frå kraftproduksjonen med 40 prosent. RenewEconomy omtalar det som skjer som ein «stille revolusjon».
Usikre tider for Europas bilindustri
Europas bilindustri strevar med å finne balansen mellom det gamle (bensin- og dieselbilar) og det nye (elbilar). Valet av Donald Trump som USAs neste president gjer ikkje situasjonen betre. Financial Times har ein interessant artikkel om Volkswagen-konsernet som har eit klart mål om å vekse i den amerikanske marknaden – men som no fryktar at særleg to politikkendringar vil gjere målet vanskelegare å nå: bortfall av avgiftsrabatten på opp mot 7500 dollar per elbil og innføring av toll på bilar produsert utanfor USA.
Mykje talar for at elbilrabatten forsvinn. CNBC viser til at dagens elbilrabatt er noko til og med Elon Musk vil ha vekk, sjølv om Ford og GM har rykka ut og åtvara mot å fjerne han. I valkampen brukte Trump millionar av kroner på å presentere Bidens elbilpolitikk som døden for amerikansk bilindustri. Målingar tyder på at dette gav utteljing, særleg i bilproduksjonsdelstaten Michigan, skriv Inside Climate News.
- Les også: Den britiske regjeringa bøyer ikkje av for bilindustriens krav om reduserte bøter dersom dei ikkje når dei vedtekne elektrifiseringsmåla, og Ford kuttar 800 arbeidsplassar i Storbritannia.
Global plastavtale og skuldingar om grønvasking
I skuggen av klimaforhandlingane i Baku blir det òg arbeidd med å få på plass ein global plastavtale. Det har ikkje vore mykje omtale av dette i internasjonal presse denne veka, men måndag skreiv Grist at USA ikkje kjem til å støtte forslaget om å innføre eit tak på global plastproduksjon. Stemmer det, er det i alle fall éin bransje som vil glede seg: oljebransjen!
Ifølgje The Guardian begynte alarmklokkene å ringje hos fleire store oljeselskap då den politiske interessa for å forby visse typar plastprodukt byrja å breie om seg for ein del år sidan. Selskapa meinte at det var plastforsøplinga som måtte adresserast, ikkje plasten i seg sjølv. Difor gjekk fem selskap – ExxonMobil, Dow, Shell, TotalEnergies og ChevronPhillips – i 2019 saman om å etablere The Alliance to End Plastic Waste (AEPW). Organisasjonen lova å fjerne 15 millionar tonn plast frå naturen innan utgangen av 2023.
AEPW klarte å fjerne mindre enn 1 prosent av det dei lova. Den amerikanske kjendisaktivisten Bill McKibben og fleire andre skuldar no oljeselskapa for grønvasking. I same periode som AEPW berre rydda 118 500 tonn plast, produserte dei fem selskapa bak alliansen til saman 132 millionar tonn av to plasttypar som ofte blir knytt til «forsøplingsdebatten»: polyetylen (PE), som blir brukt til plastposar og plastflasker, og polypropylen (PP), som blir nytta til plastemballasje for mat.
Kinas historiske utslepp har passert EUs
Ein analyse publisert denne veka av Carbon Brief viser at Kina ikkje berre har dei største årlege klimagassutsleppa, dei klatrar også på lista over land med største historiske utslepp. I 2023 passerte Kinas akkumulerte klimagassutslepp for første gang EUs, og det er no berre USA som har eit større historisk ansvar for at 94 prosent av 1,5-gradarmålets karbonbudsjett er brukt opp.
Simon Evans og Verner Viisainen i Carbon Brief skriv at Kina neppe kjem til å nå igjen USA, og viser til framskrivingane i siste World Energy Outlook av Det internasjonale energibyrået (IEA).
Dei understrekar også at om ein reknar akkumulerte utslepp per innbyggar, er Kina framleis langt bak EU.
(Red.anm.: Artikkelen ble først publisert 22. november. En unøayktighet ble korrigert og artikkelen oppdatert 25. november.)