Spår dobling av karbonprisen innan 2021

Det blir dyrare å forureine. Prisen på utsleppskvotar i Europa kjem til å auke mykje i åra framover, meiner Mark Lewis – analytikar i tankesmia Carbon Tracker Initiative i London.

Det er ikkje berre fotballovergangar som skapar overskrifter i avisene. Då Mark Lewis like over påske ble tilsett som ny forskingssjef i Carbon Tracker Initiative (CTI) – den britiske tankesmia som var først ute med å sette søkelys på finansiell klimarisiko – blei det slått opp som nyheit av både Financial Times og Reuters. Med mange års erfaring som energimarknadsanalytikar i finansbransjen, sist i Barclays, er Lewis ein av dei fremste ekspertane på sitt felt.

Eg møtte Lewis på kontoret til CTI i London i midten av mai for å snakke om Carbon Clampdown: Closing the gap to a Paris compliant EU-ETS – hans første rapport i si nye stilling. Her spår han kraftig auke i karbonprisen i Europa – opp mot ein dobling frå dagens nivå fram mot 2021 og vidare prisoppgang fram mot 2030.

Eg ville finne ut kvifor han meiner dette, kva føresetnader analysen bygger på, og kva konsekvensar ein kraftig vekst i karbonpris vil få for kraft- og industrisektoren.

MARK LEWIS
Mark Lewis er ny forskingsleiar i tankesmia Carbon Tracker Initiative. Han har mange års erfaring med å dekke energisektoren for finansbransjen, mellom anna frå Barclays, Kepler Cheuvreux og Deutsche Bank. Lewis har siden mai 2016 vore medlem av Task Force on Climate-related Financial Disclosures, ei arbeidsgruppe nedsett av G20-landas råd for finansiell stabilitet.

Utgangspunktet for Lewis sin analyse er allereie vedtekne endringar i det europeiske kvotehandelssystemet (EU ETS), med etableringa av marknadsstabiliseringsreserven (Market Stability Reserve, MSR) som det viktigaste grepet. MSR trer i kraft frå januar 2019 (for meir bakgrunn om MSR og andre endringar i kvotemarknaden anbefaler eg professor Jørgen Wettestads artikkel).

Energi og Klima: – Europeiske utsleppskvotar vert i dag handla for 15 euro per tonn, mot 4 euro for eit år sidan. Når hadde vi slike prisar sist?

Mark Lewis: – Det var for sju år sidan. Eg hugsar det veldig godt. Eg jobba i Deutsche Bank og vi hadde akkurat hatt Fukushima-ulukka i Japan. Responsen frå den tyske regjeringa var å kople fleire tusen megawatt med kjernekraftkapasitet frå det tyske nettet. Det skapte spaning, nervøsitet og spekulasjon i marknaden og karbonprisen gjekk opp. Så kom Hellas- og eurosonekrisa og karbonprisen kollapsa igjen, og har ikkje kome seg igjen før no.

– Kva skuldast prisoppgangen denne gongen?

– Den fundamentale faktoren er marknadsstabiliseringsreserven som trer i kraft i januar 2019, og som vil fjerne store volum med kvotar frå marknaden. Det endrar tilbods- og etterspurnadsdynamikken fullstendig.

– I det siste har vi også sett at spekulantar har returnert til marknaden. Dette har også fått prisene til å stige. I september i fjor, i min tidlegare jobb i Barclays, skreiv eg ein tilsvarande analyse som konkluderte omtrent som det vi har lagt fram no, nemleg at karbonprisen framover vil stige. Rapporten skapte stor interesse hos mange hedgefond.

– Kan du forklare korleis marknadsstabiliseringsreserven vil påverke prisene framover?

– Mens industrien i dag blir tildelt utsleppskvotar gratis, må kraftselskapa kjøpe nesten alle sine kvotar. Det gjer dei gjennom auksjonar. Det årlege talet på kvotar som vert auksjonert svarar i dag til cirka 900–950 millionar tonn CO₂. I januar neste år – når marknadsstabiliseringsreserven trer i kraft – vil dette talet bli redusert til 550 millionar tonn CO₂. Det betyr at ein fjernar 45 prosent av tilbodet til den delen av kvotemarknaden kor ein faktisk må kjøpe kvotane.

