Meir kjernekraft blir viktig for Sveriges nye regjering

Ulf Kristerssons nye regjering ønsker storsatsing på kjernekraft i Sverige. Les også: Rekordhøg fornybarproduksjon held CO₂-utsleppa nede og dyr gass gjer grått og blått hydrogen ulønsamt.

Kvar fredag presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde saker:

Skal instruere Vattenfall til å bygge kjernekraft

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Ein av politikarane som har fått mest merksemd i Sveriges nye regjering, er – forutan Moderaternas leiar og statsminister Ulf Kristersson – den nye klima- og miljøministeren Romina Pourmokhtari frå Liberalerna. I tillegg til at Pourmokhtari med sine 26 år er den yngste svenske ministeren nokon sinne, og at ho har vore ein tydeleg kritikar av Sverigedemokraterna, har ho måtte svare for kvifor Miljødepartementet og Næringsdepartementet er slått saman til eit Klima- og næringslivsdepartement. I det nye departementet skal Romina Pourmokhtari ha ansvar for miljø og klima, mens Ebba Busch, Kristdemokraternas partileiar, får ansvaret for energi og næringsliv. Endringa i departementsstruktur har møtt sterk kritikk.

Kva med politikken? Regjeringserklæringa er inngått mellom dei tre regjeringspartia og Sverigedemokraterna. Her er noko av det eg har notert på klima- og energifeltet:

  • Målet  om netto nullutslepp innan 2045 ligg fast.
  • Av reine klimatiltak er det vanskeleg å få auge på det heilt nye. Satsing på karbonfangst og -lagring (CCS) og elektrifisering er kanskje det mest konkrete.
  • Målet om 100 prosent «fornybart» kraftforsyning til 2040 vert endre til 100 prosent «fossilfritt» kraftforsyning.
  • I planlegginga av kraftpolitikken framover vil regjeringa legge til grunn at Sverige vil ha eit kraftbehov på minst 300 TWh innan 2045.
  • Regjeringa er mest konkret i lovnaden om meir kjernekraft. Dei ønsker å redusere fleire av dagens regulatoriske hinder, innføre eit «hurtigspor» for ny kjernekraft i forvaltinga og gjere tilgjengeleg 400 milliardar svenske kroner i statlege garantiar.
  • Tatt i betraktning at dette er ei borgarleg regjering, er det interessant at dei foreslår meir politisk styring av Vattenfall. Dei lovar å «styra Vattenfall i en riktning mot att bli ledande i utbygganden av planerbar, fossilfri elproduktion, med bl.a. direktiv för upphandling av ny kärnkraft». Heilt konkret gir den nye regjeringa Vattenfall marsjordre om å «påbörja planeringen av ny kärnkraft vid Ringhals och andra lämpliga platser.». Vattenfall er for Sverige det Statkraft er for Noreg: statseigd, eit av Europas største energiselskap, men ikkje børsnotert.

Noko anna ein bør vite? Akkurat no er den størte klimasaka i Sverige at regjeringa ønsker  å senke den såkalla reduksjonsplikten  – som er eit teknologinøytralt krav til dei som sel drivstoff om å kutte utslepp (har same effekt som det norske innblandingskravet for biodrivstoff). Motivet til den svenske regjeringa er å senke bensin- og dieselprisane, samtidig som dei seier klimasvaret i transportsektoren er elektrifisering. Men ifølgje Naturvårdsverket kan prisen for redusert reduksjonsplikt bli ein auke i svenske CO₂-utslepp på fem millionar tonn per år.

Vil du ha meir: Måndag presenterte statsminister Kristersson regjeringas politiske prosjekt i Riksdagen. Presentasjonen hans er tilgjengeleg både som opptak og i tekst.

Sol og vind får CO₂-utsleppa ned

Europas CO₂-utslepp ser ut til å falle i 2022, skriv Det internasjonale energibyrået (IEA) i ein analyse publisert onsdag.  For verda samla er utsleppa i 2022 venta å auke med 0,3 milliardar tonn CO₂ – mot 2 milliardar tonn i 2021. IEA understrekar at særleg estimata for kolkraft er usikre – og at forbruket av kol kan vise seg å bli mindre enn det analysen bygger på.

