2
2

Støtt oss
2
Stillinger
2
Klimakalender

Om oss

Om oss
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 1. august 2019
Sist oppdatert 10.8.2019, 10:30
Artikkelen er mer enn to år gammel
Fem på fredag

Polsk domstol seier nei til nytt kolkraft­verk

Kolkraft i Europa møter sterk motstand om dagen. Denne veka vart det kjent at ein domstol i Polen set ein stoppar for Eneas planar om å investere i det som skulle bli Polens siste kolkraftverk. Domstolen meiner kolkraft er dårleg butikk og ikkje i aksjonæranes interesse.

Coal power plan

FINANSIELL KLIMARISIKO: Client Earth har fått medhald i ein distriktsdomstol i Polen om at Eneas planar om å investere i eit nytt kolkraftverk ikkje er i aksjonæranes økonomiske interesser. Foto:

Publisert 1. august 2019
Sist oppdatert 10.8.2019, 10:30
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Fem på fredag er tilbake frå sommarferie. Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Kolkraftinvestering kjend ugyldig av polsk domstol

Organisasjonen Client Earth har vunne ein ny klimarettssak. Denne gongen mot det polske statskontrollerte energiselskapet Enea. Saka gjaldt Eneas avgjersle frå 2018 om å gå saman med selskapet Energa, også det statseigd, om å bygge kolkraftverket Ostroleka C i nord-austlege Polen til 1,2 milliardar euro. Kraftverket skulle ha ein kapasitet på 1GW og stå ferdig i 2023. Client Earth gjekk til sak som aksjonær i Enea. Organisasjonen hevda at det planlagde kolkraftverket ville bli eit tapsprosjekt i møte med billegare fornybar energi og høgare karbonprisar, og at investeringa difor ville skade aksjonæranes økonomiske interesser. Kva konsekvensar dommen får, og om tapande part vil anke, er framleis uvisst. Til Financial Times oppmodar advokat Peter Barnett Enea og Energa om å stoppe kolkraftplanane. «This is an excellent result for Enea’s shareholders and for the climate. The plant is a stranded asset in the making, facing clear and well-documented financial risks», uttalar han. Fleire detaljar om saka finn ein på nettsida til Client Earth.

RWE stenger kolkraftverk i Storbritannia

Prisen for utsleppskvotar har aldri vore høgare enn no, viser Klimavaktens oversikt. Med prisar opp mot 30 euro per tonn CO₂ byrjar det som lenge har blitt omtalt som Europas viktigaste klimatiltak endeleg å verke. Torsdag offentleggjorde den tyske energigiganten RWE at dei våren 2020 vil stenge ned kolkraftverket Aberthaw B (1,56 GW) i Wales. «It has been clear for some time that the market conditions for coal-fired power generation in the UK have been challenging», skriv selskapet på nettsidene sine. Etter nedstenginga av Aberthaw B vil det berre stå att fire kolkraftverk i Storbritannia, meldar Carbon Brief. Tidlegare i sommar publiserte Sandbag ein analyse som viste at Europas kolkraftproduksjon i første halvår 2019 gjekk ned heile 19 prosent samanlikna med same periode i fjor. I Tyskland var reduksjonen på 22 prosent. Halvparten av av den forsvunne tyske kolkrafta blei erstatta med gass, den andre halvparten med vind og sol.

Varslar batterirevolusjon

Energiomstillingas sterkaste drivar er fallande kostnader for sol, vind og batteriteknologi. Frå 2010 til 2018 fall kostnadene for ein litium-ion-batteripakke med 85 prosent. Mot 2030 vil batterikostnadane gå ned ytterlegare 50 prosent, skriv Bloomberg New Energy Finance (BNEF) i ein ny rapport publisert 1.august. Bak konsulentselskapets analyse ligg forventningar om kraftig vekst i bruk av batteri i to marknader: stasjonær lagring og transport. BNEF trur verdas batterilagringskapasitet i kraftsektoren vil auke frå 9 GW i 2018 til 1095 GW i 2040, og at elbilar om tjue år vil utgjere ein tredel av verdas samla personbilpark. CleanTechnica peiker på at BNEF utelukkande fokuserer på litium-ion-batteriteknologi. Viktige laringsmedium som pumpekraftverk og hydrogen er ikkje med i analysen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sibir i brann – Putin erklærer nasjonal krise

Skogbrannar i Sibir er ikkje uvanleg på denne tida av året, men omfanget i år er mykje større enn tidlegare. Eit område like stort som Belgia står no i flammar og Putin har erklært nasjonal krise i fem sibirske regionar, kan ein denne veka lese i storaviser som New York Times og Financial Times. Brannane kan observerast frå verdsrommet og røyken har ifølge NASA nådd både USA og Canada. Årsakene til skogbrannane er heilt klart klimarelaterte. Temperaturen i Sibir var i førre månad åtte gradar celsius varmare enn gjennomsnittet, meldar Inside Climate News.

