1380 nye kolkraftverk under bygging eller planlegging

Ny rapport hevdar kolkraftverk med ein samla kapasitet på 670 GW er under bygging eller planlegging rundt om i verda. Neste veke kjem FNs klimapanels spesialrapport om 1,5°C – som oppfølging av Parisavtalen.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Kolkraft trugar Parisavtalen: Torsdag publiserte tyske Urgewald og 28 andre internasjonale NGO’ar ei oppdatert liste over verdas 120 største kolkraftutbyggarar. Lista viser at 1380 nye kolkraftverk er under bygging eller planlegging i 59 land. Blir alle realisert betyr det over 670 GW i ny kolkraftkapasitet på verdsbasis. Av dette står Kina for 254 GW, India 84 GW og Japan 29 GW. I Urgewalds regionale oversikt kan ein også lese at kolkraftverk er under utvikling i 18 afrikanske land. 11 av desse har ingen kolkraftverk i dag. Ein viktig drivar mange stader er ønsket om meir gruveaktivitet. 46 av dei 120 undersøkte selskapa er også råvareprodusentar. På finansieringssida finn ein ofte statlege eksportkredittbyrå frå Kina, Japan og Sør-Korea, skriv Bloomberg. Om ein likevel skal peike på noko positivt, så er det at fjorårets gjennomgang viste meir enn 1600 nye kolkraftverk under bygging eller planlegging fordelt på 62 land, med samla kapasitet på over 840 GW. Årets oppdaterte Coal Plant Developers List (CPDL) finn du på www.coalexit.org/database

Viktig spesialrapport frå FNs klimapanel (IPCC): Denne veka har fleire titals klimaforskarar og myndigheitspersonar frå heile verda vore samla i Incheon i Sør-Korea for å finslipe på formuleringane i det som vert rekna som den viktigaste klimarapporten på mange år – IPCCs spesialrapport om kva som skal til for å avgrense temperaturstiginga til 1,5 eller 2°C. Rapporten «Global Warming of 1.5 ºC» vert offentleggjort 8. oktober og vil gi oss vitskapens skildring av gapet mellom der vi står no og der vi har mål om å vere, og presentere ulike utsleppsbanar som vil vere i tråd med Paris-avtalens ambisjonar. BBC omtalar rapporten som «Life changing», mens Washington Post skriv at forskarane strevar med å finne rette ord til å skildre dei dårlege klimanyheitene. Uansett kva som blir det endelege ordvalet, kan vi vente oss ein rapport som vil stresse behovet for raske og store utsleppskutt. For å forstå kva prosessar som ligg bak IPCCs arbeid, ta ein kikk på Understanding the IPCC Special Report on 1.5°C som WMO og UNEP gav ut denne veka. På sosiale medier er det emneknaggen #SR15 som gjeld.

Mot tøffare utsleppskrav for bilindustrien i EU: Samtidig som Paris Motor Show opna denne veka , debatterte Europaparlamentet kommisjonens forslag om å kutte CO₂-utsleppa frå nye bilar og varebilar med 30 prosent innan 2030. Med 389 mot 239 røyster gjekk parlamentarikarane inn for å heve kravet til 40 prosent innan 2030 (og 20 prosent innan 2025) – med 2021 som referanseår. Vedtaket har fått bilindustrien til å steile. Reuters siterer tysk bilindustri som kallar det «fullstendig urealistisk». Vedtaket må sjåast på som posisjonering frå Europaparlamentets side før dei komande forhandlingane med Rådet og Kommisjonen. På motsett banehalvdel står tyske myndigheiter som i spørsmål som dette opererer som bilindustriens forlenga arm. Meir støtte er det å hente frå land som Frankrike, Storbritannia og Danmark. Sistnemnte vil forby sal av nye fossilbilar i 2030, sa statsminister Lars Løkke Rasmussen (V) i opningstalen til Folketinget tysdag.

Klima ignorert i det amerikanske mellomvalet: «The Trump administration knows the planet is going to boil. It doesn’t care». Slik startar den amerikanske skribenten og klimaaktivisten Bill McKibben eit innlegg publisert av The Guardian tysdag. McKibben refererer til førre vekes nyheit der Trump-administrasjonen bestemte seg for å stanse utsleppskrava som Obama innførte for nye bilar selt etter 2020, og brukte som argument at verda uansett er på veg mot fire gradars oppvarming. Ein skulle tru at episodar som dette, saman med Trumps øvrige politiske reverseringar på klimafeltet, og alle naturøydeleggingane som har funne stad den siste tida, ville tvinge klima fram som tema i valkampen. Men slik er det ikkje, skriv New York Times. Dei gongane klima vert nemnt er det som oppramsing av mange ulike saker som kandidaten meiner er viktige. Til og med den grøne superdonoren Tom Steyer har i år nedprioritert klima i sine kampanjar. Forklaringa er at det er andre saker som er viktigare for veljarane, seier han til avisa. I undersøkingar der veljarane blir bedne om å rangere sine viktigaste saker, får klima nesten aldri meir enn 7-10 prosent av røystene. Årets mellomval finn stad 6. november.

Fornybar gruvedrift: Onsdag publiserte Financial Times ein interessant temaartikkel om fornybar gruvedrift. Å grave ut mineralar er svært energikrevjande, og gruvene kan gjerne vere i drift 24 timar i døgeret, 7 dagar i veka. Energi kan stå for så mykje som to tredelar av driftskostnadane. Med det bratte kostnadsfallet som har vore på solenergi og vindkraft dei siste åra, har det å erstatte fossile energi med fornybar kraft blitt eit opplagt grep for stadig fleire gruveselskap som ønsker betre kostnadskontroll. Artikkelen viser til store selskap som Antofagasta og Newmont Mining som anten forsøker å kople gruvedrifta til det lokale straumnettet, eller sikre straumforsyninga ved hjelp av eigne solceller og batteripakkar i nærleiken av gruva. Gruveselskapa merkar også auka press frå kundar – som t.d. elbilprodusentar – som ønsker produksjon basert på fornybar energi.