Obamas store klimaintervju

Omstillinga skjer så fort og involverer så mange at sjølv ikkje Donald Trump vil kunne reversere all klimapolitikk. Det seier president Obama i et stort intervju med New York Times.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Obamas ettermæle i klimapolitikken: Kunngjeringa under G20-toppmøtet om at USA og Kina ratifiserer Paris-avtalen symboliserer den reisa USA har lagt bak seg med Obama som president. USA er ikkje lenger klimapolitikkens bremsekloss, dei er pådrivaren. I eit eksklusivt intervju med New York Times fortel Obama kvifor han er uroa over klimautviklinga, korleis USA under hans presidentskap har tilnærma seg Kina, og om oppturar og nedturar i amerikansk klimapolitikk. Ein av dei største kontroversane på heimebane er Clean Power Plan og kolindustriens dramatiske fall. Når Obama konfronteres med dette i intervjuet, svarar han slik: – Det vi skuldar dei som lever av å utvinne kol er å vere ærleg med dei, og seie at økonomien er i endring. Korleis vi konsumerer energi er i endring. Det er sanninga her, men det er også sanninga internasjonalt. Obama seier det vil få store konsekvensar om Trump vinn haustens val. Men samstundes meiner han det ikkje er mogleg å reversere alt han har gjennomført dei siste åtte åra. Til det involverer omstillinga for mange.

Indias kolindustri klagar over for mykje sol og vind: Statsminister Narendra Modi har satt ambisiøse mål i kraftsektoren – både for fornybar og fossil energi. Innan 2022 skal den fornybare kraftkapasiteten nå 175 GW, medan innanlands kolproduksjon skal opp frå 612 til 1500 millionar tonn innan 2020. Professor emeritus Kirit S. Parikh spør i denne informative kommentaren om desse måla er konsistente. Vil det vere behov for så mykje kol om fornybarpolitikken lukkast? Sjølv antydar han ja, men viser også i artikkelen korleis kostnadene for sol har stupt sidan Indias solenergi-satsing blei lansert i 2009. Kanskje er fornybarmåla ikkje ambisiøse nok? I Economic Times kunne ein denne veka også lese korleis kolindustrien opplever konkurransen frå sol og vind. Ein tidlegare styreleiar i Coal India uttaler at fornybarsatsinga bør settast på vent for ikkje å svekke kolets posisjon: – If firm commitment to 175 GW renewable power programme is the cause of the present state of affairs, there is need to pause for a while and rethink.

Alarmerande rapport om klimaendringar i havet: Denne veka kom The International Union for Conservation of Nature (IUCN) med ein rapport som viser at hava er i krise. Sidan 1970 har over 90 prosent av den ekstra varmen som vert forårsaka av klimagassutslepp frå menneskeleg aktivitet på jorda blitt absorbert av hava. Forskaranes data viser at temperaturen blir stadig varmare. Ein av konsekvensane er at plankton, maneter, fisk, skilpadder og sjøfugl drar langt nord i søken etter meir levelege forhold. Fram mot 2100 ventar ein at gjennomsnittstemperaturen i hava vil stige med 1-4 gradar celsius. Endringane i hava skjer 1,5–5 gongar raskare enn på land. IUCN-rapporten har fått brei omtale denne veka, som i National Geographic, The Independent og Dagens Næringsliv (NTB).

EUs 2020-mål for energieffektivisering alt nådd: Ein ny rapport frå EU-kommisjonens Joint Research Centre viser at EU alt i 2014 kan ha nådd energieffektiviseringsmålet for 2020. EUs samla energiforbruk (final energy consumption) har i perioden 2000-2014 gått frå 1133 til 1061 millionar tonn oljeekvivalentar (Mtoe). EU har talfesta energieffektiviseringsmålet for 2020 til 1086 Mtoe. Energiforbruket har gått særleg ned i industrien og bustadsektoren, mens det har vore ei auke i transportsektoren. Sjølv om noko av nedgangen sikkert kan tilskrivast redusert økonomisk vekst, kan tala og vere eit argument for at energieffektiviseringsmålet for 2030 (27 prosent) er for lite ambisiøst.

Corbyn frir til Labour-medlemmene med fornybar energi: 24. september skal medlemmene i Labour i Storbritannia avgjere om den neste partileiaren skal heite Jeremy Corbyn eller Owen Smith. Denne veka har Corbyn markert seg med forslag om ein langt meir ambisiøs klima- og energipolitikk. Eit overordna mål i Corbyns plan er 65 prosent fornybar kraftproduksjonen innan 2030 (ifølge Bloomberg New Energy Finance er Storbritannia med dagens politikk i rute for 50 prosent). Vidare vil han utfordre “the Big Six” ved å støtte etableringa av 1000 lokale energi-kooperativ, fase ut kolkraft tidleg på 2020-talet, forby fracking og la 80 prosent av verdas fossile energiressurser bli liggande i bakken. Om du vil vite meir kan du lese klimaplanen i sin heilskap. Så langt i partileiarkampen har Owen Smith ikkje markert seg med ny klima- og energipolitikk.

Merknad frå redaksjonen: Ei formulering i avsnittet om klimaendringar og havet var misvisande i den opphavlege versjonen av artikkelen, og er nå retta.