USA skal gjere grønt hydrogen 80 prosent billegare på ti år

Biden-administrasjonen lovar strategisk satsing på hydrogen fram mot 2030. Les også: Forskarar åtvarar mot massiv skogplanting som klimatiltak. Mange nye klimasøksmål er under planlegging i Europa.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

USA lanserer nytt hydrogeninitiativ

USAs nye klimapolitikk byrjar å ta form. Denne veka lanserte USAs energiminister Jennifer Granholm Energy Earthshots Initiative – eit program for strategiske satsingar på innovasjon og samarbeid der målet er å få til raske gjennombrot for viktige klimateknologiar. Den første satsinga rettar seg mot hydrogen og har fått namnet Hydrogen Shot. Målet er å redusere kostnadene til hydrogen produsert ved hjelp av fornybar energi (grønt hydrogen) med 80 prosent i laupet av det neste tiåret. Energidepartementet skriv at prisen for grønt hydrogen i dag ligg på rundt 5 USD/kg, mens målet er å få han ned til 1 USD/kg. Lukkast dei, vil det om ti år vere billegare å produsere hydrogen med fornybar energi enn frå fossil gass, skriv Financial Times.

Tenkinga bak Hydrogen Shot liknar mykje på The Sunshot Initaitive som Obama-administrasjonen i si tid etablerte i 2011. Målet var å redusere dei totale energikostnadene for solenergi med 75 prosent innan 2020 – slik at storskala solenergi kunne bli lønsam utan subsidiar. Målet blei nådd tre år før tida.  

Vil du lese meir? Grist inkluderer i sin artikkel litt meir informasjon om hydrogen i USA. Ta gjerne også ein kikk på notatet Hydrogen som klimaløsning som nyleg blei utgitt av Norsk klimastiftelse.

Klimasøksmålet mot Shell var berre starten

Klimaaktivistar i Europa planlegg ein rekke nye klimasøksmål, skriv Clean Energy Wire. Det er klimadommen mot Shell som inspirerer aksjonistane. I slutten av mai blei oljegiganten dømt av tingretten i Haag til å gjennomføre større klimakutt innan 2030 enn det selskapet sjølv hadde planlagt.

I Tyskland har ein ny organisasjon – Green Legal Impact – starta arbeidet med å førebu strategiske klimasøksmål på eit internasjonalt, nasjonalt og lokalt nivå. Kva konkret dei planlegg er ikkje klart, men at det vil vere tunge saker, kan ein forvente. Blant personane som står bak Green Legal Impact finn ein mellom andre advokat Roda Verheyen som i april i år vann det historiske klimasøksmålet mot den tyske stat.

Den siste veka har det blitt reist klimasøksmål mot regjeringane i Polen og i Italia.

Vil du lære meir? Høyr samtalen mellom fagdirektør ved Noregs institusjon for menneskerettar, Jenny Sandvig, og Kirsten Å. Øystese i Energi og Klimas podkast.

Overinvesterer i gassprosjekt i utviklingsland

Multinasjonale utviklingsbankar og rike lands nasjonale eksportkredittbyrå overinvesterer i gassekspansjon i sør. Det kjem fram i rapporten Step off the gas frå den uavhengige tankesmia The International Institute for Sustainable Development (IISD). Rapporten, som er utarbeida med støtte frå den tyske regjeringa, konkluderer med at gassprosjekt i låg- og mellominntektsland mottek meir internasjonal offentleg finansiering enn nokon andre energikjelder – og fire gongar så mykje som vind og sol. Dette skjer sjølv om fornybar energi i mange marknader er billegare alternativ enn gass, eller er i ferd med å bli det, og trass i at gassekspansjonen som skjer ikkje er i tråd med 1,5-gradarsmålet. Sjølv om offentleg finansiering berre utgjer ein liten del av dei samla energiinvesteringane i sør, speler dei ofte rolla som «døropnar» for privat kapital ved at risikoen vert redusert. IISDs anbefaling er at rike land må slutte å finansiere fossile energiprosjekt i sør.

Vil du lese meir? Sjekk ut Inside Climate News og rapport-oppsummeringa.

Forskarar åtvarar mot massiv skogplanting

Klimaendringar og tap av natur og biologisk mangfald er to menneskeskapte krisar som gjensidig påverkar kvarandre, og som politisk ikkje lenger kan behandlast kvar for seg, skriv 50 forskarar frå FNs klimapanel (IPCC) og FNs naturpanel (IPBES) i ein felles rapport. Eit av rapportens 41 funn, som også er omtalt av Financial Times og New York Times, handlar om skogplanting som klimatiltak: Forskarane åtvarar mot storskala skogplanting i område som ikkje tidlegare har vore dekka av skog, og seier dette vil kunne bidra til press på landområde andre stadar, som igjen vil kunne truge det biologiske mangfaldet. I verste fall kan det også svekke naturens evne til å lagre karbon, skriv forskarane. Påstandar om at det finst massive område tilgjengeleg for skogplanting er «likely incorrect». Dette siste punktet går rett inn i diskusjonar om utsleppsbanar fram mot netto null i 2050 – og er eit korrektiv til selskap og land som vil bruke skogplanting til å kompensere for restutslepp.

Vil du lære meir? Få med deg Klimakvarteret med professor Vigdis Vanvik som nettopp handlar om klimakrisa og naturkrisa.

Airbus: Tradisjonelle jetmotorar vil dominere også i 2050

Draumen om hydrogendrivne langdistansefly vil ikkje bli verkelegheit med det første. Iallfall ikkje om ein skal lytte til Airbus. Den europeiske flyprodusenten offentleggjorde i september i fjor skisser av det som skulle illustrere kommersielle hydrogenflygingar frå rundt 2035. Planane blei møtt med stor begeistring og har sidan vore ein viktig referanse i diskusjonen om klima og luftfart. Men denne veka kom det fram at hydrogensatsinga kanskje ikkje er så mykje å snakke om likevel. Ifølge Reuters kom det på eit møte mellom Airbus og EU-kommisjonen tidlegare i vinter fram at hydrogenplanane framleis er på teiknebrettet, og at eit teknologival først vil skje om fleire år. Airbus skal også ha gjort det klart at dei trur tradisjonelle jetmotorar vil dominere luftfarten også i 2050, og at hydrogenflygingar i 2035 kun vil gjelde dei korte flyturane. Reuters skriv at Airbus ikkje har tenkt å utstyre den nye versjonen av mellomdistanseflyet A320, som skal rullast ut utover 2030-talet, med hydrogen. A320 er Airbus sin store pengemaskin. Kvart andre sekund landar eller lettar det ein A320-maskin.

Les også: Airbus ber EU bruke grøne omstillingsmidlar på flysal