Exxon – Oljefondets store klimaprøve

KLIMAVERSTING: Exxon kjenneteiknast av høge utslepp og ein sterk uvilje mot å endre åtferd, skriv artikkelforfattaren. Bilete viser Exxons raffineri i Baytown, Texas.
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
I 2015 foreslo Erna Solbergs regjering, etter innspel frå eit ekspertutval leia av Martin Skancke, å legge til ein ny paragraf i dei etiske retningslinjene til Statens pensjonsfond utland (Oljefondet). Den nye paragrafen opnar for å ekskludere «klimaverstingar»frå fondets investeringsportefølje. Eit samla Storting stilte seg bak regjeringas forslag og endringane tredde i kraft i 2016.
Til no har ingen selskap blitt ekskludert frå Oljefondet på grunn av det nye klimakriteriet. Forståeleg nok tek det tid å operasjonalisere eit slikt vedtak – eit arbeid Etikkrådet er satt til å gjere. I årsmeldinga for 2016skriv rådets leiar Johan H. Andresen at dei «har kommet et godt stykke i å kartlegge industrier og aktører i disse med uakseptable utslipp». Oljeproduksjon er ein av sektorane Etikkrådet har byrja å undersøke.
Ved utgangen av 2016 hadde Oljefondet meir enn 300 milliardar kroner investert i olje- og gass – fordelt på 379 selskap (sjekk porteføljen her). Ein av dei største enkeltinvesteringane har fondet i amerikanske ExxonMobil – verdas største børsnoterte oljeselskap. Norsk klimastiftelse sendte nyleg brev til Etikkrådet der vi forklarer kvifor det nye klimakriteriet bør brukast på nettopp Exxon. Høge utslepp og ein sterk uvilje mot å endre åtferd er viktige stikkord.

Store klimagassutslepp
Ein mykje omtalt studie publisert i 2013presenterte kva for børsnoterte oljeselskap som historisk har sloppe ut mest klimagassar. Exxon ble rangert som nummer to – bak Chevron. 3 prosent av dei globale utsleppa av karbondioksid og metan i perioden 1751–2010 kan sporast til Exxon. Ser ein på årlege utslepp i nyare tid er Exxon på topp.


