Historisk klimadom frå Nederland kan få konsekvensar for Noreg
Tingretten i Haag har dømt Nederlands regjering til å gjennomføre større CO₂-kutt enn planlagt.
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker innan klima- og energifeltet frå veka som er gått. Her er sakene eg har merka meg dei siste dagane.
Nederland dømt til å kutte meir CO₂: Onsdag 24. juni blei den nederlandske regjeringa dømt av tingretten i Haag til å gjere meir for å redusere landets klimagassutslepp. Det var miljøstiftelsen Urgenda og 900 enkeltpersonar som hadde stemna regjeringa for retten. Dommen slår fast at Nederlands samla utslepp må reduserast med minst 25 prosent av 1990-nivå innan 2020. Dette bygger på internasjonalt anerkjente vurderingar om at industrialiserte land i denne perioden bør kutte utsleppa med 25-40 prosent om ein skal halde tritt med togradarsmålet (IPCC AR4/2007). Nederlands gjeldande klimatiltak vil i beste fall redusere utsleppa med 17 prosent.
Dommen er interessant lesing også for eit internasjonalt publikum. Ikkje minst fordi han så klart slår fast at alle land – også dei små – har ansvar for å kutte eigne nasjonale utslepp:
«The fact that the amount of the Dutch emissions is small compared to other countries does not affect the obligation to take precautionary measures in view of the State’s obligation to exercise care. After all, it has been established that any anthropogenic greenhouse gas emission, no matter how minor, contributes to an increase of CO₂ levels in the atmosphere and therefore to hazardous climate change».
Ifølgje the Guardian bygger resonnementa i dommen på tenkinga i The Oslo Principles on Global Climate Change Obligations som leiande jussekspertar lanserte tidlegare i år.
Det er enno ikkje klart om regjeringa vil anke dommen, som mange trur vil inspirere til klimasøksmål i fleire land.
Airbnb for bileigarar: Med programmet Peer-2-Peer Car Sharing tek Ford steget inn i deleøkonomien. Ideen er å la bileigarar tene pengar på å leige ut bilen når ein sjølv ikkje brukar han. Førebels blir programmet testa ut i utvalde amerikanske byar og i London.
Inntektene opp og kostnadane ned for britisk havvind: The Crown Estate meldar i ein ny rapport om rekordinntekter frå havvind-parkane i Storbritannia, og minst like gledeleg: arbeidet med å få ned elektrisitetskostnaden frå havvind til under £100 per MWh innan 2020 er i rute. Storbritannia har ambisiøse planar for havvind og passerte nettopp 5 GW i installert kapasitet. Det er omtrent halvparten av all havvindkapasitet i Europa.
Kolkraftverk blir grønt datasenter: Den amerikanske kolkraftindustrien er under press i USA etter at forureiningstilsynet EPA i fjor bestemte at kolkraftverka må kutte utsleppa med opp mot 30 prosent innan 2030, samanlikna med 2005-niva. Men no kjem det gode nyheiter frå ein av statane som blir tvinga til å stenge kolkraftverk – Alabama. Google offentleggjorde denne veka ein avtale som skal gjere eit kolkraftverk om til datasenter – drifta på 100 prosent fornybar energi. Dette blir Googles fjortande datasenter globalt.
Meir polsk kol om «Lov og Rettferd» vinn valet: I oktober er det parlamentsval i Polen. Det største opposisjonspartiet – Lov og Rettferd – lovar å kjempe imot det dei kallar EUs dogmatiske syn på avkarbonisering, ifølgje denne Bloomberg-artikkelen. Polens elektrisitetsmiks inneheld 90 prosent kol og Polen blir rekna som EUs største bremsekloss i klimapolitikken. Lov og Rettferd går og til val på sterkare statleg støtte til polsk kolindustri – inkludert bygging av nye kraftverk (for det meste kol) med samla kapasitet på 6-8 GW.