EU slår klimaalarm
Vi må ikkje la oss lure til å tru at ekstreme flaumar og skogbrannar er tilfeldige hendingar. Det er den nye normalen, åtvarar EU. Les også: Vi brukar 1,5 oljefond i året på klimafiendtlege subsidiar.
Kvar fredag presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Her er mine utvalde.
Klimaendringane kostar oss stadig meir
Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter
I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:
Europa har igjen fått smake på effektane av varmare og våtare klima:
- Sentral-Europa opplever no sin verste flaum på minst to tiår. Med stormen «Boris» fekk delar av Austerrike, Tsjekkia, Ungarn, Polen, Romania og Slovakia fem gongar så mykje nedbør som det som er snittet for heile september på berre fem dagar. Titals menneske har omkomme og dei fysiske øydeleggingane er store. Utover i veka har «Boris» også spreitt seg til Nord-Italia.
- Sørvest i Europa er det heilt andre utfordringar: I Portugal har kombinasjonen av varme, tørr vegetasjon og vind resultert i ekstremt gunstige forhold for skogbrannar – som no herjar nord i landet. I tillegg til at store skogområde er brent ned, har flammane i Portugal, på same vis som vassmengdene lenger aust i Europa, kravd sine liv. Statsminister Luís Montenegro har erklært katastrofetilstand.
EUs kommissær for krisehandtering, Janez Lenarčič, åtvarar mot å sjå på det som no skjer i Sentral-Europa og i Portugal som tilfeldige hendingar: «Make no mistake. This tragedy is not an anomaly. This is fast becoming the norm for our shared future», siterer nyheitsbyrået AP han på.
Ifølgje Lenarčič er Europa det kontinentet som no opplever raskast oppvarming – og dei nasjonale kostnadene knytt til katastrofehandtering blir stadig større. I 1980 var gjennomsnittskosten for å handtere naturkatastrofar 8 milliardar euro per år. I 2021 og 2022 hadde dette auka til 50 milliardar euro per år.
Les også: «Klimapolitikk kostar, men ingen klimapolitikk er endå dyrare». Det seier Stanford-forskar Marshall Burke i dette intervjuet med kollega Lars Holger Ursin.
Brukar 1,5 oljefond i året på klimafiendtlege subsidiar
2600 milliardar dollar! Det er summen som blir brukt kvart einaste år på skattelette, subsidiar og anna økonomisk støtte til avskoging, vassforureining og fossilt energibruk – aktivitetar som direkte undergrev internasjonale klima- og naturmål. Det viser ein rapport frå organisasjonen Earth Track. The Guardian skriv at sidan førre tilsvarande rapport i 2022 – har samla utgifter til klima- og naturøydeleggjande subsidiar gått opp med 500 milliardar dollar (inflasjonsjustert).
Europeisk industri – mindre sensitiv for stram klimapolitikk?
Den tyske sentralbanken, Bundesbank, har denne veka publisert ein svært interessant rapport om konsekvensane av ein stram europeisk klimapolitikk for den energiintensive industrien i Tyskland.
Industriproduksjon, som i dag står for ein betydeleg del av Tysklands samla klimagassutslepp, treng strengt tatt ikkje å vere lokalisert i Tyskland. Frykta er difor stor for at ein klimapolitikk som bidreg til at europeiske bedrifter må betale ein langt høgare karbonpris enn bedrifter i resten av verda, vil føre til massiv utflytting av utsleppsintensive industriprosessar. Men så langt finst det ikkje prov for at dette har skjedd i særleg omfang, konkluderer Bundesbank.
Forfattarane understrekar at dette kan endre seg om nivået på karbonprisinga i Europa blir verande på eit mykje høgare nivå enn i konkurrerande marknader. Heile rapporten, som også diskuterer CBAM og viktigheita av innovasjonsfremjande rammevilkår, finn du her.
Klimamåltrøbbel for Sverige
Det har vore statsbudsjettveke i Sverige, som også betyr oppdaterte utsleppsframskrivingar. Den offisielle klimabodskapen, presentert onsdag på ein felles pressekonferanse med finansminister Elisabeth Svantesson og miljø- og klimaminister Romina Pourmokhtari, er at Sverige no ligg an til å nå EU-målet om å halvere klimagassutsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor (vegtrafikk, oppvarming, anleggsmaskinar og jordbruk) innan 2030. Dette skjer trass i at utsleppa er venta å gå opp i 2024, og at det svenske nasjonalbudsjettet for 2025 inneheld reduserte avgifter på både flybillettar og fossilt drivstoff.
Regjeringa innrømmer samtidig at det andre svenske EU-målet, om å auke karbonopptaket i skog og mark med 3,9 millionar tonn innan 2030 målt mot snittopptaket i perioden 2016-2018, ikkje vil bli nådd.
Det svenske klimarådet er meir nøktern i si vurdering av svensk måloppnåing. Til SVT seier dei at 50-prosentmålet i ikkje-kvotepliktig sektor berre kan nås om det mest optimistiske utsleppsscenarioet fram mot 2030 slår til. Klimarådet tek førehald om at dei ikkje kjenner alle føresetnadane som dette scenarioet bygger på.
SVT minner også om at Sverige har to andre klimamål som heller ikkje vil bli nådd med dagens politikk. Dei er begge nasjonale og blei klubba gjennom av Riksdagen i 2017:
- Redusere Sveriges klimagassutslepp innan 2030 med 63 prosent samanlikna med 1990. Dette er eit delmål på vegen mot netto nullutslepp innan 2045.
- Redusere Sveriges transportutslepp innan 2030 med 70 prosent samanlikna med 2010. Innanriks luftfart er ikkje inkludert.
Oppsummert: Sverige har i alt fire klimamål for 2030. I beste fall kan dei nå eitt av desse måla.
Europeisk billobby fryktar bøter
Bilbransjeorganisasjonen ACEA ber om hjelp til å for å få fart på elbilsalet. Det siste året har antal selde elbilar i EU gått ned med 8,4 prosent. Dette er dårleg nytt for europeiske bilprodusentar som i 2025 vil møte strengare klimakrav enn dei har i dag. Bransjens eigne utrekningar, som Financial Times har fått tilgang til, viser at bilprodusentane risikerer å måtte betale opp mot 13 milliardar euro dersom elbilen-marknadsdelen ikkje går opp frå dagens nivå på under 15 prosent. ACEA meiner det trengs fleire insentiv for å få kundane til å velje elektrisk, og nemner Norge som eit land ein bør la seg inspirere av.
Les også: Tankesmia Transport & Environment trur EUs elbilmarknad vil ta seg kraftig opp neste år – til mellom 20 og 24 prosent. Dei viser mellom anna til at europeiske forbrukarar om kort tid vil få sju nye elbilmodellar til under 25 000 dollar å velja mellom.