2
4

2
Stillinger
4
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 8. juni 2023
Sist oppdatert 09.06.2023, 12:45
Artikkelen er mer enn to år gammel
Fem på fredag

Klimaendringanes realitetar

2023 blir truleg eit nytt rekordår for skogbrannar i Canada. Les også: Tyskland lanserer ny grøn subsidieordning for industrien, sommarisen i Arktis vil forsvinne og EU sette historisk rekord i mai.
klimaendringanes-realitetar-featured.jpg

SOLA NÅR IKKJE GJENNOM: Røyken frå skogbrannane i Canada har velta ned over USAs austkyst. I New York har luftkvaliteten vore så dårleg at innbyggarane blir bedne om å bruke maske om dei absolutt må ferdast ute. Foto: Seth Wenig/AP/NTB

Publisert 8. juni 2023
Sist oppdatert 09.06.2023, 12:45
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I dag har eg plukka ut desse.

Skogbrannar i Canada og elendig luftkvalitet i USA

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

Få de fem viktigste klimasakene samlet hver fredag.

Vi deler aldri din e-postadresse med tredjeparter.

Denne veka har folk i New York blitt sendt heim frå jobb på grunn av alarmerande dårleg luftkvalitet. Sportsarrangement har blitt kansellert og skular har måtte stenge. Grunn? Røyk frå skogbrannar i Canada.

Det er vanleg på denne tida av året med skogbrannar vest i Canada, men no brenn det også i aust. Årets skogbrannsesong ser ut til å bli den mest alvorlege nokosinne. I mai åleine brann over 26 000 kvadratkilometer med skog, medan gjennomsnittet for same månad dei siste ti åra har vore vel 1 500 kvadratkilometer, skriv Washington Post. For Canada betyr dette ikkje berre store fysiske øydeleggingar, men også ekstra store klimagassutslepp.

Skuldast det klimaendringane?BBC går gjennom det spørsmålet grundig. Men kort forklart: Skogbrannar kan oppstå på mange måtar og er ikkje ein direkte konsekvens av klimaendringane. Men omfanget av brannane og kor raskt dei spreier seg vert påverka av klimarelaterte faktorar som tørr vegetasjon og høge temperaturar. Skogbrannane i Canada kan difor seiast å vere eit varsel om kva vi har i vente. Eller som fleire ekspertar formuler det til The Guardian: Vår nye klimarealitet.

Tyskland innfører differansekontraktar for karbon

Tyskland skal etablere ei heilt ny subsidieordning som skal fremje klimavenlege industriprosessar – såkalla Carbon Contracts for Difference (CCfDs). Det er Clean Energy Wire som melder dette. Ordninga går ut på at produsentar av til dømes stål, sement, papir og kjemikaliar, og som er interessert i offentleg støtte til klimatiltak , må melde inn kor mykje dei vil trenge i subsidiar for å fjerne eitt tonn CO₂. Dei som leverer dei lågaste boda, får tilbod om ein 15 år lang differansekontrakt med staten. Nivået på støtta vil vere differansen mellom innmeldt subsidiebehov og faktisk karbonpris i marknaden. Skulle karbonprisen derimot stige over innmeldt subsidiebehov, er det industriaktøren som må betale differansen til staten. Ordninga rettar seg ikkje berre mot dei største industriaktørane, men også små- og mellomstore verksemder som slepp ut meir enn 10 000 tonn CO₂ per år.

I tillegg til å få fart på avkarboniseringa av tysk industri, er subsidieordninga på 50 milliardar euro også meint å vere ein respons frå tyske myndigheiter på Bidens store grøne subsidiepakke, Inflation Reduction Act (IRA).

For seint å redde sommarisen i Arktis

Eit fenomen som ER direkte lenka til menneskeskapt global oppheting, er issmelting i Arktis. Sidan ein starta med satellittmålingar i 1979 har sommarisen i Arktis blitt redusert med 13 prosent.

I ein ny studie publisert i Nature (abo), konkluderer forskarar at sommarisen i Arktis (målt i september) vil forsvinne uansett. Dersom dagens utsleppsutvikling held fram, kan det skje alt på 2030-talet, skriv The Guardian.

Forskaranes definisjon på eit «isfritt» Arktis er at isdekket dekker mindre enn ein million kvadratkilometer, omlag 7 prosent av havområdet. Det lågaste nivået som nokon gong er registrert, blei målt i september 2012. Då dekka den arktiske sommarisen 3,4 millionar kvadratkilometer. Dei to andre rekordane er frå høvesvis 2020 og 2019.

Når sjøisen smeltar i Arktis, vert meir av varmen frå sola absorbert i havet, som igjen forsterkar oppvarminga og issmeltinga.

Utfasing av olje og gass?

I Bonn har det vore førebuingssamtalar om haustens klimatoppmøte (COP28). Der presenterte Climate Action Tracker (CAT) ein rapport om behovet for å setje utfasing av olje og gass på agendaen. CAT viser til at verda har funne nok olje og gass om ein skal nå 1,5-gradarsmålet, men at ingen av dei store oljeselskapa viser teikn til å ville snu investeringsprofilen vekk frå det fossile. Snarare tvert imot. Rapporten meiner velståande oljeprodusentar har eit ekstra ansvar og kjem med ei særskilt oppmoding til Noreg.

COP28 går av stabelen 30. november til 12. desember i Dei sameinte arabiske emirata. Majid Al Suwaidi, som er sjefsvert for møtet, framstår lunken til CATs agendaforslag.

EU sette fornybarrekord i mai

Vi avsluttar med ein skikkeleg gladsak: I mai produserte EU meir straum frå vindturbinar og solcellepanel enn frå alle fossile kjelder til saman i ein heil månad. Det viser fersk statistikk frå tankesmiaEMBER. Totalt produserte sol og vind 31 prosent av straumproduksjonen i mai, medan fossil energi nådde 27 prosent. Ekstra gledeleg er det at kolkraftproduksjonen nådde eit historisk lågt nivå med 10 prosent. Solenergiens marknadsdel var til samanlikning på 14 prosent. Ser ein på perioden januar-mai, så har produksjonen av kolkraft falle med 20 prosent samanlikna med same periode i 2022. For gasskraft er reduksjonen på 15 prosent.

Les også: Ørsted og Vesta inngår samarbeid om å produsere vindturbinar med lågkarbon-stål og resirkulert materiale.

ANNONSE
Bluesky

Les også

Sikkerhetsfolk og demonstranter støter sammen i et overfylt innendørsrom, der folk dytter og rekker opp hendene, noe som skaper en anspent atmosfære.

Frustrerende rapporter i Belém: Vi gjør ikke nok

Vi styrer fortsatt mot 2,6 graders oppvarming, men endelig er det noen som skryter av Norges klimamål: Climate Action Tracker gir oss pluss i margen. Les også om oljeboom i Sør-Amerika, sikkerhetstrusler på Island, ekstremvær i Asia og metanpolitikk i trøbbel.
14. november 2025
Les mer
To menn i dress, den ene vinkende, står utendørs mens folk i forgrunnen holder opp gule og røde blomsterbuketter.

Kina skuffer, men rykker fra

Denne ukens fem utvalgte: Kinas klimamål skuffer, Sverige bommer helt på sine, Brasil tar initiativ, kloden er i dårlig form og klimatilpasset sopp blir farligere for helsen.
26. september 2025
Les mer

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Ledige stillinger i det grønne skiftet

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen EU-regelverk, energieffektive produkter og fornybar energi
Oslo, Trondheim
Frist: 11.03.2026
kaffepause kontor kollegaer