Avgjerdstakarar må seriøst byrje å tenke på avkarbonisering og ikkje undervurdere farten energiomstillinga skjer i, seier Mark Lewis. (Foto: Lars-Henrik Paarup Michelsen)

– Korleis vil aktørane reagere når tilbodssida vert redusert med 400 millionar tonn CO₂ frå eit år til eit anna?

– Det er tre måtar å dekke inn gapet på. Den første er at industriselskap som har opparbeida seg overskot av kvotar, bestemmer seg for å selje desse. Eg trur ikkje det skjer i stor skala, fordi industriselskapa vil vere meir opptekne av korleis dei sjølve skal klare seg i ein strammare kvotemarknad framover. Kanskje dei sel nokon kvotar for å tene litt på høgare prisar, men neppe i stor skala.

– Den andre måten er at kraftselskap – som normalt kjøper utsleppskvotar for tre år om gangen – reduserer tidshorisonten. Til dømes frå tre til eitt år. Det vil redusere behovet for å kjøpe i marknaden. Igjen, eg trur ikkje dette skjer. Kraftselskap driv hedging fordi kundane ønsker føreseielege straumprisar. Kjem du frå industrien vil du truleg vere meir bekymra for om prisane vil gå ytterlegare opp i framtida. Kanskje ønsker du å låse prisane nå og seier til RWE, Uniper eller ENEL at du ønsker hedging for fire eller fem år fram i tid, ikkje tre. Paradoksalt nok kan behovet for å kjøpe gå opp.

– Det betyr at det er den tredje måten som blir den viktigaste for å stabilisere kvotemarknaden, og det er å redusere CO₂-utsleppa, og dermed også etterspurnaden etter utsleppskvotar, ved å bytte frå kol til gass i kraftsektoren.

– Kva betyr dette for karbonprisutviklinga dei neste to-tre åra?

– Dette er ingen fast variabel, det kjem mellom anna an på prisane for kol og gass. Men å skifte frå eit lite effektivt kolkraftverk til eit gjennomsnittleg effektivt gasskraftverk, vil i Europa i dag krevje ein karbonpris på 20 euro per tonn CO₂ i 2019 og vidare til 25–30 euro per tonn i 2021.

– Kva legg de til grunn vil skje med overskotet av utsleppskvotar når kvotemarknadens tredje fase er over i 2020? Blir dei selt til marknaden eller plassert i marknadsstabiliseringsreserven?

– I vår analyse legg vi til grunn at alle ubrukte utsleppskvotar frå fase tre blir plassert i marknadsstabiliseringsreserven. Vi kalkulerer dette til 858 millionar tonn CO₂. I realiteten er det ein risiko for at 120–130 millionar tonn av dette blir selt tilbake på marknaden mot slutten av fasen vi no er inne i. Dette er dei såkalla artikkel 10C-kvotane – det vil seie kvotar som land i Aust-Europa har fått gratis for å modernisere energisystema sine, men som ikkje er brukt. Polen har dei fleste av desse. Innan 2020 må dei bestemme seg for om dei vil auksjonere kvotene eller ta dei med inn i fjerde fase for å distribuere dei gratis til eigen industri.

– Får vi rett i vår analyse, og karbonprisen er 25 euro per tonn i 2020, så har Polen sterke insentiv til å selje av to grunnar. For det første vil dei få ein god pris, for det andre vil det hjelpe å redusere prispresset i marknaden det året. Som du veit er Polen det landet som er mest sensitiv til høg karbonpris. Vi trur likevel at frykt for «straff» vil føre til at Polen vil velje ikkje å selje kvotene tilbake til marknaden.

– Kva med spekulantane som er tilbake – før eller seinare vil vel dei selje kvotane tilbake til marknaden?

– Vi veit ikkje kor stor del av marknaden som er drevet av spekulantar. Dei beste anslaga eg har sett er på 100–150 millionar tonn. Spekulantar sitt ikkje på kvotar for å bruke dei, men for å tene pengar. Men så lenge vi har ei prisutvikling der kurva peiker oppover, er det ingen grunn til å tru at dei vil selje. Det er meir sannsynleg at dei vil kjøpe meir.

– Storbritannia har enno ikkje bestemt om dei skal vere med i fjerde fase av EUs kvotehandelssamarbeid. Om dei vel å tre ut av EU ETS etter 2020, risikerer ein då at marknaden om nokre år blir tilført store mengder ubrukte britiske kvotar?

