Krisepengar skal få fart på elbilsalet i Europa

Frankrike og Tyskland står for 37 prosent av det europeiske nybilsalet. No lovar dei sterkare insentiv for å få fart på salet av elbilar. Les også: Tesla er verdas mest verdifulle bilprodusent.

Vi har valt ut desse sakene om elektrisk transport frå den siste tidas nyheitsbilete.

Korona kan gi elbilvekst i Europa

Nyheita: Dei siste vekene har både Frankrike og Tyskland annonsert at dei vil bruke krisepengar til å få fart på elbilsalet.  Storbritannia er venta å følgje etter.

Bakgrunn: 26. mai annonserte Emmanuel Macron at Frankrike skal bli best på elbil i Europa. Eit av tiltaka er å stimulere etterspurnaden etter elektriske bilar. Frå 1. juni og ut året kan franskmenn gjennom ein ekstraordinær ordning få 7000 euro i tilskot ved kjøp av elbil + 5000 euro i bonus dersom ein også leverer inn sin gamle bensin- eller dieselbil.

3. juni annonserte Angela Merkel at også Tyskland vil bruke koronakrisepakka til å få fart på elbilsalet. Dagens tyske insentivordning gir tyskarar 6000 euro i støtte ved kjøp av elbil –  halvparten betalt av staten og halvparten av bilindustrien. Som del av krisepakka vil staten no doble sin støtte til 6000 euro for bilar som kostar opp mot 40 000 euro, slik at samla støtte blir 9000 euro for desse bilane. Ordninga vil vare ut 2021. I tillegg skal regjeringa bruke 2,5 milliardar euro ekstra på mellom anna ladeinfrastruktur.

#Elektrisktransport – eit nyheitsbrev for deg som vil følgje utviklinga mot ein utsleppsfri vegtransport

I nyheitsbrevet #Elektrisktransport presenterer Energi og Klima-redaksjonen data, nyheiter og analyser som følgjer dei industrielle, finansielle og politiske sidene ved overgangen til ein utslippsfri vegtransport. Nyheitsbrevet blir sendt ut ein gong i månaden og har ekstrautgåver ved behov.

Abonner på #Elektrisktransport:

6. juli skal Boris Johnson offentleggjere sin store koronakrisepakke. Då er det venta at også Storbritannia vil gjere det meir gunstig å kjøpe elbil, ifølgje The Telegraph. Den konservative avisa varsla tidlegare i veka at Johnson no vurderer ei ordning som kan gi britane 6000 pund i støtte for å bytte sin fossilbil med ein elektrisk. Johnson annonserte tidlegare i år at Storbritannia vil framskunde eit forbod mot sal av bensin- og dieselbilar frå 2040 til 2035. Nissan produserer sin Leaf i Sunderland.

Mi analyse: Bilindustrien er ein viktig sysselsettar både i Frankrike, Tyskland og Storbritannia. Difor er det dramatisk når bilsalet stoppar opp som no. Statistikk for april viser at talet på nyregistrerte bilar i Frankrike gjekk ned 89 prosent samanlikna med same månad i fjor, I Tyskland var fallet på 61 prosent og i Storbritannia 97 prosent.

I lys av alle arbeidsplassane som står på spel, er det positivt overraskande at Macron og Merkel koplar krisepakkene til bilindustrien så sterkt til målet om elektrifisering som dei gjer. Bilsalet hadde nok tatt seg raskare opp om dei også inkluderte bensin- og dieselbilar i dei forbetra støtteordningane. I første kvartal i år utgjorde bilar med forbrenningsmotor over 90 prosent av nybilsalet i både Frankrike og Tyskland.

Lukkast Macron og Merkel med sin nye elbilsatsing, vil det kunne gi ein kraftig «boost» for elbilens marknadsposisjon. Ikkje berre i Frankrike og Tyskland, men i heile Europa. Av dei omlag 15,8 millionar bilane som blei selt i EU+EFTA i 2019, stod Tyskland og Frankrike for 37 prosent. Legg ein til Storbritannia, er det snakk om halvparten.

I ei undersøking omtalt av Clean Energy Wire seier 21 prosent av tyskarane at dei no ønsker å kjøpe seg ein elbil. Det gir håp.

Det store biletet: Bloomberg New Energy Finance skriv i årets utgåve av Long-Term Electric Vehicle Outlook  at det globale bilsalet vil falle med 23 prosent i 2020 som følgje av Covid-19, og at ein må vente til 2025 før marknaden er tilbake på 2019-nivå. Salet av elbilar vil falle 18 prosent i året vi er inne i, men at nedgangen er midlertidig. Elbilens del av verdas nybilsal vil auke frå 3 til 7 prosent fram mot 2023 – mellom anna på grunn av offensiv politikk i Europa og Kina. Rapporten blei lansert før innhaldet i krisepakkene til Frankrike og Tyskland blei offentleg.

