Miljøsøksmål og politikk

Domstolane i Noreg har lenge hatt rett til å prøva lov mot Grunnlova, og forvaltningsvedtak mot lov og grunnlov.

Prøvingsretten er ein del av norsk statsrett, meiner artikkelforfatteren.Foto: Tori Rector cba

Kan domstolane stoppa petroleumsutvinning i Nordområda? Staten ved Olje- og energidepartementet vart 18. oktober 2016 stemna for Oslo tingrett av Foreningen Greenpeace Norden og Natur og Ungdom. Søksmålet gjeld om tildelinga av 10 utvinningsløyve for petroleum i delar av Barentshavet 23. konsesjonsrunde er gild, eller om den er i strid med det grunnlovsfesta miljøvernet.

Professor Hans Petter Graver vart intervjua om søksmålet i Klassekampen 22. oktober under overskrifta «Snur norsk juss på hodet». Graver uttalte at søksmålet «vil innebære en ny rolle for domstolene», og «skulle de norske miljøorganisasjonene vinne fram og dommen bli rettskraftig, vil det være det største inngrepet fra en domstol i norsk politikk siden Høyesterett i 1940 utnevnte Administrasjonsrådet.» Dette siste var ei klart politisk handling der Høgsterett i realiteten sette seg over Storting og konge/regjering, som var omstridd då den skjedde, og sterkt kritisert i ettertid.

Klassekampen følgde opp med ein leiar to dagar seinare der det vart hevda at «et slikt søksmål (ville) medføre grunnleggende forandringer i forholdet mellom domstoler og folkevalgte.» Same dagen kunne ein lesa i ein leiar i Haugesunds Avis at «det virker problematisk med dommere som skal inn og besørge mer politisk handlekraft.» Og dagen etter stod det ein leiar i Aftenposten med overskrifta «Domstolene skal ikke styre klimapolitikken».

Graver stilte seg bak verdien av eit slikt klimasøksmål, medan det i dei tre leiarane vart uttrykt sympati med klimasaka, men ikkje med søksmålet. Men det er ikkje tema her. Spørsmålet er om Graver og dei tre avisleiarane gjev eit korrekt bilete av norsk statsrett generelt, og domstolane sin prøvingsrett spesielt. Svaret er nei.

Lat det fyrst av alt verta slått fast: Søksmål av seriøse aktørar mot staten for brot på Grunnlova, er ikkje ei kvardagshending. Likevel har domstolane i Noreg lenge hatt ein rett til å prøva lov mot Grunnlova, og forvaltningsvedtak mot lov og grunnlov. Logikken er at Grunnlova er overordna lov, og at Grunnlov og lov er overordna eit forvaltningsvedtak, og må difor ha forrang. Det er mogeleg at denne retten vart tatt i bruk alt i 1818 og 1821, men sidan 1866 har prøvingsretten generelt vore ein uomtvisteleg del av norsk statsrett.

Ei prøving av lov vil alltid vera ei utfordring av folkeviljen, slik den har kome til uttrykk gjennom stortingsval. Ei prøving av eit regjeringsvedtak har, etter innføringa av parlamentarismen, òg ein klar demokratisk dimensjon ved seg. Ei prøving av forvaltningsvedtaket om tildeling av utvinningsløyve i 23. konsesjonsrunde vil dermed stå i ein om lag 200 år lang tradisjon for domstolsprøving, og dermed for at norske domstolar handlar politisk. I dag skjer det minst ein gong om året, normalt fleire.

Det har vore ein klar tendens til at domstolane nyttar prøvingsretten oftare, og at ein legg lista lågare. Eit toppår i så måte var 2010, då Høgsterett prøvde lov og forvaltningsvedtak i tre spektakulære saker. I alle dei tre sakene vart vedtaket i realiteten funne å vera ugildt, trass i at rettskjeldematerialet gjorde at Høgsterett kunne ha kome til motsett standpunkt.

Denne auka vilje til prøving skuldast at borgarane har fått fleire rettar, og at dei har tek rettane sine i bruk. Dette er eit resultat av ei ønskt politisk utvikling. Utviklinga kan òg politisk reverserast gjennom at ein tilbakekallar nokre av dei rettane som er gjevne, eller legg lista høgare for å gjera dei gjeldande.

På ein slik bakgrunn er det vanskeleg å sjå kva som gjer ei prøving av tildeling av utvinningsløyve i 23. konsesjonsrunde så eksepsjonelt at den vil hamna i same kategori som utnemninga av Administrasjonsrådet i 1940. Så kan ein påstå at det spesielle i denne stemninga er klimadimensjonen.

Det er vanskeleg å hevda at vernet om klima er meir politisk enn vernet om eigedom eller mot tilbakeverkande lover. Ein skal òg ha i minnet at staten òg tidlegare har vorte saksøkt i miljøsaker.

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Den viktigaste miljøsaka som har vore oppe for Høgsterett, er Alta-saka. Faktisk må grunnlovsvernet av miljøet forståast på bakgrunn av denne saka frå 1980. Den gjaldt utgreiingsbakgrunnen for eit forvaltningsvedtak med miljøkonsekvensar, akkurat som stemninga av staten av 16. oktober 2016. At saka òg hadde ein klar urfolksdimensjon, gjorde den ikkje mindre, men heller meir politisk.

Men har domstolane si maktutøving auka slik at den vert eit politisk og statsrettsleg problem? Domstolane utøver klart meir rettsleg makt med politiske konsekvensar i dag enn for bare 20 år sidan. Difor har Høgsterett sidan 2003 òg definert seg sjølv som ein konstitusjonsdomstol. Men alle dei tre statsmaktene utøver meir makt. Det kan til og med argumenterast for at forvaltninga, og då særleg regjeringa, si rettslege makt har auka aller mest. På ein slik bakgrunn kan ein sjå auken i domstolane si rettslege makt som ein auke i maktkontrollen statsmaktene mellom. I eit slikt perspektiv vert samanlikninga med oppnemninga av Administrasjonsrådet i 1940 ureflektert.

Når ein erklærer domstolane sin prøvingsrett som udemokratisk, gløymer ein ofte at den òg er eit bidrag til den demokratiske offentlegheita. Alta-saka vart vunnen av staten. Men den førte til ei miljøoppvakning, og bidrog på sikt til miljøvernet i Grunnlova. Avisleiarane og Graver overser at domstolsprøving kan føra til meir medvit, meir diskusjon og politisk handling.

Skepsis til domstolsprøving er ein generell tendens i Europa i dag. Og Høgsterett har sjølv lagt band på seg sidan 2010, og opererer no med ein høgare terskel for prøving. Kanskje har dette vore ei sunn justering. Men utan høve til, eller med ein låg terskel for domstolsprøving, vert rettar gradvis meir politiske markørar og mindre reelle. Ei slik utvikling bør vera eit resultat av politiske val og vedtak, og ikkje subtile signal og uformelt press som fører til rettsleg sjølvrestriksjon.

Bli abonnent!

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima