Vil ta EU mot nullutslepp i 2050

På oppdrag frå medlemslanda har EU-kommisjonen publisert ein strategi for korleis EU kan oppnå netto nullutslepp innan 2050. Les også: Restart for CCS i Storbritannia, forskarar åtvarar mot øydelagt matsystem og oljeavrunding må bli klimapolitikk.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Netto nullutslepp i 2050: Som oppspel til neste vekes klimatoppmøte i Katowice i Polen, la EU-kommisjonen onsdag fram ein strategi for korleis unionen kan bli klimanøytral i 2050. Strategien inkluderer åtte ulike vegkart som alle reduserer klimagassutsleppa i tråd med Paris-avtalen (med minst 80 prosent samanlikna med 1990). To av vegkarta gir netto nullutslepp. Eit slikt ambisjonsnivå vil krevje at investeringar i energisystem og infrastruktur må aukast frå 2–2,8 prosent av BNP – opp mot 290 milliardar euro i året. Skilnaden på vegkarta ligg i korleis dei vektlegg ulike teknologiske og organisatoriske løysingar, til dømes kor stor rolle karbonfangst og -lagring (CCS) eller livsstilsendringar vil spele. Kommisjonens grundige analyse inneheld også ei utsleppsframskriving basert på allereie vedteken klima- og energipolitikk. Ho viser at «business as usual» vil redusere klimagassutsleppa i EU med 45 prosent innan 2030 og 60 prosent innan 2050 (samanlikna med 1990). Twitter-tråden frå Andreas Graf i Agora Energiewende er interessant om du vil vite meir om kva Kommisjonen skriv om 2030. Deriblant om forventa konsum og import av gass.

Kjøttkonsumet må ned: Det globale matsystemet er øydelagt og må fiksast. Det skriv 130 akademikarar i ein ny rapport finansiert av det tyske utdannings- og forskingsdepartementet. Rapporten, som er fagfellevurdert, er omtalt i The Guardian. Forskarane viser til at matsystemet både bidreg til klimaendringar, underernæring, fedme, matsvinn og dårleg helse. Løysinga, skriv forfattarane, må handle om meir enn berre å redusere klimagassutsleppa frå landbruket. Ein må også adressere etterspurnaden. Politikarane må forstå forbrukarvanar og viktige etterspurnadsdrivarar. I regionar som Europa må innbyggarane ete mindre kjøtt.

Restart for karbonfangst og -lagring i Storbritannia: Onsdag lanserte energiminister Claire Perry ein strategi som skal bidra til at det første CCUS-prosjektet i Storbritannia kjem i drift på midten av 2020-talet. Frå 2030 er målet at teknologien skal rullast ut i stor skala. Ein meir konkret handlingsplan for korleis dette skal skje vil kome neste år. Den britiske regjeringa forpliktar seg til å bruke 20 millionar pund på å installere CCUS-teknologi på ulike industripunkt rundt om i landet, i tillegg skal 315 millionar pund gå til sjølve avkarboniseringa. Dette er betydeleg mindre pengar enn det regjeringa tidlegare har sagt dei skal bruke på karbonfangst og -lagring, men kanskje gjer det den nye strategien meir realistisk? På lag med regjeringa denne gongen finn ein blant andre BP, Shell og Equinor, skriv Financial Times. Les også Reuters som set den britiske CCUS-satsinga inn i eit globalt perspektiv – med referanse til dei norske planane.

Utsleppsgapet har blitt større: FNs miljøprogram UNEP la onsdag fram The Global Emissions Gap – ein årviss rapport som skildrar gapet mellom faktisk utsleppsutvikling og ei utsleppsutvikling som er i tråd med Paris-avtalen. Hovudbodskapen, som liknar det FNs klimapanel kom med tidlegare i haust, er at klimagassutsleppa globalt må halverast innan 2030 om oppvarminga ikkje skal overstige 1,5 gradar. Rapporten tek spesielt for seg G20-landa: Sjølv om dei nasjonalt fastsette klimatiltaka (dei såkalla NDC’ane) langt frå er nok til at Paris-avtalens mål vert nådd, er G20-landa ikkje eingong i rute til å innfri desse. Om klimaambisjonane og -tiltaka ikkje vert skjerpa innan kort tid, vil G20-landas kollektive utsleppskurve framleis peike oppover i 2030.  Avgifter på fossil energi, auka fornybarinvesteringar og ein meir aktiv politikk er det som må til, oppsummerer The Guardian. Mens InsideClimate News nemner Noregs elbilsatsing som døme på politikk vi treng meir av. UNEP er også innom innsatsen til byar og næringsliv. Meir enn 7000 byar og 6000 selskap har dei siste åra forplikta seg til å redusere eigne utslepp av klimagassar. Men effekten av dette, skriv forfattarane, er til nå svært avgrensa.

Oljeavrunding som klimapolitikk: Å gradvis avgrense utvinning av fossile brensel kan vere det neste store steget i klimapolitikken, ifylgje ein ny studie publisert i Nature Climate Change. Studien, som er gjort av forskarar frå Stockholm Environment Institute, nyttar California som døme. California er ein av statane i USA som produserer mest olje, men fører samstundes ein relativt ambisiøs klimapolitikk. Forfattarane av Nature Climate Change-studien meiner at å avgrense talet på nye løyver til oljeutvinning kan vere eit effektivt tiltak. Det kan både bidra til å redusere Californias utslepp, og ha effekt også fordi det struper tilbodet av fossile brensler. Dei peiker også på at fleire land, mellom anna Frankrike, Spania og Danmark har vedteke liknande politikk, og meiner erfaring derfrå syner at fleire bør fylgje.