Utsleppskutta må begynne før 2020

Skal vi nå togradarsmålet må vi knekke utsleppskurva innan 2020. Les også:  Arbeidsgruppe under Michael Bloombergs leiing foreslår tiltak som skal gjere det lettare for investorar å avdekke finansiell klimarisiko.

VI HAR TRE ÅR PÅ OSS: Innen 2020 må vi ha fått orden på klimagassutsleppa, skriv Christiana Figueres, tidligere klimasjef i FN, i eit brev i Nature. Her frå eit tidlegare klimatoppmøte i Bonn. Foto: UN Climate Change cba

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

2020 må bli vendepunktet: Nature publiserte denne veka eit ope brev om den globale klimasituasjonen signert FNs tidlegare klimasjef Christiana Figueres og fleire andre internasjonale ekspertar. Brevet, også omtalt i internasjonale medier som The Guardian, rettar seg mot G20-landa som skal møtast i Hamburg 7.-8. juli, og har følgjande bodskap: Det skjer mykje bra på energifeltet, men innsatsen dei neste tre åra må intensiverast og styrkast. Klarar vi å knekke utsleppskurva innan 2020, er det framleis mogleg å nå Paris-målet. Forfattarane foreslår konkrete mål i seks sektorar:
(1) I 2020 må 30 prosent av global strømproduksjon vere fornybar (mot 24 prosent i 2015).
(2) I 2020 må byane årleg oppgradere minst 3 prosent av bygningsmassen til null- eller lågutsleppsstandard.
(3) I 2020 må 15 prosent av det globale nybilsalet bestå av elektriske bilar (mot 1 prosent i 2015).
(4) I 2020 må ein vere på god veg til å stoppe avskoginga, slik at skogen i 2030 blir eit netto karbonlager.
(5) I 2020 må ein ha utvikle planer og ha satt i gang tiltak for å få ned utsleppa frå verdas store industri-punktutslepp (stål, sement osv.).
(6) I 2020 må den årlege finansieringa av klimatiltak utgjere minst 1000 milliardar amerikanske dollar. Det inkluderer mellom anna at marknaden for grøne obligasjonar må vere ti gangar større i 2020 samanlikna med 2016. Krevjande, ja, men ikkje umogleg. Det handlar mykje om innstilling, avsluttar forfattarane: «We must remember that impossible is not a fact, it’s an attitude.»

«Big Business» seiar ja til meir openheit om finansiell klimarisiko: Torsdag presenterte ei arbeidsgruppe leia av investor og tidlegare New York-ordførar Michael Bloomberg sine endelege anbefalingar til kva informasjon selskap som vil rapportere om eigen finansielle klimarisiko bør inkludere. Målet er å etablere eit sett med klare, samanliknbare og konsistente opplysningar som skal gjere det mogleg for investorar, utlånarar og forsikringsselskap å «prise» eit selskaps evne til å møte klimaendringar, klimapolitikk og energiomstilling. Bloombergs arbeid har skjedd på oppdrag frå The Financial Stability Board – eit rådgivingsorgan for G20-landa som blir leia av den britiske sentralbanksjefen Mark Carney. Carney skal presentere forslaga på G20-toppmøtet i Hamburg i juli. Med Trump rundt bordet er det langt frå sikkert at G20 vil omfamne anbefalingane, men det er kanskje ikkje så farleg. Til no har over 100 av verdas største selskap gitt offentleg støtte til forslaga som skal gi meir openheit om finansiell klimarisiko. Les også Carneys eigne ord i Financial Times og kommentar av Anders Bjartnes her på Energi og Klima.

Comeback for kol? Nyheitsbyrået Associated Press (AP) meldte denne veka at utvinning av kol i dei tre største marknadene – Kina, USA og India – har gått opp med 6 prosent i årets fem første månader samanlikna med same periode i fjor. Mest dramatisk er utviklinga i USA der auka har vore på heile 19 prosent. Ekspertar som AP siterer meiner oppgangen i USA er marknadsdriven og midlertidig, og at det i liten grad skuldast politikken til Donald Trump. BPs statistikk for 2016 viste ein nedgang i kol-utvinning på 6,5 prosent samanlikna med 2015.

Klimaråd refsar May: Storbritannias uavhengige klimaråd, The Committeee on Climate Change (CCC), leverte denne veka ein svært kritisk rapport om Theresa Mays klimainnsats. I rapportens forord  skriv rådets leiar, den konservative Lord Deben, at effektive og nye strategiar er «urgently needed» om klimagassutsleppa skal kome ned på det nivået parlamentet har vedteke (minst 50 prosent innan 2025 og minst 57 prosent innan 2030 samanlikna med 1990-nivå). Etter 2012 har Storbritannias utsleppskutt stort sett funne stad i kraftsektoren, mens utsleppa i transport og bygg har gått opp. Regjeringa skulle etter planen lagt fram ein klimahandlingsplan før jul i fjor, men på grunn av Brexit har dette blitt utsett. Denne veka lova nyvald klimaminister Claire Perry at ein ny klimahandlingsplan («Clean Growth Plan») skal leggast fram når parlamentet er tilbake frå ferie i september. The Daily Telegraph har breiare omtale av kva tiltak CCC meiner denne planen bør innehalde.

Kinas batteriplanar overgår alle: Vi avsluttar veka med ei lita batteri-oppdatering. Onsdag kunne Bloomberg fortelje at kinesiske selskap har planar om å installere ny produksjonskapasitet for litium-ion-batteri på til saman 120 gigawatt-timar (GWt) innan 2021. For å sette det i perspektiv: Teslas Gigafactory vil ha ein kapasitet på 35 GWt når han er i full produksjon neste år, mens global produksjonskapasitet i dag er 103 GWt per år. Analytikarane i Bloomberg New Energy Finance trur Kina vil stå for 65 prosent av verdas samla batteriproduksjon i 2021 (mot 55 prosent i dag).

***

Denne spalten tar nå sommerferie. Fem på fredag er tilbake igjen fredag 11. august.

Abonner på Fem på fredag

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima