Fornybarindustrien i USA jublar over nytt budsjettforlik

Fornybarindustrien i USA har fått det dei ønska seg aller mest: Forlenging av skattefrådrag i fem nye år. Nå varslar dei “boom” for amerikansk sol- og vindkraftutbygging. Les også om IEA som nedjusterer kolprognosane og kritikk mot Noreg for dobbelspel.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

GODE UTSIKTER FOR SOL OG VIND I USA: Kongressen vedtok fredag å forlenge skattefrådraget for sol- og vindenergi med fem år. Vedtaket er ein del av ein større budsjettavtale mellom republikanarane og demokratane. Fornybarindustrien har med det fått den beste julegåva dei kunne ha håpa på. Skattefrådraget for solenergi skulle eigentleg gått ut i 2016, mens det for vindkraft gjekk ut i 2014. At ein no forlenger med fem år vil ifølge Bloomberg New Energy Finance (BNEF) bidra til utbygging av 20 GW solenergi og 19 GW vindenergi. USA viser med dette at dei for alvor har tenkt å vere med i det globale fornybar-kappløpet – i sterk kontrast til det som skjer i Storbritannia. Budsjettavtalen inneheld også oppheving av det 40 år gamle forbodet mot eksport av amerikansk olje.

KVA SKJEDDE I PARIS? Det er skrive mange gode kommentarar den siste veka om Paris-avtalen og kva han betyr. Ein av mine favorittar er We’ll always have Paris av Michael Liebreich i BNEF. Han meiner avtalen er starten på skilsmissen med den fossile industrien: “The industry can bluster, talk about how hard it works to feed the kids, how it will reform its behaviour, but a key point has passed, an irreversible process has started. Which sensible businessperson or investor can ignore the clear signal?” Vi har no lagt bak oss ein periode med enorm vekst i fornybar energi. Skal vi tru Liebreich vil dei neste ti åra handle om avkarbonisering av transportsektoren og energieffektivisering. Han trur vi kan oppleve same raske teknologi- og kostnadsutvikling her som vi har hatt for sol og vind.

DET SER MØRKT FOR KOLINDUSTRIEN: IEA presenterte fredag ein ny rapport om kolmarknadene som viser at det er slutt på mange års vekst i denne sektoren. Fall i Kinas kolforbruk er nøkkelen. Marknadsutsiktene for kol som vert presentert i denne rapporten er langt dystrare for kolindustrien enn det IEA tidlegere har lagt til grunn. I eit «peak coal scenario» er Kinas kolforbruk i 2020 9,8 prosent lågare enn i 2013. I dette scenariet fell kolforbruket globalt med 0,1 prosent årleg, medan det veks 0,8 prosent årleg i rapportens hovudscenario. Sjølv om Kina tek langsomt farvel med kolkraft, ventar ein sterk vekst i kolforbruket i andre delar av Asia, særleg i India. Les også Bloombergs omtale.

NORSK DOBBELSPEL: Norway gives COP21 a could shoulder kunne ein denne veka lese hos EurActiv.com. Artikkelen refererte til den norske debatten om framtida for oljeindustrien i lys av Paris-avtalen. Veka før var det Die Zeit som skreiv kritisk om Noreg. Den tyske avisa kallar det dobbelspel at vi finansierer både klimaforsking OG kolgruvedrift på Svalbard. Minst like kritisk var New York Times tidlegare i vår. I ein leiarartikkel om Stortingets vedtak om å trekke oljefondet ut av kol meinte dei Noreg opptredde hyklarisk. “It is simply not enough for a country that contributes so much gas and oil to publicly put the onus on coal”, skreiv avisa. Det er kanskje tilfeldig, men Noreg to ansikter ser ut til interessere stadig fleire journalistar utanfor landets grenser. Med 23. konsesjonsrunde i horisonten og løfte om oljeeventyr langs iskanten kan det bli meir å skrive om i 2016.

KINESISKE KLIMAFORSKARAR SLÅR ALARM: Kina har på kort tid gått frå vere bremsekloss i internasjonale klimaforhandlingar til å bli pådrivar for det grøne skiftet. To rapportar som kinesiske forskarar la fram denne veka forklarar alvoret klimaendringane representerer i Kina. Ifølge The Telegraph konkluderer begge rapportane med at dei raske oppvarminga i Himalaya og på det tibetanske høglandet kan truge vassystema til kjempeelvene Huang He (“den gule elva”), Chang Jiang og Mekong. Det tibetanske platå vert rekna som verdas “tredje pol” – den største kjelde til ferskvatn utanfor Arktis og Antarktis. Kanskje ikkje så rart at kommunistpartiet ser seg tent med ein offensiv klimapolitikk.