Exxon – Oljefondets store klimaprøve

Når Oljefondet skal trekke seg ut av «klimaverstingane», slik Stortinget har bestemt, er Exxon ein opplagt plass å begynne.

3 kommentarer
KLIMAVERSTING: Exxon kjenneteiknast av høge utslepp og ein sterk uvilje mot å endre åtferd, skriv artikkelforfattaren. Bilete viser Exxons raffineri i Baytown, Texas. Foto:Roy Luck cba

I 2015 foreslo Erna Solbergs regjering, etter innspel frå eit ekspertutval leia av Martin Skancke, å legge til ein ny paragraf i dei etiske retningslinjene til Statens pensjonsfond utland (Oljefondet). Den nye paragrafen opnar for å ekskludere «klimaverstingar» frå fondets investeringsportefølje. Eit samla Storting stilte seg bak regjeringas forslag og endringane tredde i kraft i 2016.

Til no har ingen selskap blitt ekskludert frå Oljefondet på grunn av det nye klimakriteriet. Forståeleg nok tek det tid å operasjonalisere eit slikt vedtak – eit arbeid Etikkrådet er satt til å gjere. I årsmeldinga for 2016 skriv rådets leiar Johan H. Andresen at dei «har kommet et godt stykke i å kartlegge industrier og aktører i disse med uakseptable utslipp». Oljeproduksjon er ein av sektorane Etikkrådet har byrja å undersøke.

Ved utgangen av 2016 hadde Oljefondet meir enn 300 milliardar kroner investert i olje- og gass – fordelt på 379 selskap (sjekk porteføljen her). Ein av dei største enkeltinvesteringane har fondet i amerikanske ExxonMobil – verdas største børsnoterte oljeselskap. Norsk klimastiftelse sendte nyleg brev til Etikkrådet der vi forklarer kvifor det nye klimakriteriet bør brukast på nettopp Exxon. Høge utslepp og ein sterk uvilje mot å endre åtferd er viktige stikkord.

BREV TIL ETIKKRÅDET: Norsk klimastiftelse har sendt brev til Etikkrådet der dei argumenterer for kvifor det nye klimakriteriet bør føre til at SPU ekskluderer Exxon frå fondets portefølje. Klikk på bilete for å lese heile brevet.

Store klimagassutslepp

Ein mykje omtalt studie publisert i 2013 presenterte kva for børsnoterte oljeselskap som historisk har sloppe ut mest klimagassar. Exxon ble rangert som nummer to – bak Chevron. 3 prosent av dei globale utsleppa av karbondioksid og metan i perioden 1751–2010 kan sporast til Exxon. Ser ein på årlege utslepp i nyare tid er Exxon på topp.

Også meir oppdaterte klimastatistikk viser at Exxon skil seg negativt ut. Carbon Disclosure Project (CDP) gav i november 2016 ut ein analyse som samanlikna verdas største børsnoterte olje- og gasselskap langs fleire klimaparametrar. Exxon hamna nest nedst blant alle dei undersøkte selskapa, berre slått av det canadiske tjæresandselskapet Suncor. Isolerer ein analysen til berre klimagassutslepp kjem Exxon aller dårlegast ut.

Fremtiden i våre hender har også gitt ut ein rapport som konkluderer med at Exxons klimaåtferd kvalifiserer for eksklusjon frå Oljefondet.

«Business as usual»

Exxon støttar Paris-avtalen i offentlegheita, men viser ingen teikn til å tilpasse verksemda – slik at avtalens mål kan nås. Snarare tvert imot. I sakspapira til årets generalforsamling 31.mai skriv leiinga at selskapets forretningar skjer i tråd med IEAs New Policy Scenario. Dette er ei framskriving som ikkje er i nærleiken av Paris-avtalens ambisjon om å halde temperaturstiginga godt under to gradar celsius. Exxon-leiinga slår fast at verda vil trenge alle hydrokarbona som ligg i selskapets enorme olje- og gassreservar, og at investorane derfor ikkje behøver å frykte for verditap («stranded assets»). Klimagassutsleppa globalt, skriv selskapet, må ein rekne med vil auke til ein gang ut på 2030-talet.

Mens business er usual er Exxons svar på klimakrisa, har klimaforskingas bodskap eit heilt anna innhald. Professor Eystein Jansen ved Bjerknessenteret for klimaforsking/UiB skreiv i fjor haust ein analyse av Paris-avtalens konsekvensar og konkluderte blant anna med at raske utsleppskutt er nødvendig. Innan 2030 bør utsleppa vere cirka 50 prosent lågare enn i dag, skreiv han.

