Spår ekstraordinært prisfall på solceller i EU

Overkapasitet og fjerning av minstepris på kinesiske solceller vil gi billegare solenergi i EU. Les også: Salet av batterisystem for lagring av solcellestraum er i ferd med å ta av i Tyskland. Ein ny revolusjon?

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Kinesisk overkapasitet gir billegare solenergi i EU: Som følge av myndigheitenes subsidiekutt tidlegare i år, er det i 2018 venta betydelig fall for bygging av store solparkar i Kina – verdas største solenergimarknad. Mens det i 2017 blei installert 53 GW ny solenergikapasitet, skriv BBC at ein i år truleg ikkje kjem over 35 GW. Når dei største kinesiske solcelleprodusentane samstundes aukar produksjonen av både celler og panel, fører dette til overkapasitet. Nokon av dei som vil tene på dette er EU – som natt til tysdag fjerna minsteprisen på kinesiske solcellepanel. Analytikarar i IHS Markit forventar at solcelleprisene i EU vil gå ned 30 prosent dei neste vekene. Også Bloomberg New Energy Finance forventar prisfall framover, skriv PV Magazine. Bransjeforeininga Solar Power Europe er klar på kva dette betyr: «The trade measures have made solar much more expensive than necessary in Europe , by removing them, solar will now be cheapest form of electricity in many EU countries – this means that many more consumers and national governments will be able to invest in solar.»

Batterirevolusjon på gang i Tyskland? Det var tyske forbrukarar som i sin tid sparka i gang det globale solenergieventyret. Er dei i ferd med å gjere det same med batterilagring? Bloomberg omtalar denne veka statistikk frå bransjeorganisasjonen BSW som syner at talet på selde batterisystem til tyske hushald passerte 100 000 einingar denne sommaren. Om farten held fram vil talet doblast til 200 000 i 2020. Den sterkaste drivaren er forbrukaranes ønske om å forsikre seg mot galopperande straumprisar i framtida, uttalar BSW. Samtidig som straumprisane i Tyskland går opp, går kostnadane for solcellepanel og batterilagringssystem kraftig ned. I tillegg spelar det inn at det ikkje er god butikk for tyske forbrukarar å mate den eigenproduserte straumen tilbake til nettet.  Vil du lese meir om batterilagring? Les kommentaren When will battery storage take off? publisert av nettstaden Energy Transition.

Pensjonskapital har realisert verdas støsrste havvindpark: Torsdag byrja verdas største havvindpark – The Walney Extension i Irskesjøen – å produsere straum. Parken har ein samla kapasitet på 659 MW og dei 87 turbinane dekker eit areal på 145 kvadratkilometer. Danske Ørsted (tidl. Dong Energy) eig 50 prosent av the Walney Extension. Den andre halvparten er delt likt mellom pensjonsfonda PKA og PFA. Til eigne heimesider seier PKA-sjef Peter Damgaard Jensen at direkteinvesteringar som dette både er bra for klimaet og lommeboka: «Walney Extension er den sjette havvindmøllepark, vi investerer i siden 2011, og den er endnu et vigtigt bidrag til PKA’s ambitiøse klimastrategi, hvor vi hele tiden arbejder på at skabe gode afkast til vores medlemmer, samtidig med at vi gør en positiv forskel for klimaet». Samla investering var på ca. 17 milliardar danske kroner. Drift og vedlikehald av havvindparken vil gi jobb til 250 personar.

Brusgigantar med felles plastinitiativ: Kvart minutt vert det kjøpt 1 million plastflasker. Mange av desse hamnar på bosshaugane eller i naturen når dei er tom. No har store brus- og flaskevatn-selskap gått saman om eit felles initiativ i Storbritannia der målet er å få heilt slutt på dette problemet. I ein rapport publisert torsdag av Cambridge Institute for Sustainability Leadership, slår industriaktørar som Nestle, Danone og Suntory fast at dei innan 2030 skal ha etablert ei heilt ny verdikjede for brus- og flaskevatn som hindrar at plastemballasje kjem på avvege. Målet er at all flaskeemballasje skal vere laga av resirkulert og/eller fornybart materiale, og alle flasker skal kunne brukast opp att, resirkulerast eller komposterast. Rapporten inneheld eit vegkart over kva som må gjerast når, og av kven, om initiativet skal lukkast. Det er ikkje gjort i ei handvending å endre dagens plastregime, skriv dei, og det er framleis mykje som er usikkert. Vil det til dømes vere mogleg å produsere flasker av biobasert materiale i stor skala, og korleis vil biologisk nedbrote flasker passe inn i eksisterande resirkuleringsprosessar? Storbritannia brukar over 5 millionar tonn plastikk kvart år. 37 prosent av dette går til emballasje/innpakking.

Lønsam og rettferdig kol-exit: Onsdag blei oppsummeringsrapporten til forskingsprosjektet Coal Transitions publisert. Forfattarane meiner det er klare teikn på at det allereie skjer eit skifte vekk frå kolkraft, og at det er ein betydeleg risiko for koleksportørar som ikkje førebur seg på fall i etterspurnaden. Rapporten serverer også kunnskap om interne diskusjonar i Kina, India, Tyskland, Polen, Australia og Sør-Afrika om kolkraftas framtid, og idear til eit energiskifte som både er teknisk gjennomførleg, økonomisk lønsamt og rettferdig. Kol er ikkje berre råstoff i kraftproduksjon, det er også ein viktig sysselsettar i mange land. Skal kolkraft fasast ut i ein fart som tilfredsstillar Paris-avtalens mål, må omgrepet «just transition» fyllast med innhald.