Tesla-partnar lovar lenger levetid for bilbatteria

Nyheita: Den kinesiske batteriprodusenten CATL, som samarbeidar både med Tesla og Volkswagen, seier dei er klar til å levere batteripakkar med levetid på 16 år – dobbelt så lenge som dagens garantiar gitt av bilindustrien.  

Bakgrunn: Det var i eit intervju med Bloomberg at CATL-sjef Zeng Yuqun fortalte at selskapet kan produsere bilbatteri som kan levere 1,2 millionar køyrde miles – omlag to millionar kilometer – over 16 år. Bransjestandarden i dag er at batteri blir levert med ein garanti på 150 000 køyrde miles og åtte år. Det nye batteriet skal vere 10 prosent dyrare, men for industrien kan batteri med så lang levetid likevel representere reduserte kostnader fordi batteriet kanskje kan brukast i ein bil nummer to. Elon Musk har tidlegare annonsert at Tesla vil kome med eit batteri som kan klare meir enn ein million miles. Men om Tesla står øvst på CATLs leveringsliste, veit ein ikkje. CATL har også relasjonar til BMW, Daimler, Honda, Toyota, Volkswagen and Volvo. Les også i The Driven og BBC.

Nordisk undersøking: Elbil mest populært blant nordmenn

Nyheita: 26 prosent av alle nordmenn seier deira neste bil skal vere ein ny eller brukt elbil. Det er markert fleire enn i fjor. Ny eller brukt dieselbil kjem på andre plass med 18 prosent. Det viser Nordisk Elbilbarometer 2020.

Barometer: Nordisk Elbilbarometer er ei årleg undersøking som målar interessa for elbil blant innbyggarar over 18 år i Island, Sverige, Danmark, Finland og Noreg. Årets undersøking er det tredje i rekka. Ikkje overraskande er elbilinteressa størst i Noreg. 18 prosent av nordmenn svarar at neste gong dei skal kjøpe bil så skal det vere ein ny elbil (mot 13 prosent i 2019), medan 8 prosent svarar at dei vil kjøpe ein brukt elbil (7 prosent i 2019). Sidan undersøkinga har spurt alle nordmenn over 18 år – også dei som ikkje har tenkt å kjøpe bil (som er 10 prosent av dei spurde) – kan ikkje resultata samanliknast med elbilens faktiske del av nybilsalet. Så langt i år er halvparten av alle bilar selt i Noreg elbilar.

Toyota har ikkje lenger høgast marknadsverdi

Nyheita: Med ein aksjekurs på over 1000 dollar, er Tesla no verdas mest verdifulle bilprodusent.

Bakgrunn: Covid-19 har ramma den globale bilindustrien hardt, men med ulik varigheit og styrke. Teslas aksjekurs er no tilbake til det høge nivået som selskapet hadde før vi blei satt i lockdown. Den 10. juni blei Tesla-aksjen omsett for meir enn 1000 dollar – som gir selskapet ein marknadsverdi på over 180 milliardar dollar. I midten av mars var kursen godt under 400 dollar. Ei forklaring på Teslas raske gjenreising svært gode salstal for Model 3 i Kina i mai.  I tillegg  har konkurrentane gjort det tilsvarande dårleg, skriv Electrek.  Toyota, som tidlegare har trona øvst på lista over dei mest verdifulle bilprodusentane i verda, har sett marknadsverdien falle med 7 prosent sidan starten av året.

Beijing vil premiere dei som køyrer elektrisk eller let bilen stå

Nyheita: Myndigheitene i Beijing har lansert eit prosjekt med utsleppskredittar retta mot private bileigarar. Føremålet er å få fleire til å la bilen stå eller gå over til elbil.

Bakgrunn: Beijing er ein av mange byar i Kina med store trafikk- og utsleppsproblem. I eit forsøk på å adressere nettopp dette lanserte myndigheitene i førre veke eit system som opnar for at private bileigarar kan selje utsleppskredittar til næringslivet. Systemet går ut på at ein opparbeider seg utsleppskredittar ved å la bilen stå eller køyre elektrisk framfor fossilt. Deretter kan ein selje det ein har tent av kredittar til verksemder som må kompensere for CO₂-utsleppa sine. Myndigheitene har mål om å rekruttere ein million deltakarar til prosjektet.