– Eg trur Storbritannia vel å bli verande i EU ETS etter Brexit, og det er også lagt til grunn for vår analyse. Skulle dei ikkje gjere det, vil det kunne skape ein kortsiktig disrupsjon. Då vil først og fremst britiske kraftselskap frigjere sine ubrukte utsleppskvotar, men også industriselskap som sitt på kvotar vil få insentiv til å selje desse tilbake til marknaden.

Det er openbert at dersom kvoteprisen går opp i 30 euro per tonn, så vil ein merke det på strømprisen

– Samtidig, på litt lenger sikt, vil kvoteprisen kunne gå opp som konsekvens av at Storbritannia trekker seg frå kvotesamarbeidet. Storbritannia har blant dei tøffaste utslippskrava i Europa. Utan Storbritannia må dei andre landa gjere ein større innsats for å klare å oppfylle EUs mål om 40 prosent utsleppskutt innan 2030. Det betyr at ein må senke utsleppstaket endå meir.

– Kva blir konsekvensen for kraftmarknaden om ein får ein kvotepris på 25-30 euro i 2021?

– Det vil føre til eit brenselsskifte frå kol til gass. Vi trur potensialet er 150 millionar tonn CO₂. Dersom det etter eit slikt skifte framleis er behov for tiltak som kan sikre betre balanse mellom tilbod og etterspurnad i marknaden – og det er her ein kan argumentere med at våre prisframskrivingar er konservative – vil ein måtte gå vidare til utsleppstiltak som kostar meir. Det kan vere overgang frå brunkol (lignite) til kol eller brunkol til gass. Det siste er dyrt, veldig dyrt. Det vil truleg krevje 65-70 euro per tonn.

– Kva blir konsekvensane for industrien?

– Eg trur vi kjem til å sjå ein gryande uro i industrien. Industrisektoren har til no ikkje behøvd å bekymre seg for kvotemarknaden. Kvoteprisen har vore låg og dei har fått tildelt dei fleste – om ikkje alle – kvotane gratis. Nå er vi inne i ein periode der økonomien i Europa gjer det betre enn på ei god stund, som hjelper etterspurnaden. No og då høyrer eg historier om sementselskap og raffineri i Europa som allereie må kjøpe kvotar. Dei har ikkje nok gratis kvotar for dekke utsleppa frå dagens produksjon. Det endrar alt.

Eg trur vi kjem til å sjå ein industrilobby som legg press på politikarane for å halde karbonprisen nede

– Det blir mykje tøffare for industrien frå 2021. Då vert dei nye produktstandardane som styrer tildelinga av kvotar stramma til, og kvotetaket vil falle med 2,2 prosent i staden for 1,74 prosent per år. Det høyrest ikkje mykje ut, men det det betyr er at taket vert senka med 48 millionar tonn per år og ikkje 38 millionar tonn per år. Kumulativt for perioden 2021-2030 vil det utgjere en stor skilnad.

– Korleis vil forbrukarane merke høgare kvoteprisar?

– Det er openbert at dersom kvoteprisen går opp i 30 euro per tonn, så vil ein merke det på strømprisen. Held prisstiginga fram i same tempo som nå, er det mogleg at vi kjem opp på dette nivået allereie neste år. Det er ikkje mitt hovudsccenario, men det kan skje. I fjor haust, då karbonprisen låg på 6 euro, trudde eg at vi først ville sjå 10 euro innan utgangen av 2018. Men 10 euro passerte vi alt i februar i år. Eg trur alle har blitt overraska over kor fort dette har gått.

– Med 30 euro per tonn vil også industrien måtte tenke nytt om framtida. Karbonprisen har alltid påverka strømprisen, men kor mykje har han påverka prisane for stål og sement? Truleg ingenting med dei lave prisane vi har hatt til nå. Men kjem det eit punkt kor dette vil endre seg? Ikkje på grunn av høgare karbonprisar i seg sjølv, men fordi industrien ikkje lenger har tilstrekkeleg med gratiskvotar?

– Eg trur vi kjem til å sjå ein industrilobby som legg press på politikarane for å halde karbonprisen nede.

– Kva med karbonlekkasje? Er det eit problem på papiret eller er det reelt for enkelte sektorar?

– Det er eit reelt problem for enkelte sektorar. Vi har blant anna opplevd at aluminiumsverk i Tyskland har blitt flytta til Midt-Austen for billegare strøm. Om det skuldast kvotepris eller andre ting skal eg ikkje seie sikkert. Meir alvorleg blir det den dagen den meir arbeidsintensive industrien trugar med å flytta ut, som stål. Vi har ikkje sett det til no, men om det skjer vil det verkeleg kunne legge press på politikarane.

