Kutt i kraft og industri trakk Europas utslepp ned – stor auke i flytrafikk

Ferske utsleppsdata for kvotepliktig sektor i EU viser ein samla reduksjon på 3,3 prosent i 2018, men også store sektorvise skilnader. Les også: Tyskland med største utsleppskutt på ti år og investeringsgigant åtvarar mot feilprising av klimaendringar.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Mindre kolkraft gav reduserte utslepp

Måndag offentleggjorde EU-kommisjonen førebelse utsleppsdata for sektorane som utgjer EUs kvotemarknad (EU ETS). Dei viser at kvotepliktige utslepp, som dekker omlag halvparten av EUs totale utslepp, vart redusert med 3,3 prosent i 2018. Det er Reuters som melder dette. Dei baserer seg på analysebyrået Refinitivs utrekningar for sektorane industri, kraftproduksjon/oppvarming og luftfart. Størst var reduksjonen i kraftsektoren med 6,4 prosent, mens industriens utslepp gjekk ned med kun 1,5 prosent. I luftfarten går utviklinga i feil retning – her var det vekst på heile 5,7 prosent frå 2017-18. Ryanair er selskapet med størst utslepp blant flyselskapa, og er det første flyselskapet som nokon gong har kome seg inn på utsleppstoppens topp 10-liste. The Guardian skriv meir om dette i artikkelen «Ryanair is the new coal» .

Når kvotesektoranes samla utslepp likevel gjekk ned i 2018 er det på grunn av fall i kolkraftproduksjonen. Forklaringa her er kraftig vekst i fornybar energi og brenselsskifte frå kol til gass. Britiske Sandbag har publisert ei veldig god oversikt over sektorvis utsleppsutvikling. Her kan ein mellom anna lese at utsleppa frå kraftproduksjon frå steinkol fall heile 9 prosent i 2018, mens utsleppa frå kraftverk som fyrer med brunkol gjekk ned med 3 prosent. Ni av dei største utsleppskjeldene i kvotepliktig sektor er brunkolkraftverk, skriv Sandbag. Sju av desse ligg i Tyskland.

Historisk utsleppsreduksjon i Tyskland

Tyske miljømyndigheiter sendte tysdag ut denne gladmeldinga: Tysklands utslepp av klimagassar gjekk ned med 4,2 prosent frå 2017 til 2018, viser førebelse utsleppsdata. Dette er den største reduksjonen i klimagassutslepp sidan finanskriseåret 2009. Som i første sak ligg hovudforklaringa i kraftsektoren. All fossil kraftproduksjon i Tyskland opplevde nedgang i 2018, mens fornybarproduksjonen auka. 1,5 GW med kolkraftkapasitet blei kopla frå det tyske straumnettet i 2018 (og lagt i «reserve»). Også tyske hushald reduserte utsleppa av klimagassar i fjor, men ein viktig del av forklaringa her ligg i varmare vær og dertil lågare energikonsum. Tyskarane slapp også ut mindre utslepp i sektorane transport og industri. Tyske miljøorganisasjonar hevdar nedgangen i liten grad kan forklarast av myndigheitenes politikk, skriv Clean Energy Wire. Samanlikna med 1990 har Tyskland redusert sine klimagassutslepp med om lag 30 prosent. Målet er minst 55 prosent innan 2030.

Klimarisiko: Investeringsgigant åtvarar mot for låg prising av klimaendringar

Torsdag offentleggjorde investeringsfondet Blackrock ein rapport der dei hevdar at investorar ikkje prisar konsekvensane av fysiske klimaendringar – som havstiging, orkanar, skogbrannar og tørke – høgt nok. Rapporten er stappfull av lett forståelege klimadata for USA. 58 prosent av amerikanske storbyområde vil oppleve klimarelatert fall i BNP på minst 1 prosent i 2060-2080. I delar av Florida kan ein vente seg BNP-tap på opptil 15 prosent som følge av stormar nær kysten. I 2060-2080 vil opp mot 26 prosent av storbyområda ha meir enn 100 dagar med over 35 gradar celsius per år, mot 1 prosent i dag. Kva konsekvensar får desse endringane for verdiane av amerikanske kommunale obligasjonar, næringseigedom og kraftaksjar? Dette forsøker rapporten å gi svar på. Financial Times har meir.

Shell ristar i fossil-lobbyen

Tysdag offentleggjorde Shell ein rapport dei dei vurderer medlemskapet i 19 bransjeorganisasjonar i Australia, Europa og Nord-Amerika i lys av klimaendringane. Her konkluderer dei med at selskapet er på linje, eller delvis på linje, med 18 av organisasjonane, men at dei ikkje kan halde fram medlemskapet i The American Fuel & Petrochemical Manufacturers (AFPM). I tillegg til ikkje å støtte Paris-avtalen, har AFPM markert seg ved å jobba mot karbonprising i USA og Obamas «Clean Power Plan», skriv CNN.

Burger King med kjøttfri burger

Vi avsluttar med snøggmatkjeden Burger King som 1. april annonserte at dei vil teste ut ein kjøttfri versjon av den populære hamburgeren Whopper. I første omgang er det utvalde restaurantar i USA som skal kunne tilby kundane dette, men Time spør om ikkje dette er beviset på at plantebasert «kjøtt» er i ferd med å bli mainstream. Burger King, som er USAs nest største hamburgerkjede, skal kjøpe råvarene i veggis-burgeren frå Silicon Valley-selskapet Impossible Foods. Vox trudde først det var aprilspøk, men det er det ikkje. Går forsøket bra vil Burger King rulle ut kjøttfri burger i alle 7000 restaurantane i USA. Reuters TV har også laga ein reportasje om saka.