Nullutsleppsferjer: Ein historisk sjanse - Energi og Klima

Nullutsleppsferjer: Ein historisk sjanse

Vestlandet kan bli den første regionen i verda som tek i bruk utsleppsfrie ferjer i stor skala. Sjå oversikt over alle landets ferjesamband og kontraktar.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.
Nullutslipp: Batteriferja "Ampere" har trafikkert Lavik-Oppedal-sambandet på Sognefjorden siden februar 2015 (foto: Bård Ek)
Nullutslipp: Batteriferja «Ampere» har trafikkert Lavik-Oppedal-sambandet på Sognefjorden siden februar 2015 (foto: Bård Ek)

Noko av det første det nye fylkestinget i Hordaland skal avgjere, er om ferjene som skal trafikkere fylkets 16 ferjesamband fram mot 2030 skal vere nullutsleppsferjer. Dei kan ikkje la sjansen gå frå seg.

Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. I det ligg det at utsleppa pr. innbyggjar bør ned mot eitt til to tonn CO2-ekvivalentar pr. år – mot 10 i dag. Det er fullt mogeleg å få til, men det fordrar eit taktskifte frå både politikk og næringsliv.

Det er to måtar å møte klimatrugselen på:

  • Byrde: Vurdere framtidige utsleppskutt som noko vi må tvinge oss gjennom, og at Noreg som rikt, oljeproduserande land har eit særleg ansvar for å kutte utslepp. I dette perspektivet blir klimatiltak ein nødvendig byrde.
  • Mogelegheit: Eller å tenkje at reisa mot lågutsleppssamfunnet er reisa mot noko betre. Ei reise som kan gi oss ny teknologi- og industriutvikling, nye arbeidsplassar og auka verdiskaping. Klimatiltak i dette perspektivet handlar om å ta posisjonar i ein tidleg fase, utnytte komparative fortrinn og bruke kompetansen på nye felt.

Vestlandet må sjå mogelegheitene. Det var òg utgangspunktet då Sparebanken Vest og Norsk Klimastiftelse i mars inviterte aktørar frå næringsliv og politikk til eit arbeidsmøte, for å drøfte korleis Vestlandet kan bli ein region som er tidleg ute med å utvikle og ta i bruk den teknologien som framtida vil etterspørje. Vi hadde utskifting av ferjeflåten i Hordaland som «case».

Oversikt: Alle norske ferjesamband
Norsk Klimastiftelse har samla informasjon om alle norske ferjesamband i eit Google-rekneark som alle har tilgang til og kan laste ned. Oversikt over kontraktar (start- og utløpsdato), ansvarleg institusjon m.v. (research: Ingrid Ekse Svege).

Hordaland har i dag 16 ferjesamband knytt til fylkesvegnettet. Dagens ferjekontraktar går alle ut i perioden 2018-2020. Innhaldet i dei nye kontraktane skal vere klare før jul. Vi har no ein unik sjanse til å rulle ut nullutsleppsteknologi i stor skala – teknologi som vestnorsk næringsliv står klar til å levere.

Fylkespolitikarane gjorde på nyåret eit intensjonsvedtak om at dei nye ferjekontraktane skal innehalde krav om null- eller lågutsleppsteknologi. Men vedtaket hadde eit viktig førehald: Staten må dekke ekstrakostnadene som følgjer av å vere ein «first mover». På arbeidsmøtet var det unison einigheit om at dette måtte vi likevel klare å få til, og vi fordelte oppgåver for vidare framdrift. Vår nye fylkesordførar Anne Gine Hestetun var blant dei mest entusiastiske.

Vi støtter Energi og Klima:
La oss skape eit utstillingsvindauge for vestlandsk industri og kompetansemiljø

No har fylket fått den garantien det bad om. Før sommaren bad Stortinget regjeringa vurdere finansieringa av økte miljøkrav til fylkeskommunale ferjer. Frps stortingsrepresentant Helge André Njåstad har i etterkant vore heilt tydeleg på at dette betyr statleg støtte til null-utsleppsferjer i Hordaland.

Samtidig må fylkespolitikarane ikkje overdramatisere kostnadene ved å stille strenge miljøkrav. Investeringskostnadene er rett nok høgare, men driftskostnadene for ei elferje er dramatisk lågare enn for ei ferje som brukar fossilt brensel. Om regjeringas forslag om redusert elavgift for ferjer får fleirtal i Stortinget, vil reknestykket sjå endå betre ut.

Vi meiner det nye fylkestinget og den nye fylkesordføraren må nytte høvet og sikre at vi blir den første regionen i verda som rullar ut nullutsleppsteknologi til sjøs. Dette er ein historisk sjanse til å sette Vestlandet på verdskartet.

Vi meiner dei aller fleste av fylkets ferjer må vere utsleppsfrie. Dette er viktig om anbodsrunden også skal gi eit løft for industrien og verfta som i dag kan levere denne teknologien. La oss skape eit utstillingsvindauge for vestlandsk industri og kompetansemiljø mot resten av verda. Målet må vere at når regionar i andre land skal avkarbonisere sin skipstrafikk, så kjem dei til oss for å lære – og for å kjøpe.

Ad

Utnyttar vi ikkje sjansen no, må vi vente til neste anbodsperiode. Det er om femten år – i 2030.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.