Elbilstatistikk for Noreg og Europa (mai 2021)
Mai blei tredje månad på rad der reine elbilar stod for over ti prosent av nybilsalet i Europas største bilmarknad – Tyskland. Det blir no seld over tre gongar så mange elbilar i Tyskland som i Noreg.
Du som abonnerer #Elektrisktransport vil framover få tilsendt månadleg elbilstatistikk for Norden og dei største bilmarknadene i Europa.
Grafane under viser selde personbilar fordelt på drivstoff/energitype. Bensin og diesel inkluderer ikkje-ladbare hybridbilar. Bilar med andre drivstofftypar er ikkje dekka i denne statistikken.
#Elektrisktransport – eit nyheitsbrev for deg som vil følgje utviklinga mot ein utsleppsfri vegtransport
I nyheitsbrevet #Elektrisktransport presenterer Energi og Klima-redaksjonen data, nyheiter og analyser som følgjer dei industrielle, finansielle og politiske sidene ved overgangen til ein utslippsfri vegtransport. Nyheitsbrevet blir sendt ut ein gong i månaden og har ekstrautgåver ved behov.
Slik enda elbilsalet i mai 2021:
- 6 av 10 nyregistrerte personbilar i Noreg var reine elbilar. Ingen andre land er i nærleiken av ein like høg elbilandel.
- Sverige festar grepet om andreplassen i Europa med ein marknadsdel i mai på 16 prosent. På plassen bak følgde Nederland med 13 prosent.
- Med ein elbilandel på nesten 12 prosent var det ingen andre land i Europa som selde flere elbilar enn Tyskland.
- I Storbritannia og Frankrike var rundt 8 prosent av nybilsalet elektrisk. Også desse landa sel fleire elbilar per månad enn Noreg.
Norden
Noreg tronar øvst på elbiltoppen i Europa. Andelen elbilar av samla norsk nybilsal passerte 1 prosent i 2011, 10 prosent i 2014, 20 prosent i 2017, 30 prosent i 2018, 40 prosent i 2019 og 50 prosent i 2020. Tilsvarande har andelen bilar med forbrenningsmotor falle år for år. I 2010 gjekk nesten 100 prosent av alle nyregisterte bilar på bensin eller diesel – ti år seinare var andelen redusert til 25 prosent.
Den viktigaste drivaren for sal av elbilar i Noreg er fritaket av avgifter ved kjøp, inkludert meirverdiavgift. Elbilar har også fritak eller reduserte satsar ved passering av bomstasjonar og ved parkering.
I Sverige, Danmark og Finland har elbilsalet først teke seg opp dei siste åra. I 2020 utgjorde elbilar 10 prosent av nybilsalet i Sverige, 7 prosent i Danmark og 4 prosent i Finland.
Sverige sel klart flest personbilar i Norden med 300 000 nyregistrerte køyretøy i 2020. I april 2021 justerte dei elbilpolitikken, slik at reine elbilar blei billegare for forbrukarane.
Europa
I 2020 gjekk EU forbi Kina som verdas støste elbilmarknad – med over 500 000 nyregistrerte elbilar. 2 av 3 elbilkjøp i EU fann stad i tre land: Tyskland, Frankrike og Nederland. Storbritannia, som ikkje lenger er med i EU, er ein annan viktig bilmarknad i Europa. Også der går elbilandelen opp.
Nedanfor finn du også statistikk for Italia og Spania – to andre land som sel mange personbilar i laupet av eit år, men der elektrifiseringa enno ikkje har kome skikkeleg i gang.
Politikk er ein viktig drivar for elbilsalet i heile Europa. Nye og betre fordelar ved kjøp av nullutsleppsbilar frå sommaren 2020 forklarar veksten vi har sett i Tyskland. På same vis forklarar nedgangen i elbilsalet i Nederland mindre gunstige fordelar ved inngangen til 2021.
I denne artikkelen finn du dei same grafane i animert versjon – med moglegheit for å laste ned datagrunnlaget.