Store pensjonsfond vil kaste Helge Lund som styreleiar i BP

På årets generalforsamling i BP vil fleire pensjonsfond røyste nei til at Helge Lund skal få halde fram som styreleiar. Les også: EU nådde ambisiøst gassmål og Volkswagen klar for elbilrabatt i USA.

I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I dag har eg plukka ut desse.

Opprør mot Lund før BPs generalforsamling

Det bryggar opp til aksjonæropprør før BPs generalforsamling 27. april, skriv både Financial Times og The Times. Tidlegare Statoil-sjef Helge Lund har vore BPs styreleiar sidan 2019 og står i år på val. No seier fleire britiske pensjonsfond – deriblant Nest (som forvaltar pensjonen til rundt kvar tredje britiske arbeidstakar) – at dei ikkje vil gi Lund fornya tillit.

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Bakgrunnen er at BP-leiinga i februar bestemte seg for å justere ned selskapets klimamål. Mens BP før hadde mål om å redusere klimagassutsleppa frå olje- og gassaktiviteten med 35-40 prosent innan 2030, heiter det no at målet er 20-30 prosent. Selskapet forklarer endringa med at dei ikkje ønsker å ta ned produksjonen av olje og gass like raskt som dei gamle klimamåla la opp til.

Nest og dei andre pensjonsfonda meiner dessutan at endring i eit selskaps klimamål er så strategisk viktig at det burde blitt drøfta med aksjonærane før det blei vedteke.

Vil du lese meir? Alle sakspapir til BPs generalforsamling finn du på denne sida. I tillegg til val av styrerepresentantar skal generalforsamlinga også ta stilling til eit aksjonærframlegg om å skjerpe selskapets klimamål. Pluss mange andre saker.

Gassforbruket i Europa kraftig ned

I fjor sommar sette EU mål om at gassforbruket i perioden 1. august 2022–31. mars 2023 skulle reduserast med 15 prosent samanlikna med gjennomsnittsforbruket i same periode i åra 2017–2022. Målet skulle vere frivillig å følgje. Denne veka offentleggjorde EUs statistikkbyrå Eurostat data som viser at målet blei nådd. Samla gjekk forbruket av gass i Europa ned med 17,7 prosent. Også majoriteten av medlemsland nådde 15-prosentsmålet – med størst nedgang i gassforbruket i Finland (-55,7 prosent), Litauen (-40,5 prosent) og Sverige (-37,2 prosent). Ekspertar som Financial Times har intervjua, seier den viktigaste årsaka til fallet i gassetterspurnaden er overgangen til andre energikjelder, men at ein mild vinter også har spela inn.

Som Energi og Klima har skrive blei EUs energiministrar nyleg einige om å forlenge dette krisetiltaket: Det nye målet er at gassforbruket i perioden 1. april 2023–31.mars 2024 skal kuttast med 15 prosent målt mot snittforbruket i same periode dei siste fem åra. Målet skal framleis vere frivillig for medlemslanda å nå.

Les også: Tyskland forbyr innbyggarane å installere nye olje- og gassfyringssystem frå 2024.

Biden vil gi elbilsubsidiar til Volkswagen

Som første ikkje-amerikanske bilprodusent har Volkswagen kvalifisert seg for elbilrabatt under Bidens nye klimalov, the Inflation Reduction Act (IRA). Det skriv Politico. I første omgang er det ID.4 som har kome med på den offisielle lista over bilar som no kan seljast til amerikanske forbrukarar med ein føderal avgiftsrabatt på opp mot 7500 dollar.

IRA har skapt spenningar over Atlanteren fordi lovpakka diskriminerer det som ikkje er «made in USA». Politikarar i Europa fryktar at IRA vil ekskludere europeiske bilprodusentar frå den amerikanske marknaden. For å kvalifisere seg for full elbilrabatt må ein innfri krav knytt til mellom anna produksjon, komponentar/mineral i elbilbatteriet og bilens verdikjede. For å kvalifisere ID.4 for avgiftsrabatt har Volkswagen mellom anna etablert ei produksjonsline i Chattanooga (Tennessee) og bytta batteriprodusent, skriv The Verge.   

Raskare issmelting i Antarktis og på Grønland

Ein av vekas mest omtalte klimarapportar handlar om issmelting og havstiging og blei publisert torsdag i tidsskriftet Earth System Science Data. Eit internasjonalt forskarteam – med støtte frå romfartsorganisasjonane NASA og ESA – har analysert 50 satellittundersøkingar av Antarktis og Grønland frå perioden 1992–2020. Konklusjonen er at mengda is som har smelta, har seksdobla seg dei siste 30 åra. BBC forklarar: Dersom all is som hadde smelta i Antarktis og på Grønland sidan 1990-talet hadde blitt omgjort til ein isbit, ville sidene vore 20 kilometer lange.  

Vidare skriv forskarane at issmelting no er ansvarleg for 25,6 prosent av den observerte havstiginga – mot 5,6 prosent tidleg på 1990-talet.

CNN siterer hovudforfattar Inès Otosaka på at ho forventar at Grønland vil halde fram med å miste is, mens det er meir usikkert kva som kjem til å skje i Antarktis.

Danmark vil møte klimamål med meir biodrivstoff

Onsdag inviterte den danske klimaministeren Lars Aagaard (M) til stort klimamøte på Marienborg. Ein av dei viktigaste nyheitene han kom med, var at regjeringa vil legge opp til auka innblanding av biodrivstoff i bensin og diesel – tilsvarande det norske innblandingskravet. I 2023 må danske drivstoffleverandørar blande inn 3,4 prosent «grønt» i drivstoffet dei sel. Denne prosentsatsen skal gradvis aukast til 7 prosent i 2030. Ministeren annonserte også at departementet jobbar med å etablere eit tak for bruk av førstegenerasjons biodrivstoff.