IEA oppgir rekordvekst innan fornybar energi som ei viktig forklaring på at CO₂-utsleppa ser ut til å bli lågare enn det mange av oss hadde frykta. I eit notat som kom måndag la E3G og Ember fram eigne oppdaterte tal for kraftproduksjonen i Europa. Notatet underbygger bodskapen frå IEA om kraftig fornybarvekst: Frå mars til september i år har vind (192 TWh) og sol (153 TWh) til saman produsert 345 TWh – det er 39 TWh meir i same periode i 2021. Til samanlikning har veksten i kolkraftproduksjon i same periode vore på 37 TWh.

Hovudbodskapen til dei to europeiske tankesmiene er at veksten i sol og vind sidan krigen braut ut har fortrengt store mengder gass – som igjen har spart Europa for milliardar av euro i ekstra gassutgifter. Dei meiner EUs medlemsland snarast må vedta Europakommisjonens framlegg, som også har fått Europaparlamentets støtte, om å auke målet om 40 prosent fornybar energi i den totale energimiksen innan 2030 til 45 prosent. Eit slikt mål vil svare til ein fornybarandel i kraftsektoren på 69 prosent, skriv dei.

Kva EU-land bygger ut mest fornybar? I alt 19 EU-land har sidan mars opplevd kraftig vekst i straumproduksjonen frå sol og vind.  Størst vekst målt i TWh har Spania opplevd (+7,4 TWh), med Tyskland (+5,4 TWh) og Polen på plassane bak (+5 TWh). I Polen er det småskala solenergiproduksjon som dominerer veksten.

Tyskland løftar klimafinansiering før COP27

Det er to veker til klimatoppmøtet COP27 tek til i Sharm El-Sheikh i Egypt. Eit hovudpunkt i forhandlingane er oppfølging av løftet som rike land gav tilbake i 2015 om å mobilisere 100 milliardar dollar i året til klimafinansiering, men som ein enno ikkje har levert på. Men ifølgje Financial Times brukar Tyskland no presidentskapet i G7 til å levere på dette løftet. Sjølv har dei presentert tal denne veka som viser at Tyskland er i rute til å nå sitt eige mål om å bidra med 6 milliardar euro til klimafinansiering. I 2021 utgjorde bidraget 5,34 milliardar euro – der halvparten for aller første gang gjekk til klimatilpassing.

Les også: Clean Energy Wire skriv at Oxfam kritiserer rike lands reknemetodar og at energikrisa kan påverka EU-lands vilje til å bidra til klimafinansiering i fattige land.

Spår seksdobling for karbonfangst

Tysdag denne veka opna statsminister Jonas Gahr Støre besøkssenteret til Northern Lights i Øygarden. Opninga markerte at Noreg ligg i front internasjonalt når det kjem til satsing på karbonfangst og -lagring, men heldigvis er vi ikkje åleine. For same dag som Støre var i Øygarden kom BloombergNEF med ein analyse som viser at den globale kapasiteten for karbonfangst er venta å seksdoble seg fram mot 2030 – til 279 millionar tonn CO₂ per år. Sjølv om ein framleis er langt unna det behovet som trengs, som ifølgje BNEF er ein lagringskapasitet på 1-2 milliardar tonn CO₂ i 2030, ligg årets framskriving 44 prosent over fjorårets. BNEF skriv vidare at kraftsektoren vil vere viktigaste brukaren av karbonfangstteknologi i 2030 og at det meste av den fanga CO₂-en vil bli lagra i geologiske formasjonar

Les meir: Bidens klimapakke, med det noko misvisande namnet Inflation Reduction Act, endrar business-caset for karbonfangst og -lagring i USA.

Høge gassprisar trekk investeringar mot grønt hydrogen

Dei høge gassprisane er i ferd med å endre konkurranseforholdet mellom grått/blått hydrogen (der gass er innsatsfaktor) og grønt hydrogen (der innsatsfaktoren er fornybar energi). Det skriv Carbon Tracker Initiative i ein analyse som blei lagt fram torsdag. Dette er nokon av rapportens konklusjonar:

  • Kostnaden for grått og blått hydrogen er no 70 prosent høgare enn før krigen i Ukraina starta.
  • I Asia kostar nyprodusert blått hydrogen 6,4 dollar/kg – om lag 35 prosent høgare enn snittet for grønt hydrogen.
  • Rask utrulling av grønt hydrogen kan presse prisene ned til under 2 dollar/kg før 2030.
  • Carbon  Tracker Initiative åtvarar mot at eigendelar i fossilt hydrogen, særleg i Asia og Europa, risikerer å bli «stranded assets».

Heile rapporten finn du her.