Grøn handelskrig trugar forholdet mellom EU og USA

USAs satsing på grøne subsidiar kan utløyse handelskrig over Atlanteren. Les også om det viktige naturtoppmøtet COP15, salsrekord for varmepumper, biomasse-kritikk og slaveri i grøne verdikjeder.

I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I dag har eg plukka ut desse.

Risiko for grøn handelskrig

I samband med det franske statsbesøket i USA har Emmanuel Macron denne veka åtvara amerikanarane mot ein klimapolitikk som diskriminerer europeisk industri. Ifølgje Macron kan dette bidra til å «fragmentere vesten».

Bakgrunnen for Macros kritikk er denne:  Joe Bidens grøne satsingar gjennom politikkpakken «Inflation Reduction Act» bygger på eit svært omfattande støtteprogram med store subsidier mellom anna til elbilar. Prinsippa bak den amerikanske klimapolitikken er annleis enn i Europa. Medan EU gjennom kvotesystemet og andre tiltak pålegg verksemder å betale for utsleppa sine, er CO₂-prising bannlyst i USA. Der har subsidiar og statsstøtte vist seg å vere einaste farbare veg til ein skjerpa klimapolitikk. Og subsidiane er målretta mot amerikansk industri.

Med frykt for at investeringar flyttar frå Europa til USA tok den tyske økonomiministeren Robert Habeck under ein konferanse nyleg til orde for «a robust European response». EU-kommissær Margrethe Vestager er derimot ingen tilhengar av å gå til subsidiekrig mot USA, mens Al Gore ber partane om å samarbeide. Eit land som risikerer å hamne i ein alvorleg skvis om konflikten skulle spisse seg til mellom EU og USA er Storbritannia.

Kva skjer no? Det er openberre spenningar mellom EU og USA, men etter møtet mellom Macron og Biden var tonen litt meir diplomatisk. Biden opna også for å gjere justeringar for å tilfredsstille allierte.  Tida vil vise kva det inneber, og om det er nok for å unngå ei eskalering.

Les også:  Kva blir Europas svar på USA grøne subsidiar?

Ei veke til naturtoppmøte startar i Montreal

Frå eit toppmøte til eit anna – frå Egypt til Canada: 7. desember startar det viktige naturtoppmøtet i Montreal (COP15). Ambisjonen med det to veker lange møtet er å få til ein internasjonal avtale for stans og reversering av naturtapet – med konkrete mål både for 2030 og 2050. Eit av spørsmåla før møtet er om ein kan finne fram til konkrete mål for vern av natur som svarar til klimafeltets 1,5-gradarsmål. The Guardian nemner to tema som blir interessante å følgje i forhandlingane: 30×30-målet (vern av 30 prosent av arealet på land og 30 prosent av arealet til havs) og konseptet med «naturpositivitet». Reuters har publisert ein meir generell omtale av toppmøtet.

Sjølv om møtet (på grunn av Covid-19) finn stad i Montreal, er det Kina som har COP15-presidentskapet.  

Varmepumpesalet mot nye rekordar

Den globale energikrisa driv opp salet av varmepumper og ligg an til å nå nye rekordnivå i 2022, slår IEA fast i ein fersk spesialrapport om varmepumpemarknaden. I 2021 auka salet av varmepumper i verda med nesten 15 prosent. Det er det dobbelte av gjennomsnittet det siste tiåret. Ifølge IEA kan varmepumper redusere globale CO₂-utslepp med minst 500 millionar tonn i 2030. Det svarar til det årlege CO₂-utsleppet frå alle bilar i Europa i dag.

EU ligg over verdsgjennomsnittet:  I 2021 auka salet her med 35 prosent, og i einskilde europeiske marknader dobla salet seg i første halvår 2022 samanlikna med same periode i fjor. IEA spår at det årlege salet av varmepumper i EU kan stige til sju millionar innan 2030 – opp frå to millionar i 2021.

Meir kritikk mot bruk av biomasse

Biomasse vert rekna som nullutslepp når det vert brent, anten det skjer i kraftverk eller i forbrenningsmotorar. Denne rekneskapsregelen møter stadig sterkare kritikk, mellom anna i ein ny artikkel i Nature. Her vert det vist til korleis EU «outsourcer» store utslepp ved å legge beslag på areal i andre delar av verda. I perioden 2012-20 vert dette «handelsunderskotet» vurdert til å utgjere omkring 400 millionar tonn CO₂-ekvivalentar.

Det er arealbruk knytt til produksjon av råvarer til landbruksproduksjon og bioenergi som er årsaka til at EU har eit slikt underskot. Som eit rekneskapsdøme vert det vist til at ved å kutte 85 prosent av EUs forbruk av biodiesel og halvparten av USAs bruk av etanol, kunne all Ukrainas eksport av korn og matoljer erstattast.

Ifølge Nature-artikkelen ville den enklaste måten for EU å rette opp effektane av rekneskapsfeila vere å slutte å rekne biomasse frå energivekstar og hausting av skogressursar som karbonnøytrale.

Slaveri i fornybare verdikjeder

Solceller , elbilbatteri og vindturbinar bør leverast med eit sertifikat som viser opprinningsland. Det meiner australske Clean Energy Council, som i ein ny rapport har avdekka at mange av dei grøne verdikjedene har store problem med tvangsarbeid og slaveri. The Guardian nemner i sin omtale av rapporten særleg tre problematiske område:

  • Solcelleproduksjon i Xinjiang-provinsen i Kina.
  • Kobolt-utvinning i Kongo (elbilar).
  • Balsatre-hogst i Sør-Amerika (vindkraft).

Rapportforfattarane innrømmer at ei sertifikatordning er krevjande å få til, men understrekar at land som Australia, som er godt i gang med eit grønt energiskifte, har eit ekstra ansvar for å bidra til at dei nye verdikjedene er «slaveri-frie».