Klimapartnere Vestland er regionen sitt viktigaste partnerskap for utsleppskutt og grøn forretningsutvikling. Nå ser dei etter ein initiativrik og engasjert person som kan inngå som ein del av eit framoverlent team.

Som trainee vil du vere ein fullverdig del av teamet, og du vil få moglegheit til å påverke og utvikle arbeidet i partnarskapen i ei avgjerande tid for å nå målet om Vestland som ein nullutsleppsregion innan 2030.

Du har gjerne stor samfunnsinteresse og forståing for politikk, offentleg forvaltning og / eller næringsliv. Som ein del av teamet vil du jobbe med alt frå å forberede og gjennomføre arrangement, følge opp partnerverksemder, skrive artiklar og produsere innhald til sosiale medium.

Ønskelege kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, bachelor eller master
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Erfaring med kommunikasjon, sosiale medium og webpublisering
  • Organisasjonserfaring eller næringslivserfaring
  • Erfaring med å organisere arrangement, enten i frivillig eller lønna arbeid
  • Forståing for forretningsdrift og grøn næringsutvikling 
  • Kjennskap til berekraftsarbeid, klimaregnskap eller miljørapportering er ein fordel, men ikkje avgjerande

Traineen skal jobbe tett saman med leiinga i Klimapartnere Vestland, i ein variert kvardag med høyt tempo. Arbeidsplass vil vere på Sandsli i Bergen. Du må rekne med noko reising innanfor fylket.

Arbeidsoppgåver    

  • Hjelpe til med å organisere og gjennomføre partnarmøter, seminar, webinar og andre arrangement i Klimapartnere Vestland
  • Skrive artiklar og publisere innhald på nettsidene
  • Ha ansvar for innhaldsproduksjon og vidareutvikling av sosiale medium
  • Fungere som møtesekretær i interne og eksterne møter
  • Delta på oppfølgingsmøter med partnarane
  • Bidra i oppfølging av partnarane sitt klimaarbeid og klimarapportering
  • Delta i relevante forum i avdelinga i fylkeskommunen for å sikre god kommunikasjon og informasjonsflyt
  • Være ein motivator og pådrivar for Vestland som nullutsleppsregion

Personlege eigenskapar 

  • Samfunnsinteressert
  • Engasjert i klima- og miljøspørsmål
  • Strukturert
  • Sjølvgåande og initiativrik
  • Positiv og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode sosiale ferdigheiter
  • Ansvarsfull

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Klimapartnere tilbyr

  • Eit motiverande og stimulerande arbeidsmiljø
  • Interessante og viktige oppgåver. Arbeid som gir resultat og samfunnsnytte
  • Arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte fagfolk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Klimapartnere er eit forpliktande fellesskap for verksemder som ønskjer å ta ei rolle som pådrivarar i det grøne skiftet. Dei tar for seg FNs berekraftsmål 13 og 17: Stoppe klimaendringane, og samarbeid for å nå måla. 

Partnarskapen i Vestland består av 70 verksemder i privat og offentleg sektor, som har forplikta seg til å jobbe systematisk for utsleppskutt. Dei tilbyr informasjon og rådgiving, arrangerer møte for læring og samarbeid, og fungerer som ein koplingsboks for grøn næringsutvikling i heile fylket.  

Klimapartnere Vestland er ein del av seksjon for Grøn vekst, klima og energi i avdeling for innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune, og har to tilsette på fulltid. 

Trainee-Vest tilbyr ledige traineestillinger innan ulike fagfelt i spennande bedrifter. Dette er ein unik karrieremoglegheit og overgang frå studier til arbeidsliv for nyutdanna, med konkurransedyktig lønn, fagleg og personleg utvikling av høg verdi og ikkje minst eit unikt, tverrfagleg nettverk.

Stillinga gir plass i Trainee Vest sitt utviklingsprogram med felles samlinger med dei andre traineene gjennom året. Du får óg gratis medlemskap i Bergen Næringsråd og Bergen Unge Profesjonelle (Bergen UP).

Traineene blir tilsette for eitt år i 100 % midlertidig stilling. Ni av ti tidlegare traineer har fått fast ansettelse etter traineeåret. For å bli trainee må du ha fullført bachelor- eller mastergrad, ha maksimalt tre års arbeidserfaring etter end studie og beherske norsk både skriftleg og munnleg.