– Det er mykje snakk om kraft og industri, men kva rolle vil luftfarten spele i kvotehandelssystemet framover?

– Luftfart er svært interessant. Det er den einaste sektoren der utsleppa aukar strukturelt. Det er heller ingen enkle løysingar. Det betyr at luftfart framover vil bli stadig viktigare for etterspurnaden etter utsleppskvotar i Europa.

– I dag er det berre flygingar internt i EU/EØS-området som er dekka av kvotesystemet. Men om EU finn ut at det internasjonale initiativet med å få kontroll med luftfartens utslepp ikkje er godt nok, vil truleg også lufttrafikk til og frå EU/EØS inkluderast.

– Er det sannsynleg at kvotemarknadens neste fase blir stramma ytterlegare til – i tråd med Paris-avtalen?

– Nederlands statsminister Mark Rutte har sagt at EU allereie i juni i år bør heve utslippsmålet frå 40 til 55 prosent innan 2030, men til no har berre Sverige gitt han støtte. Men mykje kan skje framover. I mars fekk Kommisjonen i oppgåve av Rådet å lage ein plan for korleis unionens utsleppsmål kan tilpassast Paris-avtalen. Dei fikk 12 månadar på å gjere det. Spørsmålet eg høyrer stadig fleire stille er om Kommisjonen vil publisere denne planen før fristen, som eit innspel til neste internasjonale klimatoppmøte.

– I rapporten har du også med eit scenario der kvotemarknaden vert tilpassa Paris-avtalen, med den konsekvens at ein får kvoteprisar langt over 30 euro per tonn fram mot 2030. Kva har reaksjonane vore?

I eit kortsiktig perspektiv er analysen veldig «bullish» på gassens vegne

– Særleg tysk media har vist stor interesse for prisanalysen vår. Mange journalistar har sagt til meg at det er utenkeleg at tyske myndigheiter vil akseptere karbonprisar som vil skvise ut kolet. Eg er ikkje så sikker på det. Ytterlegare innstrammingar av karbonmarknaden kan også vere til hjelp for tyske politikarar som står i stampe. Dei kan seie at dette er ikkje vår feil.

– Korleis vil kvotemarknaden bli påverka om Tyskland vel å stenge ned nokre av dei mest forureinande brunkolkraftverka gjennom politiske vedtak?

– Om Tyskland vel å fase ut brunkol raskare enn forventa, vil det vere «bearish» alt anna likt. Nøyaktig korleis det vil slå ut kjem naturlegvis an på kor mykje kapasitet som blir stengt ned og kor raskt. Personleg trur eg dei vil gå forsiktig fram. Husk Tyskland skal fase ut 8GW med kjernekraft mellom 2020-22.

– Då eg las rapporten din første gang, så tenkte eg at han er veldig optimistisk på vegne av gassinteressene. Er det riktig?

– Både ja og nei. I eit kortsiktig perspektiv er analysen veldig «bullish» på gassens vegne. Med karbonpris på over 20 euro startar gasskraft å bli konkurransedyktig med kol. Så ja, i laupet av dei neste ti åra vil dette vere positivt for gassinteressene. Men ser ein litt lenger fram, forbi 2030, så er det meir diskutabelt. Eg trur fornybar energi og batteriteknologi då vil sørge for at også gassen får ei mykje mindre viktig rolle.

– Kva er den viktigaste bodskapen til avgjerdstakarar som les rapporten?

– At dei må seriøst byrje å tenke på avkarbonisering og ikkje undervurdere farten energiomstillinga skjer i. Eg har på mange måtar levd gjennom det ved å dekke kraftsektoren i 15 år.

– For 13 år sidan blei tyske kraftselskap vurdert som dei beste i sektoren. Dei var «gullstandarden». Ingen ville investere i italienske og spanske kraftselskap. I dag er det heilt omvendt. ENEL og Iberdrola var veldig raske med å gå inn i fornybar – langt raskare enn dei tyske kraftselskapa. Dei tyske begynte først å investere i fornybar i stor skala i 2009 og 2010. Dei hadde mykje å ta igjen, og klarte det ikkje. Det får meg til å tenke at når dei to største tyske kraftselskapa bomma på den største moglegheita som denne industrien har hatt på 50 år, så kan det same skje med Shell, Exxon eller BP.