Fossilindustrien vil tape stort på suksess i Paris

Fossilindustrien kan tape verdiar for 100 billionar dollar om klimaforhandlingane i Paris lukkast. Det skriv Citigroup i ein ny rapport. Les også om batterirevolusjon i energisektoren.

Paris-avtale kan gi 100 billionar USD i “stranded assets”: Mykje står på spel fram mot dei viktige klimaforhandlingane i Paris i haust. I ein ny rapport frå Citigroup, som Reneweconomy omtalar i denne artikkelen, vert det konkludert med at fossilindustrien kan tape svimlande summar dersom verdsleiarane klarar å forhandle fram ein god klimaavtale. 100 billionar amerikanske dollar er det Citigroup har rekna ut er verdien av dei fossile reservane som må bli liggande i bakken om togradarsmålet skal nås. Det vil seie ein tredel av dei globale oljereservane, halvparten av dei globale gassreservane og 80 prosent av dei globale kolreservane.

Batterirevolusjon på gang: Batteri vil endre energimarknaden slik smarttelefonen endra telekom, skriv Forbes i denne artikkelen. Dei siterer Susan Kennedy, adm.direktør i selskapet Advanced Microgrid Solutions og tidlegare stabssjef for Arnold Schwarzenegger. I likskap med Obama (sjå nedanfor) talte ho nyleg til National Clean Energy Summit. Kennedy meiner batteriteknologi vil endre nettet radikalt fordi det i utgangspunktet blei designa rundt eit konsept om at energi ikkje kan lagrast. Ut frå nyheitsbiletet er det mykje som talar for at Kennedy har rett – at vi står framfor ein revolusjon. Berre den siste veka har General Electric annonsert at dei vil bygge eit energilagringssystem på 30 megawatt i California. Dette er selskapets tredje batteriprosjekt så langt i år. I tillegg har E.On varsla ambisjonar innan energilagring. Saman med universitetet i Aachen har selskapet gått i gang med å bygge verdas første modulbaserte energilagringssystem (i stor skala).

Nye fornybarløfter frå Obama: I ein tale til Clean Energy Summit i Las Vegas denne veka annonserte president Obama at han vil løyve 1 milliard dollar ekstra til lånegarantiar for fornybarprosjekt, og 24 millionar dollar i nye tilskot til forsking og utvikling innan solcelleenergi. Obama viste i talen til at den formidable kostnadsutviklinga gjer solenergi attraktivt for stadig fleire: «A lot of Americans are going solar and becoming more energy-efficient not because of tree huggers — although trees are important, just want you to know — but because they’re cost-cutters». Han drog og opp ei konfliktlinje mot fossillobbyen – som han påstår er bakstreverske: «We see where technology is taking us. We see where consumers want to go. And that, let’s be honest, has some big fossil fuel interests pretty nervous — to the point where they’re trying to fight renewable energy.»

Mest alvorlege tørka i Europa sidan 2003: Medan Noreg ikkje har mangla nedbør denne sommaren, har store delar av Europa opplevd ein av dei aller tørraste somrane sidan 2003. Det viser denne rapporten frå European Drought Observatory. Tørka skuldast ein kombinasjon av manglande nedbør og svært høge temperaturar over lang tid. I Middelhavsområdet har det vore periodar med dagtemperaturar på over 30 gradar i 30-35 dagar i strekk (i Spania over 40 dagar).

Karbonkredittordning forårsaka auke i klimagassutslepp i Russland: Utslepp av klimagassane hydrofluorkarbon (HFK-23) og svovelhexafluorid (SF6) auka ved fleire russiske industrianlegg etter at ei karbonkredittordning trådde i kraft i 2008. Det viser ein studie som tidsskriftet Nature publiserte denne veka. Joint Implemenation (JI) – felles gjennomføring – er namnet på ein av tre fleksible utsleppsmekanismar som blei tatt inn i Kyotoprotokollen. Mekanismen går ut på at industriland betalar for tiltak som reduserer utsleppa i eit anna industriland. Fordi HFK-23 og SF6 er svært potente klimagassar, er prisen for ein utsleppskreditt langt høgare enn for CO₂. Forskarane Lambert Schneider og Anja Kollmuss dokumenterer i studien at fleire russiske industrianlegg i perioden 2008-2013 auka klimagassutsleppa utan tilsvarande auke i produksjon, for så å krevje betaling gjennom karbonkredittordninga for å kutte utsleppa igjen.