"For generøse skattevilkår vil vere sløsing" - Energi og Klima

«For generøse skattevilkår vil vere sløsing»

Å gi for generøse skattevilkår for petroleumsnæringa vil vere sløsing, i tillegg har det ein tilleggskostnad i form av større klimautslepp, seier Linda Nøstbakken, førsteamanuensis ved Norges Handelshøyskole i Bergen.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.
Førsteamanuensis Linda Nøstbakken ved Handelshøyskolen i Bergen meiner at kva nivå friinntekta skal liggje på også er eit viktig poeng dersom me i Noreg opnar opp for å sjå på oljepolitikken i samanheng med klimapolitikken.
Førsteamanuensis Linda Nøstbakken ved Handelshøyskolen i Bergen meiner at kva nivå friinntekta skal liggje på også er eit viktig poeng dersom me i Noreg opnar opp for å sjå på oljepolitikken i samanheng med klimapolitikken.
  • For generøse skattevilkår for petroleumsnæringa har større klimagassutslepp som tilleggskostnad.
  • Mangel på investeringar på grunn av ei for låg friinntekt kan korrigerast seinare.
  • For låg friintekt har tilleggsbonus i form av lågare klimagassutslepp.

Linda Nøstbakken er utdanna økonom og forskar på ulike emne innan naturressursøkonomi, miljøøkonomi og energiøkonomi. Dette intervjuet om friinntekta i oljeskatteregimet er gjort i november 2015.

Oljeskatt på #Klimafrokost
Dette intervjuet ble første gang publisert i rapporten «Oljeskatten i energiomstillingens tid» i desember 2015. Vi publiserer det på Energi og Klima i forkant av #Klimafrokosten 13. april med tema: Etter Paris: På tide å stramme til oljeskatteregimet og heller øke trykket på å fremme utslippsfrie næringer?

Tema for intervjuet er nivået for friinntekta i petroleumsskatten – inntektsfrådraget i grunnlaget for utrekning av særskatten. Friinntekta vart i 2013 senka frå 7,5 prosent til 5,5 prosent. Fleire økonomar drøfta både den gong og no kva nivå som er det optimale både for å oppretthalde lysten til å investere på norsk sokkel og sikre staten sin rettmessige del av verdiskapinga.

Nøstbakken peiker på at nøytralitet i skattemessig samanheng har å gjere med om – og eventuelt korleis – skatten endrar åtferda til dei som vert skattlagde. No trekk ho inn i diskusjonen at det å gi for generøst skattevilkår for petroleumsnæringa vil vere sløsing og at det også har ein tilleggskostnad i form av større klimagassutslepp.

– Å finne eit riktig nivå på friinntekta er viktig dersom me skal sikre oss eit såkalla nøytralt oljeskattregime. Nøytral skatt i oljenæringa betyr at ein skatt ikkje bør verken styrke eller svekke selskapa sine incentiv til å investere og byggje ut oljefelt. Dei investeringane det er optimalt for selskapa å ta utan særskatt, skal også vere optimale etter særskatt – verken meir eller mindre. Sidan målet med petroleumsskattesystemet er å hente ut ressursrente, betyr dette at ein ønskjer å hente denne ut på ein måte som i minst mogleg grad påverkar åtferda til oljeselskapa.

– Då Stoltenberg si regjering i mai 2013 valde å senke friinntekta frå 7,5 prosent til 5,5 prosent, vart dette møtt med protestar frå oljenæringa. Også ulike økonomar meinte det no ville verte for dyrt for oljeselskapa å hente ut olje. Men då saka vart handsama i Stortinget skreiv fleirtalet i sine merknadar at «det vil framleis være eit investeringsvenleg skatteregime på norsk sokkel.» Korleis vurderer du dette?

– Det er ingen enkel jobb å rekne på om den nye satsen for friinntekt på 5,5 prosent gjer petroleumsskattesystemet vårt nøytralt, sidan både skattesystemet og selskapa sine investeringsavgjersler er komplekse. Eg har ikkje gått djupt inn i tala sjølv. Men eg har merka meg at nokre meiner at frådrag på 5,5 prosent er for lågt, medan andre meiner frådraget framleis er for høgt. Som fagøkonom synest eg argumenta til sistnemnde gruppe verkar mest fornuftige, det vil seie argumenta for at 5,5 prosent frådrag i alle fall ikkje er for mykje. Eg tenkjer difor at reduksjonen frå 7,5 prosent til 5,5 prosent var eit steg i rett retning for å få til eit nøytralt oljeskattesystem, seier Nøstbakken.

– Gitt at det er vanskeleg – og kanskje umogleg – å finne den eksakte satsen for friinntekta som gir eit mest mogleg nøytralt skattesystem, så synest eg det er viktig å få fram eit anna og relatert poeng. Når me ikkje kjenner den «optimale» satsen for friinntekta er det mogleg å gjere feil, enten ved at skattesystemet er for generøst fordi satsen for friinntekta er for høg, eller for forsiktig fordi satsen for friinntekta er for låg. Ein politikk som er for generøs medfører at selskapa kan ha incentiv til å hente ut oljeressursar som det ikkje er lønsamt for Noreg å hente ut, det vil vere sløsing. Ein politikk som er for forsiktig innebere at ikkje-utnytta, men lønsame oljeressursar, likevel kan hentast ut seinare. Kanskje dette best kan gjerast ved å justere skattesystemet dersom feilen var at dette ikkje var nøytralt.

– Kva for konsekvens vil det då ha om friinntekta er for generøs?

– Ei for høg friinntekt kan føre til uopprettelege tap, i den grad det gjer at selskapa får incentiv til å byggje ut det som for samfunnet er ikkje-lønsame felt. Feil investeringar på grunn av ei for låg friinntekt vil derimot kunne korrigerast seinare, sidan dette eventuelt vil medføre for lita utbygging. Olja ligg jo framleis der. Det er ikkje sikkert dette har hatt særleg mykje å seie så langt, men etter som norsk sokkel modnar og selskapa må konsentrere seg om stadig mindre og dyrare felt, vil dette verte stadig meir aktuelt, meiner Nøstebakken.

– Dette er også eit poeng dersom me i Noreg opnar opp for å sjå på oljepolitikken i samanheng med klimapolitikken. Olje ein gir selskap incentiv til å utvinne gjennom et for generøst skattesystem, men som ikkje er lønsam for Noreg, gir samstundes klimagassutslepp. Det vil auke den samla kostnaden ved denne typen feiljustering i skatteregimet.

Nøstbakken peikar på at olje som på grunn av eit for lite generøst skattesystem ikkje vert utnytta sjølv om det ville vore lønsamt, derimot gir ein liten bonus i form av reduserte klimagassutslepp.

– Eventuelt får me ei utsetjing av når utsleppa kjem. Dette høyrer også med i diskusjonen om kva nivå friinntekta bør leggjast, meiner førsteamanuensis ved Norges Handelshøyskole i Bergen, Linda Nøstbakken.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.