Engasjert kommunikasjonsrådgjevar?Vil du bidra til grøn innovasjon og næringsutvikling? Vestland tar den grøne leiartrøya på. Vestland har store ambisjonar om å bli eit utstillingsvindauge for berekraftig omstilling. Søknadsfrist: 25. mai 2022Stillingstittel: KommunikasjonsrådgjevarAnsettelsesform: ProsjektArbeidssted: BergenKontaktpersoner: Rådgiver i Personalhuset Search & Selection, Marie Salbu | 470 32 570Seksjonssjef Vestland fylkeskommune, Kathrin Jakobsen | 982 55 253Avdelingsleiar Innovasjon Norge, Kristine Timberlid | 952 26 051Søk her Grøn region Vestland er eit partnarskap mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge som involverer heile breidda av aktørar innan næring i regionen. Dei identifiserer innovasjonsprosjekt og verdikjeder som kan lykkast med å auke eksport og verdiskaping, skape nye arbeidsplassar, og samtidig ta vare på klima og miljø. Det er allereie gjennomført ein omfattande kartlegging av grøne initiativ. Er du klar for å lede arbeidet med å realisere desse? Kommunikasjonsrådgjevar vil arbeide tett med prosjektleiar for Grøn region Vestland, i tillegg til spennande samarbeid med Innovasjon Norge og andre sentrale aktørar. Du vil vera ein sentral drivkraft i å skape interesse og engasjement for det imponerande arbeidet som skjer i Vestland knytt til det grøne skiftet. Arbeidsoppgåver Formidling av moglegheiter, resultat og aktivitetar i Grøn region Vestland – regionalt, nasjonalt og internasjonaltInterkommunikasjon i Team VestlandSkape gode digitale og fysiske møteplassarPlanleggje og gjennomføre arrangementGjennomføre spørjeundersøkingarUtarbeide og følge opp kommunikasjonsplanar Kvalifikasjonar Kommunikasjons- og/eller journalistisk erfaringSvært gode munnlege og skriftlege eigenskaparGode kunnskapar i sosiale mediumRelevant høgare utdanningSærleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravDet er ein føremon med:Erfaring med videoproduksjon og grafisk designGode kunnskapar om grøn omstilling og grøn forretningsutviklingGodt etablert nettverk Personlege eigenskapar Høgt engasjementEvne til å byggje nettverk og gode relasjonarInitiativrik, ambisiøs og resultatorientert Systematisk med god evne til å planlegge, prioritere og sikre framdriftEvne til å kommunisere til eit breitt publikum Grøn region Vestland tilbyr Lønn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningarEt meiningsfylt arbeid med innflytelse på den grøne omstillinga og utviklinga av næringslivet, regionalt og internasjonaltEn spennande stilling som finne stad på tvers av sektorar og næringslivEn sjølvstendig stilling med stort handlingsrom Om arbeidsgivaren Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.