Vekst i globale CO₂-utslepp i 2017, men i USA gjekk utsleppa ned

Etter tre års utflating gjorde dei globale CO₂-utsleppa eit nytt hopp i 2017. Samtidig: Utbyggingstakten for nye kullkraftverk heldt fram med å falle i fjor, og Vattenfall skal bygge to havvindparkar i Europa utan subsidiar.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Utsleppa går i feil retning: Det internasjonale energibyrået (IEA) publiserte denne veka oppdaterte data som viser at dei globale CO₂-utsleppa, etter tre år med utflating, auka med 1,4 prosent i 2017 (førebelse utrekningar). I rapporten Global Energy and CO₂ Status Report, 2017 skriv IEA at utsleppsauken i fjor skuldast ein kraftig byks i den globale energietterspørselen (+ 2,1 prosent), som igjen vert forklart med kraftig vekst for verdsøkonomien (+ 3,7 prosent), lågare råvareprisar og ein svakare satsing på energieffektivisering enn tidlegare. Rapporten viser store geografiske skilnader. Medan Kina, India og EU hadde utsleppsvekst i 2017, opplevde andre marknader det motsette. I USA gjekk utsleppa ned for tredje året på rad (- 0,5 prosent). Tidlegare har utsleppsreduksjonane her skuldast overgang frå kullkraft til gasskraft, men i 2017 vert nedgangen forklart med kraftig vekst i fornybar energi. Også Storbritannia såg i 2017 ein reduksjon i energirelaterte CO₂-utslepp (- 3,8 prosent). Det store bildet er likevel dette: energiomstillinga går for sakte, og vi er ikkje i rute til å nå Paris-avtalens mål. (Les og: Klimavakten – globale klimagassutslepp).

Færre nye kullkraftverk: Sjølv om CO₂-utsleppa aukar, er det grunn til å glede seg over dette: I 2017 fall talet på nye kullkraftverk med 28 prosent samanlikna med året før, mens talet på nye kullkraftverk under planlegging gjekk ned med 22 prosent. Det viser rapporten Boom and Bust 2018: Tracking The Global Coal Plant Pipeline som Greenpeace, Sierra Club og Coalswarm publiserte onsdag. Det er særlig politiske endringar i Kina og India som påverkar utviklinga, samt auka konkurranse frå billig fornybar energi. 2017 var andre året på rad der kullkraftveksten gjekk ned samanlikna med året før. Sjølv om retninga er riktig, er tempoet for lågt. Om utviklinga held fram som no, må ein vente til 2022 før stenging av gamle kullkraftverk overstig talet på nye kraftverk. Les meir i australske RenewEconomy.

Sol og vind utan subsidiar frå 2025: Måndag kunngjorde Vattenfall at dei har vunne konkurransen om å  bygge to 350 MW havvindparkar i Nederland innan 2022 – utan subsidiar. Nyheita er historisk, men vi kjem til å oppleve det igjen. Subsidiefri fornybar energi kjem til å bli normalen over heile Europa, annonserte Oxford-baserte Aurora Energy Research på sin årlege industrisamling denne veka. Innan 2025 vil både vind- og solenergi klare seg på eigne bein. The Guardian skriv at fram mot 2030 vil fallande kostnadar for fornybar energi, i kombinasjon med rask teknologiutvikling innan batterilagring, frigjere 20 milliardar pund i investeringar i Storbritannia åleine. I same periode vil britane bygge ut 18 GW i ny ikkje-subsidiert fornybarkapasitet, og vindenergi vil stå for halvparten.

Offensiv klimapolitikk gir færre flyktningar : Klimaendringar kan bli ein sterk motor for migrasjon i fattige land. Det åtvarar Verdsbanken i rapporten Groundswell: Preparing for Internal Climate Migration som kom måndag. I 2050 risikerer ein at 143 millionar menneske i Afrika sør for Sahara, Aust-Asia og Latin-Amerika blir flyktningar i eige land på grunn av klimaendringane. Verdsbanken skriv at det i mange utviklingsland vil oppstå migrasjon-«hotspots» – det vil seie område som folk enten flyktar frå eller rømmer til. Men det treng ikkje bli krise om ein set i gang adekvate tiltak no. Verdsbanken peiker på tre grep som må til: 1) Kutte i klimagassutsleppa, 2) integrere migrasjonsproblematikk i eksisterande utviklingsplanar og 3) skaffe meir kunnskap om klimaflyktning-problematikken. Gjort riktig kan talet på interne klimaflyktningar i dei nemnde områda – i beste fall – bli redusert frå 143 til 31 millionar.

Midlertidig avklaring om Storbritannia og EUs kvotemarknad: Vi avsluttar med ein notis om Brexit – henta frå Reuters. Det har til no vore uklart kva som skjer med deltakinga i EUs kvotemarknad (EU ETS) når Storbritannia forlét unionen neste år. Måndag kunngjorde London og Brussel at dei har blitt einige om vilkåra i overgangsavtalen som skal gjelde i to år frå utmeldinga trer i kraft i 2019. Omtrent samtidig rykka den britiske energi- og industriministeren Claire Perry ut for å forsikre eigen industri om at britane skal vere med i EU ETS til minst 2020. Kva som blir permanent løysing etter 2020 er umogleg å spå i dag, men det vil garantert få konsekvensar for den norske debatten.