Podcast: På tide å selje Equinor? - Energi og Klima

Podcast: På tide å selje Equinor?

I kjølvatnet av Equinor-skandalen i USA har fleire teke til orde for ei tydelegare hand på rattet frå hovudeigaren staten. I denne episoden diskuterer vi alternative eigarstrategiar, som nedsal i utlandet.

Equinor-skandalen i USA har ikkje berre avslørt dårleg internkontroll og manglande openheit. Vi har også fått innblikk i eit selskap som har hatt urealistiske forventningar til framtidige oljeprisar, og som har teke enorm risiko på vegne av aksjonærane. Mens selskapet i ettertid beklagar kjøp av dyre kalkunar, raske bilar og elleville lønningar, er det lite som tyder på at leiinga og styret i Equinor har endra oppfatning av den overordna strategien som frå 2001 fekk selskapet til å satse på olje og gass internasjonalt.

I denne andre podcasten frå Energi og Klima diskuterer Sturle Rasmussen og Lars-Henrik Paarup Michelsen statens eigarskap i Equinor:

  • Finst det andre strategiar enn dagens som er betre til å oppfylle målet om «høgast mogleg avkastning over tid»?
  • Er det i statens interesse å eige eit selskap som investerer i olje- og gassproduksjon over heile verda?
  • Er splitting av selskapet ein farbar veg vidare eller vil det rive ned viktig kompetanse som skal ta oss til fornybarsamfunnet?
  • Kva kan vi lære av danske Ørsted og tyske E.On?

Podcasten finn du her. Energi og Klima er søkbar i programma du vanlegvis brukar til å lytte til podcast. Du kan også abonnere på podcasten via denne feeden: https://podcast.energiogklima.no/feed.xml

Kom gjerne med tips og tilbakemeldingar på denne episoden.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.