FN med historisk klimavedtak

Den internasjonale domstolen (ICJ) er bedt om å vurdere statars klimaansvar. Les også: Kritikk mot Sunaks klimaplan, litt mindre fakling i fjor og historisk høge sukkerprisar har klimaforklaring.

I Fem på fredag presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I dag har eg plukka ut desse.

Skal vurdere statars klimaansvar

Ikkje berre har storkammeret i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) denne veka gjennomført høyringar i domstolens aller første klimarettssakar, men stillehavsøya Vanuatu har også fått FNs generalforsamling med på å be Den internasjonale domstolen (International Court of Justice, ICJ) om å klargjere statars klimaansvar. Resolusjonen, som kan lesast her, blei støtta av over 100 statar, inkludert Noreg. Kina og USA var ikkje blant desse.

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

ICJ er venta å bruke 1-2 år på arbeidet. Sjølv om det dei kjem fram til, ikkje er juridisk bindande for FNs medlemsland, kan det likevel få konsekvensar for framtidige klimasøksmål. Til Financial Times seier Oxford-professor Lavanya Rajamani at ICJs anbefalingar kan bidra til å etablere ein benchmark for kva ein kan forvente av statar i møte med klimaendringane. Same perspektiv blir framheva av BBC.

Presenterte klimaplan på fleire tusen sider – kan ende med nytt søksmål

Torsdag la den britiske regjeringa fram ein dokumentpakke på fleire tusen sider som skal vise korleis Storbritannia skal nå målet om netto null innan 2050. Bakgrunnen for framlegginga var at High Court i fjor sommar kunngjorde at regjeringas førre klimaplan var altfor lite detaljert – og dermed lovstridig.

 I The Guardians oppsummering blir elbilar, karbonfangst og -lagring (CCS), hydrogen og kjernekraft utropt til den nye klimaplanens vinnarar. Men samla sett skal ikkje det som blei lagt fram, vere kraftig nok til å levere på måla. I beste fall vil Sunak-regjeringas politikk levere 92 prosent av dei lova utsleppskutta innan 2030 (som er å kutte 68 prosent av utsleppsnivået i 1990). Med norske auge er dette veldig bra (Noreg ligg langt etter …), men i Storbritannia har regjeringa fått svært mykje kritikk. Det kan godt hende at også den nye klimaplanen endar i retten, skriv Financial Times på leiarplass.

Enorme mengder gass går til spille gjennom fakling

I 2022 blei heile 139 milliardar kubikkmeter gass (bcm) brent frå verdas olje- og gassinstallasjonar (fakling). Det skriv Verdsbanken i siste utgåve av Global Gas Flaring Tracker Report. Til samanlikning utgjorde norsk gasseksport i 2022 rundt 120 bcm.

Den gode nyheita er at dette er det lågaste nivået sidan 2010 og ein nedgang på 5 bcm samanlikna med 2021. Verdsbanken skriv at særleg tre land representerte reduksjonen i 2022: Nigeria, Mexico og USA. Desse landa er likevel blant gruppa på ni land som har ansvar for tre firedelar av all fakling globalt. Dei andre seks er Russland, Irak, Iran, Algerie, Venezuela og Libya.

Og målt i klimagassutslepp? Fakling var skuld i at 357 millionar tonn CO₂-ekvivalentar (CO₂e) blei slept ut i atmosfæren i 2022.

Klimaråd med norsk professor refsar den svenske regjeringa

Onsdag kom det svenske klimarådet med kraftig kritikk mot klimapolitikken til Ulf Kristersson si borgarlege regjering. For første gang på lenge ligg Sverige an til å auke utsleppa av klimagassar.

Klimarådet er Sveriges formelle «vaktbikkje» som kvart år leverer ein rapport som vurderer regjeringa sin politikk opp mot målet om netto null klimagassutslepp innan 2045.

I perioden 1990-2021 reduserte Sverige utsleppa med 33 prosent – eller 0,8 millionar tonn CO₂e per år. For å nå 2045-målet må utsleppa framover kuttast med i snitt 2 millionar tonn CO₂e årleg. Ifølgje Klimarådet har dagens svenske regjering eit altfor einsidig fokus på ny kraftproduksjon som klimatiltak. Dei etterlyser meir heilskapleg tilnærming, meir systematikk og tydelegare leiarskap. Kristersson-regjeringa skal til hausten levere ein ny klimahandlingsplan, skriv Supermiljøbloggen.

UiO-professor Elin Lerum Boasson er medlem av det svenske klimarådet.

Klimaendringar og klimapolitikk pressar opp sukkerprisane

Alle som er interessert i å forstå klimarisiko, bør undersøke årsakene til at marknadsprisane for raffinert sukkert har stige til det høgste nivået sidan 2012. Ifølgje Bloomberg ligg ein viktig forklaring på prisveksten i India. To forhold er særleg viktige:

  • Ekstrem nedbør: Kraftig regn tidlegare i vinter reduserte avlingane i Maharashtra, som står for meir enn ein tredel av Indias sukkerproduksjon. Reuters har omtalt dette tidlegare.
  • Klimapolitikk: Samtidig legg statsminister Modis biodrivstoff-satsing beslag på større deler av Indias sukkerrøyr. Målet er å bruke 6 millionar tonn sukker til biodrivstoffproduksjon i 2025 – mot 3,6 millionar tonn i fjor.

I sum betyr dette at Indias sukkereksport i årets sesong (som går frå oktober til september) truleg vil ende på mellom 4 og 6 millionar tonn – mot 11 millionar tonn i fjor. Effekten er – som The Guardian skreiv tysdag – høgare prisar for industri og forbrukarar over heile verda.