Klimakritikk mot Joe Biden

Vi avsluttar i USA – og kampen om å bli demokratanes presidentkandidat i 2020. Onsdag kveld fann den andre tv-debatten mellom kandidatane stad og nettstaden Mother Jones publiserte like etter ein analyse av den delen av debatten som handla om klimapolitikk. Det same gjorde E&E News. Mannen som leiar meiningsmålingane, tidlegare visepresident Joe Biden, fekk hard kritikk for ambisjonsnivået på klimafeltet. Bidens klimaplan inneheld mellom anna lovnad om å doble havvindinvesteringane, bygge 500 000 ladestasjonar for elbilar, auke forskingsinnsatsen innan cleantech og fjerne subsidiar for fossil energi. Ifølge Washington-guvernør Jay Inslee er dette vel og bra, men altfor lite og altfor seint. Han var heller ikkje imponert over Bidens lovnad om umiddelbart å stille seg bak Paris-avtalen om han blei president. The Guardian er meir positiv i omtalen av Bidens innsats, sjølv om han fekk mange angrep under debatten. «At the end of it all, Biden was still standing. For sure, there was blood on the carpet and he could hardly pretend to casually brush dirt off his shoulder. But the former US vice-president’s supporters will be consoled that he survived the onslaught and avoided another flop like the first debates in Miami that could have seen support and donor money drain away.»

ANNONSE
Bluesky

Les også

Tre store skorsteiner sender ut tykk, hvit røyk mot en disig himmel over et industrianlegg, med omkringliggende bygninger og kraftledninger synlige i forgrunnen.

Har Kina nådd utslippstoppen?

Det skjer noe med utslippene i Kina for tiden. Men er det for tidlig å juble? Cicero-forsker Glen Peters tror det.

17. september 2025
Les mer
To arbeidere installerer ledninger til solcellepanelene som er montert på taket av et murhus under en overskyet himmel.

Spansk vekst i solenergi gir kutt i fossil energi

Denne ukas fem utvalgte nyheter: Spansk sol slår gass og kull, ekstrem skogbrann-sommer i Europa, blackout i 50 grader i Irak, sterk interessekamp om plast og forhåpentlig siste fase med nye kullkraftverk i Kina.

15. august 2025
Les mer
En gruppe mennesker protesterer utenfor en historisk bygning med skilt om klimatiltak; på en stor plakat står det: "Domstolene har talt. Loven er klar. Statene må HANDLE NÅ.

Klimaansvar i folkerettens lys

Avgjørelsen fra Den internasjonale domstolen om staters ansvar for klimaendringer må leses som både et pressmiddel og en plikt. Presset på Norge for raskere utfasing av olje og gass vil øke, skriver advokat Jan Borgen.

14. august 2025
Les mer
To menn i dress håndhilser og har øyekontakt på en scene med et blått bakteppe og et amerikansk flagg delvis synlig i bakgrunnen.

Trump til frontalangrep på klimavitskapen

Denne vekas fem utvalde nyheiter: Trump vil fjerne grunnlaget for klimatiltak, utlån til fossil energi fell, ny elbilstøtte i Storbritannia, kostbare skogbrannar og klarsignal for CCS i Tyskland.

8. august 2025
Les mer
ANNONSE
Ledige stillinger i det grønne skiftet

Klimaetaten i Oslo kommune ser etter sin neste klimarådgiver transport

Dette er stillingen for deg som er klar for en viktig rolle
Oslo kommune
Frist: 6.1.2026
Flyfoto av et bykryss med en blå trikk, omkringliggende høsttrær og bygninger under en klar himmel.

Vil du jobbe med klima og jordbruk?

Miljødirektoratet søker etter rådgivere med analytiske evner
Oslo
Frist: 4.12.2026