Er elbilen den neste oljekrisa?

«DEN GRØNE FARE»: Ifølge analysene til Carbon Tracker Initiative og Grantham Institute vil elbilane kutte 2 millioner fat olje om dagen i 2025 og heile 25 millionar fat om dagen i 2050. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Det store veddemålet: Vil stadig billegare solceller og elbilar truge etterspørselen etter olje, kol og gass? Nei, skreiv BP då dei lanserte Energy Outlook 2017 i førre veke. For oljas del spår selskapet at vi kan forvente 20 nye år med vekst. Analysen til BP står i sterk kontrast til rapporten "Expect the unexpected: the disruptive power of Low-carbon technology"som Carbon Tracker Initiative og Grantham Institute ved Imperial College London nyleg la fram. Bodskapen her er at den kostnadsdrivne veksten for solenergi og elbilar går raskare enn det mange selskap legg til grunn i sine framskrivingar, og at utviklinga i desse sektorane åleine kan presse etterspurnaden etter fossil energi ned i løpet av kort tid: Kullforbruket vil nå toppen i 2020. Oljeetterspørselen vil halde seg stabil gjennom 20-talet, for så å falle etter 2030. For gassens del er det mindre dramatisk – på kort sikt. Kva som skjer etter 2030 er meir usikkert – det kjem mellom anna an på den vidare kostnadsutvikling innan fornybar energi og i kva grad ein lukkast med energieffektivisering. Rapporten til Carbon Tracker er omtalt bredt internasjonalt – her representert med Reuters, The Guardianog Huffington Post Canada (som fokuserer på kva dette får å seie for oljesandindustrien). På norsk er det Anders Bjartnessom har levert den grundigaste omtalen.
Klimafornektar i Downing Street 10: Det har ikkje vore mogleg å lese europeiske aviser denne veka utan å kome over artiklar om Myron Ebells Europa-besøk. Ebell, som på sin eigen Twitter-konto omtalar seg sjølv som klimaalarmistanes største fiende, hadde fram til Donald Trump blei innsett som president ansvaret for overgangsteamet som jobba med the Environmental Protection Agency (EPA). Etter å ha heldt foredrag i London og Brussel hadde Ebell omtalt miljørørsla både som og som . Om Trumps politikk sa Ebell mellom anna at presidenten vil forsøke å . Det store ubesvarte spørsmålet etter Ebells besøk er kven han møtte i


