Han meiner særskilt ei årsak var utløysande for vindkraftopprøret

Podkast: Då Anders Totland innsåg at han ikkje skjønte kvifor stadig fleire protesterte mot vindkraft, bestemde han seg for å gå grundig til verks. No er boka her.

I den ferske boka «Vindmøllekampen – historia om eit folkeopprør» skildrar forfattar og tidlegare journalist Anders Totland korleis motstanden mot vindkraft auka frå 2019. Framfor å ta stilling for eller mot vindkraft, har Totland forsøkt å forstå kvifor motstanden auka så kraftig nett no. Særskilt peikar han på ein utløysande faktor som heilt avgjerande: den nasjonale ramma for vindkraft.

Han peikar på at då arbeidet med den nasjonale ramma vart lansert hausten 2018, så var det med lite oppstyr og først og fremst lokal motstand mot vindkraft. Den situasjonen meiner Totland endra seg brått då planen 1. april 2019 vart innsnevra til å peike på 13 aktuelle område i Noreg.

Forfattar Anders Totland.
Foto: Pressefoto/Samlaget

At hensikten var å avklare kvar ein ikkje skulle byggje vindkraft, meiner Totland vart ei umogleg oppgåve. – Alle dei som såg at dei var innanfor eitt av dei 13 områda, såg på det som at NVE sa at her skal ein planlegge ei utbygging.

Eit forsterkande element, ifølgje Totland, var at rammeplanen kom samstundes med at motstanden mot vindkraft på Frøya gav saka brei nasjonal merksemd. – For folk som ser på nyheitene dag etter dag at folk bind seg fast på Frøya, det er storpolitikk på spel, tyske ambassadørar som blandar seg inn, to norske ministrar, og forresten, i ditt område skal det kanskje byggjast vindkraft. Eg skjønnar at det var ei samlande kraft.

Høyr meir om i samtalen om:

  • kva motstandarene har oppnådd dei siste åra
  • Totlands første møte med vindkraftmotstand i heimbygda i Kvinnherad
  • korleis bokprosjektet vart møtt med skepsis frå begge sidar
  • uroa for at tilliten ein har til styresmakter og avgjersler kan bli varig svekka
  • korleis Totland meinar motstand mot vindkraft skil seg frå «Not in my backyard»
  • i kor stor grad utanlandsk eigarskap har vore drivande for motstanden
  • vindkraften sin plass i stortingsvalkampen

Abonner på Energi og Klima som podkast

Selv om du alltid vil finne siste episode her på nettsiden, er det enkleste for deg å abonnere på Energi og Klima. Helt gratis!

Det gjør du enten i iTunes, Google Podcast, PocketCast, Spotify eller Podbean. Da finner nye episoder automatisk veien til ditt øre.