Miniavgift skal finansiere overgangen til fossilfri luftfart i Danmark innan 2030

I tillegg til tiltak mot luftfartens klimaproblem kan du lese om framtida for el-lastebilar, pengar spart med energisparing, FN-sjefen ut mot fossilindustrien og klimakritikk av Verdsbank-sjefen.

«Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Kan dansk flyinitiativ skape endring i Montreal?

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

I sin siste nyttårstale lova statsminister Mette Frederiksen at alle innanriksflygingar i Danmark skal vere fossilfrie innan 2030. Denne veka følgde ho opp: Ei ny passasjeravgift på 13 danske kroner skal innførast frå 2025 og skal gjelde på alle flyreiser. Partia som utgjer Frederiksens parlamentariske grunnlag, Enhedslisten, SF og De Radikale, var kjapt ute med støtte til forslaget. Men dei meiner alle at nivået på den nye avgifta er altfor låg. Dei har utvilsamt eit poeng: I danske kroner er den norske flypassasjeravgifta til samanlikning på 58-155 kroner (avhengig av destinasjon). Men det er ein stor skilnad på den norske og danske modellen. I Danmark er ikkje avgifta meint å vere ei rein fiskal avgift, skal vi tru regjeringa. Ho skal i staden gå direkte til å finansiere dei tiltaka som trengs for å nå 2030-målet. Totalt er det snakk om 1,8 milliardar danske kroner.

Det store bilete: Luftfarten er på god veg tilbake til same aktivitetsnivå som før pandemien, som igjen betyr at utsleppa aukar. I lys av klimakrisa hastar det med tiltak – og i dette arbeidet spelar FNs luftfartsorganisasjon (ICAO) ei nøkkelrolle.

Den danske regjeringas utspel kom nøyaktig ei veke før ministermøtet i ICAO tek til i Montreal – og må difor sjåast på som eit forsøk på å drive litt nudging i forkant av det. Det trengs. Det mest konkrete utfallet av ICAO-møtet blir sannsynlegvis eit langsiktig og uforpliktande netto null-mål i 2050.

I ein kommentar som nyleg er publisert i Nature får luftfarten sterk kritikk av CICEROs forskingsleiar Steffen Kallbekken. Han skuldar bransjen for å tenke altfor smalt når det kjem til å avkarbonisere dei lengste flyrutene – der batteri ikkje er mogleg. Nesten utan unnatak sentrerer bransjens løysingar seg om følgjande alternativ: berekraftig flydrivstoff og kompensasjon av klimagassutslepp. Begge deler har tvilsam effekt, skriv Kallbekken.

Les også: Flyindustriens klimaplanar er i samsvar med fire gradars oppvarming, viser Climate Action Trackers siste analyse.

No kjem utsleppsfrie lastebilar for fullt

I samband med den internasjonale transportmessa i Hannover denne veka (IAA Transportation), la konsulentselskapet McKinsey fram ein rapport som hevdar at den vegbaserte tungtransporten no står på startstreken til ein grøn revolusjon. Innan 2024 vil transportselskapa kunne velje blant 70 modellar av  utsleppsfrie lastebilar. Ein kraftig vekst samanlikna med dagens vareutval, men framleis eit stykke opp til dei 130 modellane med diesel-tank som er tilgjengeleg. McKinsey trur at når vi har kome til 2040 vil 85 prosent av alle nyregistrerte lastebilar i Europa, USA og Kina vere utsleppsfrie.

Kva teknologi vil vinne fram? McKinsey spår at batteri og hydrogen kjem til å leve side om side som dei dominerande teknologiane. Det same trur lastebilprodusentar som Volvo, Daimler og Nikola, rapporterer Bloomberg frå Hannover. Nikola, som kanskje er i ferd med å reise seg igjen som utfordrarselskap etter dei alvorlege svindelskuldingane for ein del år tilbake, brukte tranportmessa til å avduke Nikola Tre FCEV. Dette er selskapets hydrogenlastebil meint for den europeiske marknaden. Serieproduksjon skal visstnok starte i 2024.

Les også: Organisasjonen Transport & Environment er mindre optimistisk når det kjem til utrulling av utsleppsfrie tunge køyretøy. I Europa er farten altfor låg til å nå klimamåla, skriv dei i ein ny studie. Dei oppmodar EU om å innføre forbod mot sal av fossildrivne bussar og lastebilar frå og med 2035.

Energisparing er det som raskast kan gi lågare straumprisar

Nivået på vinterens straumprisar vil langt på veg bli avgjort av kor vidt Europa lukkast med å redusere straumforbruket sitt, skriv svenske Energiforsk i analysen Lowering prices in a hurry. Analysen tek utgangspunkt i dei svenske prisområda SE3 og SE4 (sør i Sverige), og konkluderer:

  • For kvart prosentpoeng som Europa klarar å redusere sitt straumforbruk, vil straumprisane for svenske husstandar bli redusert med om lag 17 svenske øre per kWt.
  • Dersom EU når Europakommisjonens mål om å redusere forbruket med 10 prosent innan mars 2023, vil elprisen i SE3 og SE4 bli redusert med cirka 170 svenske øre per kWt. For ein husstand som har eit forbruk på 2000 kWt per månad, vil dette gi ei innsparing gjennom vinteren på rundt 4000 svenske kroner per månad.

Og dersom ein ikkje klarar å ta ned straumforbruket? Ved business as usual ventar Energiforsk at straumprisane til vinteren i SE3 og SE4 vil doble seg samanlikna med det som var gjennomsnittsprisen for perioden januar-august 2022.

Sjekk også: Å spå om framtidige straumprisar er svært usikkert. Men at energisparing har effekt, herskar det ingen tvil om, seier Markus Wråke frå Energiforsk i intervju med SVT Nyheter.

Oljeselskapa bør betale for klimaskade

Det har vore høgnivåveke under FNs generalforsamling. I motsetning til dei fleste statsleiarane som har vore på talarstolen i New York, brukte generalsekretær António Guterres store delar av sin tale til å adressere klimaendringane. Bodskapen var ikkje til å ta feil av: «Polluters must pay»! Verdas rike land må skattlegge fossilindustriens ekstraordinære superprofitt  («windfall tax»), oppmoda han. Inntektene frå ekstraskatten må brukast på å hjelpe land som i dag betalar for konsekvensane av klimaendringane, og til innbyggjarar som no slit med å betale for dyrare mat og energi.

Som The Guardian heilt riktig påpeikar, var orda til generalsekretæren eit ekko av forslaget som Europakommisjonen presenterte for kort tid sidan.

Verdsbankens sjef får massiv kritikk etter klimadebatt

Er Verdsbankens sjef David Malpass ueigna for jobben? Stadig fleire har stilt seg nettopp det spørsmålet etter ein debatt i regi av New York Times tysdag denne veka. Heile tre gongar skal Malpass ha fått spørsmål om han aksepterer at klimaendringane er menneskeskapt, utan at han greidde å gi eit klart svar. Til slutt skal han ha svart noko slikt som at han ikkje var vitskapsmann, og at han ikkje visste.

Kritikken mot Malpass har kome frå alt frå offentlege tenestepersonar til miljøaktivistar, skriv Financial Times. Al Gore var blant dei som rykka ut og kalla Malpass for klimafornektar, noko hovudpersonen sjølv har presisert overfor CNN at han ikkje er.

Kritikken mot Malpass, som i 2019 vart nominert til jobben av Donald Trump, er på ingen måte ny. Under Malpass si leiing har Verdsbanken mellom anna blitt kritisert for å halde fram finansieringa av fossile energiprosjekt. Malpass sitt åremål går ut i 2024.