Raudblå regjering gjer klima til hovudsak

Danmarks nye regjering skjerpar målet om netto null og lover å gjere det som trengs for å redusere klimagassutsleppa med 70 prosent innan 2030. Les også: Storbanken HSBC droppar nye olje- og gassprosjekt.

Ministrene i Danmarks nye regjering står samlet utenfor Amalienborg slott
Danmarks statsminister Mette Frederiksen presenterer Danmarks nye koalisjonsregjering på Amalienborg Slott i København. Foto: Mads Claus Rasmussen/AP/NTB

I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I dag har eg plukka ut desse.

«Over midten»-regjering med sterkt klimamandat

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Danmark har denne veka fått ei raudblå regjering utgått av Socialdemokratiet (S), Venstre (V) og Moderaterne (M). I regjeringsplattforma vert målet om klimanøytralitet framskunda fem år til 2045. På kort sikt skal utsleppa kuttast i tråd med allereie vedtekne klimamål: 50-54 prosent innan 2025 og 70 prosent innan 2030 (målt mot 1990). Til Politiken-eigde Klimamonitor er det fleire som kritiserer regjeringa for ikkje å oppjustere dei kortsiktige klimamåla. Jørgen Steen Nielsen i Information (+) skriv at intervallet i 2025-målet betyr at regjeringa kan sleppe unna med å kutte kun 0,4 millionar tonn CO2 på to år.

Kva med politikken? DR har laga ei oversikt over dei fem viktigaste klimasakene. Blant anna lover SVM-regjeringa å bruke fleirtalet til å innføre klimaavgift for landbruket og på flyreiser.

Eit av dei mest interessante grepa i energipolitikken er etablering av ein nasjonal energikrisestab (NEKST). Krisestaben skal akselerere utrullinga av fjernvarme og sikre raskare utbygging av fornybar energi og straumnett.   

Og folka? Lars Aagaard (M) får ansvar for klima- og energifeltet. Han kjem frå jobben som administrerande direktør i bransjeorganisasjonen Green Power Denmark (tilsvarande Energi Norge). Tidlegare Klima-, energi- og forsyningsminister Dan Jørgensen (S) får som ny utviklingsminister også ansvar for Danmarks globale klimainnsats. Full oversikt over regjeringsmedlemmene finn du her.

Storbank skal slutte å finansiere nye olje- og gassprosjekt

Ei av vekas største klimanyheiter frå finansverda er at den europeiske storbanken HSBC har kunngjort at dei ikkje lenger vil bidra med direktefinansiering av nye olje- og gassfelt. I 2021 fekk HSBC mykje kritikk for å ha investert 8,7 milliardar dollar i olje og gass, skriv BBC.

Financial Times peikar på at HSBC framleis vil kunne tilby finansiering og rådgiving til energiselskap som har ekspansjonsplanar i det fossile, men skriv at grepet likevel kan bidra til å legge press på konkurrentar om å følgje etter. Både organisasjonen Sierra Club og forfattar Bill McKibben har i sine kommentarar sagt at HSBCs nye retningslinjer set ein ny minstestandard for kva bankar bør gjere for å drive i tråd med 1,5-gradarsmålet.

Held varmen med «klimabombe»

Det er ikkje berre i Noreg folk kvir seg til ein kald vinter med høge straumprisar: I Tyskland blir det rapportert om vedtjuveri og tjuvhogst, medan det i Irland er torva som i aukande grad går opp i røyk, melder The Guardian. Irland har historisk vore rikare på torv enn skog, og torvhausting og -brenning har lange tradisjonar. Men for klimaet er dette ein elendig praksis: Torv er eit verdifullt karbonlager, som det kan ta 1000 år å danna ein meter av. Torvbrenning gir òg dårleg inneklima og er ei kjelde til miljø- og helseskadeleg partikkelforureining, ifølgje nettavisa The Journal. Styresmaktene i Irland har prøvd å få slutt på torvbrenning. I oktober innførte dei forbod mot torvbrensel, men forbodet gjeld ikkje uttak av torv til eige bruk.

Vil ha Vietnam på kol-avvenning

G7-landa, EU, Danmark og Noreg har inngått ein klimaavtale med Vietnam, melder Financial Times. Avtalen forpliktar dei rike landa til å mobilisere 15,5 milliardar dollar dei neste tre til fem åra, mens Vietnam lover å auke andelen fornybar energi i kraftmiksen til rett under 50 prosent innan 2030 (mot dagens mål på 36 prosent). Kolkraftkapasiteten skal i same periode reduserast frå 37 GW til 30,2 GW. Avtalen kan lesast i sin heilskap her.

Vietnam, som dei siste åra har hatt den kraftigaste veksten i utslepp frå fossil kraftproduksjon i heile Søraust-Asia, er det tredje landet som under programmet Just Transition Energy Partnership (JTEP) får økonomisk støtte til å avkarbonisere energisektoren. Dei to andre er Sør-Afrika og Indonesia. JTEP blei lansert i 2021 under klimatoppmøtet i Glasgow.

Politiaksjon mot klimaaktivistar

Tysk politi bruker store ressursar på å handtere klimaaktivistar. I Berlin er det meir enn 2000 saker om ordensforstyrringar under behandling, melder Tagesspiegel. Avisa siterer Berlins borgarmeister Franziska Giffey (SPD) som seier at dette har kravd 210 000 arbeidstimar frå politiet.

Tysdag gjennomførte tysk politi ransakingar i fleire delstatar mot leilegheiter knytt til personar i organisasjonen Letzte Generation. Bakgrunnen for politiaksjonen kan ha vore mistanke om sabotasje mot ein oljerøyrleidning, skriv Reuters. Tidlegare i haust gjekk den konservative opposisjonen i Tyskland ut og kravde tøffare sanksjonar mot klimaaktivistar. Det skjedde etter at ein syklist døyde i samband med ein aksjon på ein motorveg.