Kontrastane er også store mellom Exxons forretningsstrategi og det siste karbonbudsjettet utarbeida av forskarane i Global Carbon Budget. Her heiter det at verda kan halde fram med dagens utsleppsnivå i fire (!) år til om 1,5-gradersmålet skal nås, etter det er det full stans. Om 2-gradarsmålet skal nås (med 66 prosents sannsyn) kan vi halde dagens utsleppsnivå i 20 år til.

Må starte ein stad

Når Etikkrådet nå skal identifisere klimaverstingane i oljesektoren, bør arbeidet starte med å sile ut selskap som:

Ad

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

  • Har eit stort ansvar for historiske og noverande utslepp, og som gjennom sine handlingar bidreg til å forseinke overgangen til eit fossilfritt energisystem i tråd med klimavitskapens bodskap.
  • Har store reservar med dyr og karbonintensiv olje, og som bygger dagens forretningsmodellar på at klimapolitikken vil mislukkast.
  • Motarbeider aksjonærinitiativ som har til hensikt å føre selskapets forretningsmodell i tråd med vedtekne klimamål og auke forståinga for klimarisiko.

Exxon kan krysse av på alle desse punkta. I tillegg kjenner vi historia om at Exxon i tiår skal ha heldt tilbake viktig kunnskap om samanhengen mellom fossil energi og global oppvarming, og at selskapet har gitt betydeleg økonomisk støtte til miljø som fornektar denne kunnskapen. Desse skuldingane vert nå behandla i det amerikanske rettssystemet. Meir om dette i Halvor Elviks solide gjennomgang: Klimatrusselen mot oljegiganten Exxon.

Slutt på tolmodet

Nokon vil hevde at det er betre å påverke Exxon innanfrå framfor å trekke seg ut. Til det er det å seie at ein slik påverknadslinje alt er prøvd. Dei siste 25 åra har Exxon stemt ned over 60 klimarelaterte resolusjonar frå aksjonærane. Oljefondet har i fleire tilfelle høyrt til mindretalet. Kanskje vil aksjonærane røyste annleis i år, kanskje ikkje. Spørsmålet er kor tolmodig ein skal vere overfor selskap som år etter år motarbeider klimainitiativ i eige hus. Eg meiner grensa nå er nådd.

Det kan fort bli politisk bråk om Oljefondet sel aksjeposten i Exxon, slik det blei då fondet trakk seg ut av varehuskjeda Walmart i 2006. Tidlegare administrerande direktør og styreleiar i ExxonMobil, Rex Wayne Tillerson, er nå utanriksminister i USA. Men å «verne» Exxon frå det nye klimakriteriet er eit enda verre alternativ. Det vil kunne svekke Oljefondets truverd som klimabevisst investor, og undergrave Stortingets intensjon med det nye klimakriteriet. I tillegg: Skal det vere snev av truverd i påstanden om at Oljefondets verksemd er lausriven frå norske utanrikspolitiske interesser, må Etikkrådet vurdere behaldninga i Exxon utan omsyn til at ein eksklusjon kan fornærme Washington.

Oppsida av å selje seg ut er at det vil kunne påverke andre investorar til å gjere det same. Kanskje er det det som skal til for at Exxon sjølv innser nødvendigheita av å justere kursen. Ballen ligg nå hos Etikkrådets medlemmer.

Bli abonnent!

3 kommentarer

  1. Robert Paul Martinez

    Listen over 90 topp utslippskilder er brukt som hovedargument for å stenge ut ExxonMobil fra det norske oljefondet. Det ville vært gøy og riktig for en norsk blogg å nevne at Statoil er også blant disse topp 90 «carbon majors» nevnt i brevet. Statoil er i den verste halvdelen med plass #40, men hvis ser bort fra firmaer eller organisasjoner som ikke lenger eksisterer eller er ikke privatisert, så er det kun cirka 20 plasser mellom verstingen ExxonMobil og norges cash cow. Hvis man kun ser på firmaer i oljefondets portefølje, så er Statoil kun noen få plasser unna utestengelse. Neppe.

    Svar
    • Robert Paul Martinez

      … det er ikke en stor prøve for staten, den største eieren i Statoil, å stenge ut en konkurrerende selskap fra oljefondets investering. Regjeringens forsøk på å stenge ut kullinvesteringen kapret frontsiden på New York Times i fjor, med hykleri og dobbeltmoral som tema.

      Svar
      • Lars-Henrik

        Lars-Henrik

        Det er heilskapen som gjer at eg meiner Exxon er ein «klimaversting» – og det inkluderer nivået på faktiske utslepp. Du har rett i at Statoil også er på topp 90-lista, men for Oljefondet er ikkje det relevant sidan fondet ikkje har lov til å investere i norske selskap.

        Svar

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima