Aukar subsidiane for havvind
Rishi Sunak opnar lommeboka for meir havvind i Storbritannia, domstol fjernar 60 milliardar euro frå tysk klimafond og ny erklæring mellom USA og Kina lovar tettare samarbeid og meir fornybar energi.
I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Her er mine utvalde.
Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter
I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:
Storbritannia løftar pristaket for havvind
Kostnadsvekst, prosjekt som blir lagt på is, store nedskrivingar og folk som får sparken: Det er krevjande tider for den internasjonale havvindindustrien. Som respons på dei tøffe marknadsforholda, som resulterte i at ingen selskap meldte seg på den siste havvindauksjonen, annonserte den britiske regjeringa denne veka at dei aukar havvindsubsidiane for framtidige prosjekt. Det skjer ved at maksprisen som havvindprodusentar er sikra under dagens differansekontrakt-regime, vert oppjustert frå 44 til 74 pund/MWh for botnfaste turbinar, og frå 116 til 176 pund/MWh for flytande. Dette er 2012-prisar som vil bli indeksjustert, så dei faktiske prisane blir langt høgare. Business Green går grundig gjennom alle endringane. Dei skriv at havvind, sjølv med det nye pristaket, truleg blir billegare enn både ny gasskraft og kjernekraft i Storbritannia.
Tysk klimapolitikk har fått eit finansieringsproblem
Den tyske grunnlovsdomstolen slo onsdag fast at den tyske regjeringa ikkje har lov til å bruke ubrukte Covid-fondsmidlar, opphaveleg meint for å finansiere ekstraordinære tiltak under pandemien, på klimatiltak. Tyskland har strenge reglar for opptak av ny statsgjeld – men det er rom for unnatak i krisesituasjonar. Covid-midlane var derfor resultat av eit ekstraordinært låneopptak. Men då Olaf Scholz kom til makta på tampen av 2021, var 60 milliardar euro av desse midlane framleis ubrukte. Den nye regjeringa bestemte seg derfor for å overføre pengane til det tyske klima- og transformasjonsfondet – eit fond som i dag finansierer mange klimatiltak utanom statsbudsjettet.
Kva betyr dette for Tyskland?
Clean Energy Wire har publisert ein glimrande Q&A som gir svar på det meste. I første omgang er alle utbetalingar frå fondet stoppa. Økonomiminister Robert Habeck har imidlartid sagt at alle prosjekt som er innvilga støtte, vil få pengar.
USA og Kina vil tredoble fornybarproduksjonen innan 2030
Det er to veker til årets klimatoppmøte tek til i Dubai (COP28), og viktigheita av at USA og Kina igjen har begynt å snakka saman kan knapt overvurderast. Like før onsdagens møte mellom Xi og Biden i San Francisco, offentleggjorde dei to landa ei erklæring som slår fast at USA og Kina skal arbeide saman for å nå måla i Paris-avtalen. Som New York Times understrekar, står det ingenting i erklæringa om utfasing av fossil energi – eit spørsmål som garantert blir diskutert i Dubai. Derimot lovar Kina og USA ei kraftfull satsing på fornybar energi som alternativ til olje, kol og gass. Målet er å tredoble den globale fornybarkapasiteten innan 2030 (målt mot 2020). Sunnylands-erklæringa er eit resultat av forhandlingar mellom John Kerry, Bidens spesialutsending for klima, og hans kinesiske motpart Xie Zhenhua. Sjekk også ut Carbon Briefs Simon Evans tråd på X.
Kvifor er dette viktig?
Den siste FN-rapporten om den globale utsleppsutviklinga viser at dagens politikk vil gi oss ein utsleppsreduksjon på berre to prosent av 2019-nivå innan 2030. Politikken må skjerpast – også internasjonalt. Men at verdssamfunnet skal klare å oppnå store framsteg utan semje mellom Kina og USA, dei to landa som slepp ut mest klimagassar, er utenkeleg.
Vil Kinas CO₂-utslepp falle i 2024?
Ein analyse av Kina-ekspert Lauri Myllyvirta i Centre for Research on Energy and Clean Air (CREA), har fått mykje merksemd denne veka: Mens Kinas CO₂-utslepp i dag er på stigande kurs etter korona-restriksjonar så seint som i 2022, skriv Myllyvirta at utsleppa kan begynne å falle alt i 2024, og at fallet kan vere strukturelt. Grunnen er at veksten i fornybar energi no er større enn veksten i det årlege straumforbruket. I 2023 er Kina venta å bygge ut 210 GW med solenergi, 70 GW med vindkraft, 7 GW med vasskraft og 3 GW med kjernekraft. I sum vil dette auke Kinas el-produksjon med ufattelege 423 TWh.
CICEROs Glen Peters skriv på X/Twitter at han med utgangspunkt i historiske data langt frå er overtydd om at Kinas fossile CO₂-utslepp vil nå toppen neste år. I tillegg til at vi ikkje veit om fornybarveksten framover vil halde seg på dagens høge nivå, representerer kolforbruket ein stor usikkerheit. 136 GW med ny kolkraftkapasitet er under oppføring i dag, og omtrent like mykje har fått endeleg godkjenning. Myllyvirta hevdar president Xi Jinping bryt løftet han gav i 2021 om at Kina framover skal «strictly control new coal-fired power generation projects». Du kan lese meir om Kinas kolvekst i Foreign Policy.
Klimatest av ChatGPT
Er du ein av dei 100 millionar brukarane som det siste året har stilt spørsmål til ChatGPT? Kanskje du også har stilt eit klimaspørsmål?
Forskarar ved Technische Universität Berlin og Berliner Hochschule für Technik har no undersøkt kor god den kunstig intelligente tekstgeneratoren er til å gi korrekte svar på klimarelaterte spørsmål. Forskarane stilte ChatGPT i alt 95 spørsmål. Svara blei evaluert ut frå nøyaktigheit, relevans og konsistens, og vurdert opp mot opne og truverdige kunnskapskjelder (t.d. den siste rapporten frå FNs klimapanel). Sjølv om undersøkinga viste at ChatGPT også kan gi feilaktige og upresise svar, samtidig som ho presenterer det som korrekt informasjon, er konklusjonen til forskarane at ChatGPT sine klimasvar er av ein generell høg kvalitet.