Sender britiske huseigarar på gass-avvenning - Energi og Klima

Sender britiske huseigarar på gass-avvenning

Theresa Mays klimaråd foreslår krafttak mot fossilt energibruk i britiske heimar. Vil forby nybygg å kople seg til gassnettet. Les også: Sterk vekst for solenergi i 2018 gav fornybarrekord i EU.

MINDRE AV DETTE: Skal Storbritannia nå sine lovfesta klimamål, må forbruket av fossil energi i britiske heimar reduserast kraftig, skriv The Committee on Climate Change (CCC) i ny rapport. Foto: Sunshinecity/Flickrcba

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Gassfyring trugar britiske klimamål

Mens elektrisiteten blir stadig grønare, slit Storbritannia framleis med ein fossildominert varmesektor. I ein ny rapport frå regjeringas eige klimaråd, The Committee on Climate Change (CCC), kjem det fram at dei juridiske bindande klimamåla ikkje vil bli nådd med mindre ein klarar å eliminere utsleppa frå energiforbruket i britiske husstandar. 24 av 27 millionar husstandar er kopla til gassnettet – opp frå 14 millionar i 1990. Bruk av gass (og litt olje) til oppvarming, varmt vatn og matlaging representerer 25 prosent av Storbritannias samla energiforbruk og 15 prosent av klimagassutsleppa. CCC – viss rolle er å overvake politikken opp mot vedtekne klimamål – foreslår fleire tiltak for å få fart på overgangen til ein fornybar varmesektor. Det mest radikale forslaget er at det ikkje seinare enn 2025 må innførast forbod mot at nye bygg koplar seg til gassnettet. Storbritannia var det landet Noreg eksporterte nest mest gass til i 2018.

Fornybar energi stod for nesten all ny kraftutbygging i EU

95 prosent av all ny kraftkapasitet installert i EU i 2018 var fornybar energi. Det er bransjeorganisasjonen Wind Europe sin siste rapport om trendar i den europeiske kraftmarknaden som viser dette. Totalt bygde EU-28 ut i underkant av 21 GW me ny kapasitet i fjor (som er det lågaste nivået på 15 år). Av dette stod solenergi for 8 GW, landbasert vindkraft for 7,4 GW og havvind for 2,7 GW. Solenergimarknaden i EU vaks med 37 prosent frå 2017 til 2018, medan vindkraftindustrien opplevde eit tilsvarande fall. Hovudforklaringa på det siste ligg mellom anna i Europas største vindmarknad, Tyskland. Her gjekk vindkraftutbygginga i 2018 ned heile 49 prosent samanlikna med året før.  Ser ein på elektrisitetsproduksjonen er historia denne: 14 prosent av EUs elektrisitetsforbruk blei i 2018 dekka av vindkraft, mot 12 prosent året før. Danmark er EU-landet med aller mest vind i kraftmiksen (41 prosent). På dei neste plassane følgjer Irland (28 prosent), Portugal (24 prosent) og Tyskland (21 prosent). Kva så med Noreg? Vindkraft utgjer framleis ein liten del av samla kraftproduksjon, men på ein av Wind Europe sine statistikkar klarte vi likevel å hamne på topp: Dei 134 turbinane som vart installert på norsk jord i 2018 hadde ein gjennomsnittseffekt på 3,6 MW. Ingen andre europeiske land med landbasert vindkraftutbygging i 2018 kan vise til eit like høgt snitt.

Volkswagen-sjefen foreslår intern CO2-skatt

Kva er det mest effektive grepet eit globalt bilkonsern med eit frynsete klimarykte kan ta for å vise omverda at dei faktisk tek klimatrugselen på alvor? I eit brev til si eigakonsernleiing, omtalt i Der Spiegel, skriv Volkswagen-sjef Herbert Diess at han vil at Paris-avtalen skal vere «rettesnor for vår aktivitet». For å få det til planlegg han å innføre ein intern CO2-skatt som skal leggast på konsernets utslepp frå bruk av elektrisitet, varme og drivstoff. Avdelinga med ansvar for utsleppa må betale skatten. Dermed vil kvar del av konsernet ha insentiv til å kutte CO2 der dei kan. Diess skal ifølge den tyske storavisa ha brukt den nye elbilen ID som døme på korleis den interne CO2-skatten skal bli brukt: Bilen vil frå 2020 i all hovudsak bli produsert ved hjelp av fornybar energi, men CO2-utslepp frå produksjon av stålet som er i bilen blir ein ikkje kvitt. Desse utsleppa må kompenserast. Inntektene frå den interne CO2-skatten skal gå til skadekompenserande tiltak, som vern av regnskog.

Vi støtter Energi og Klima:

Global kolgigant set tak på eigen kolproduksjon

Gruvegiganten Glencore, som også er verdas største eksportør av kol, offentleggjorde onsdag at dei innfører eit tak på kolproduksjonen som ikkje skal overstige det nivået selskapet reknar med å ligge på ved utgangen av 2019 (omlag 150 millionar tonn). Selskapet opplyser at det er av omsyn til klimaet dei gjer dette. Framover skal investeringane (i større grad) prioritere kobbar, kobolt og andre råvarer som understøtter overgangen bort frå det fossile framfor i ny produksjonskapasitet for kol. The Guardian gjev investorinitiativet Climate Action 100+ med The Church of England i spissen æra for Glencores snuoperasjon. Medan konkurrenten Rio Tinto alt har trekt seg ut av kol, har Glencore blitt sett på som ein av kolindustriens sterkaste forsvararar. Det er viktig å understreke at dei heller ikkje no seier farvel til alle nye kolprosjekt, slik denne saka frå Australia demonstrerer. Financial Times skriv at produksjonstaket vil tene Glencores kortsiktige økonomiske interesser. Redusert volum vil bli kompensert med høgare råvareprisar.

Trump vurderer kontroversielt klimapanel

Det var Washington Post som avslørte det først: Interne dokument som fleire aviser og nyheitsbyrå skal ha fått tilgang til, viser at Donald Trump vurderer å setje ned eit klimapanel som skal diskutere kor vidt klimaendringane representerer ei tryggleiksutfordring for USA. Utvalet i seg sjølv er ikkje ei stor nyheit, men personen som sannsynlegvis får i oppgåve å leie panelets arbeid, er høgst kontroversiell. Ifølgje The Post er denne posisjonen tiltenkt den kjende klimafornektaren William Happer – emeritus professor i fysikk ved Princeton og medlem av Trumps nasjonale tryggleiksråd. Reuters skriv at Trump-administrasjonen i dei lekka dokumenta innrømmer at klimaendringar blir sett på som eit tryggleiksproblem av føderale myndigheiter (seinast i rapporten Worldwide Threat Assessment of the US Intelligence  Community 2019), men at dei stiller spørsmål ved om desse vurderingane nokon gong har vore gjenstand for uavhengige vurderingar. Sagt med andre ord: er dei truverdige? Happers tilnærming til klimaendringar er at CO2 er fordelaktig for menneska.

Ad

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.