Kinesiske kutt gir framleis utflating av globale utslepp

Kina står for 29 prosent av karbonutsleppa i verda. Kinesiske kutt bidrar til at dei globale utsleppa har flata ut.

s07_fossilfuel_and_cement_emissions
Globale klimagassutslepp i milliarder tonn CO2, med estimat for 2016. (kilde: Global Carbon Budget 2016)

Tala for verdas klimagassutslepp for 2015 viser ein positiv trend: Utsleppa aukar ikkje.

– Det er tredje året på rad at utsleppa flater ut. Det er gledeleg, men nivået er også nær 60 prosent over 1990-utsleppa, seier Are Olsen, førsteamanuensis ved Geofysisk institutt og forskningsleiar på Bjerknessenteret.

Det globale karbonbudsjettet er ein årleg talfesting av CO2-utslepp, opptak og trendar i det foregåande året, og kommer også med anslag for årets utslipp. Budsjettet blir utforma i ein internasjonal forskningsdugnad under paraplyen Global Carbon Project.

Kinesiske utslepp gjekk ned 0,7 prosent i 2015, og landet sto for 29 prosent av karbonutsleppa. USA er det nest største utsleppslandet med 15 prosent.

Inga auke i bruk av fossilt drivstoff

Tala for totale utslepp frå bruk av fossilt drivstoff i 2015 er på 9,9 gigatonn karbon, mot 9,89 i 2014. 9,9 gigatonn (milliarder tonn) karbon, tilsvarer 36 milliarder tonn CO2.

– Det er godt nytt at dei totale utsleppa frå bruk av fossilt brensel heller ikkje auka i fjor. Utsleppa gjekk noko ned frå både Kina og USA, men motsett er det auke i utslepp frå både EU og India. Denne trenden ser ut til å halde fram i år, seier Olsen.

Størsteparten av CO2-utsleppa kjem frå kol (41 prosent), deretter olje (34 prosent), gass (19 prosent) og sementproduksjon (5 prosent).

Brenning av torv i Indonesia er ein av einskildårsakene til at landbaserte utslepp auka i fjor frå 1 GtC i perioden 2006-2014, til 1,3 GtC i 2015.

El Niño påverker CO2-opptak i vegetasjon

Sjølv om utsleppstrenden sto stille, ser ein at auken i CO2-innhaldet i atmosfæren var rekordhøgt. Auken i atmosfæren var på 6,3 GtC, det er det samme som ein auke på 2,97 ppm.

– Vi må tilbake til 1998 for å finne tilnærma lik auke i atmosfæren. Årsaka til dette er El Niño, som påverker CO2-opptaket i landbasert vegetasjon, El Niño har særleg gitt mykje tørke som gjer at skogane veks lite og dermed ikkje tar opp så mykje CO2. Me reknar med at opptaket normaliserer seg når El Niño-perioden er over, seier Olsen.

CO2-opptaket i skog var på 1,9 GtC mot normalt 3,1 GtC. Også 2016 er eit El Niño-år, og årets opptak i skog og vegetasjon er rekna å framleis vere lågt.

2015-tala viser at CO2-opptaket i havet var derimot som normalt, på 3,0 GtC – normalen er 2,6. Også dette året ventar ein sterkare CO2-opptak i havet, på grunn av El Niño.