Nytt gigantfond skal finansiere klimatiltak i EU

EU-kommisjonen arbeider med å stable på beina eit fond på over 1000 milliardar kroner som skal finansiere klimatiltak og omstilling i EU. Les også: Advokatar til kamp mot grønvasking – krev fjerning av BP-reklame.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

EU opnar lommeboka for klimatiltak

«Only what gets measured, gets done». Det sa nyvald kommisjonspresident Ursula von der Leyen etter EU-kommisjonens første kollegiemøte denne veka. Det ho sikta til var lovnaden EU gav på klimatoppmøtet i Madrid (COP25) om at unionen skal få på plass ein klimalov som sikrar at Europa bli det første karbonnøytrale kontinentet innan 2050. For å understøtte målet arbeider kommisjonen no med ein investeringsplan som skal sikre tilstrekkeleg med investeringsmidlar, og hindre at einskilde land blir hengande etter. Investeringsplanen vil mellom anna inkludere eit fond på 100 milliardar euro for rettferdig omstilling (the Just Transition Fund), eller 1000 milliardar norske kroner. Midlane blir tilgjengelig i budsjettperioden 2021-27 og skal gå til dei EU-landa som har størst vanskar med klimaomstillinga.  

Bloomberg ser von der Leyens investeringsløfte som ei handsrekking til Polen, som på toppmøtet i juni blokkerte forsøket på å kome fram til semje om målet om netto nullutslepp innan 2050. Polen har ifølgje same artikkel estimert at det vil koste den polske økonomien over 500 milliardar euro å nå målet om klimanøytralitet i 2050. Kommisjonspresidenten var i møte med pressa onsdag ærleg på at klimapolitikk kostar, men understreka at alternativet ikkje er gratis det heller: «We should always keep in mind what the cost of non-action would be. And there are costs already». Ho varsla at kommisjonen snart vil offentleggjere tal som viser kostnaden ved ikkje å omstille seg.

Fleire detaljar om EUs nye klimapolitikk vil kome når kommisjonen skal lansere forslaget til a European Green Deal onsdag 11. desember – dagen før neste EU-toppmøte tek til. Då får vi også svar på korleis medlemslanda stiller seg til kommisjonens klimastrategi. I tillegg til Polen har Tsjekkia varsla at dei krev meir igjen for å kunne støtte strategien, skriv Euractiv. Til sjuande og sist blir spørsmålet om fondet som von der Leyen annonserte denne veka, samt andre finansieringsmekanismar, er tilstrekkeleg. Analysen The EU’s plan to become the first climate-neutral continent frå Climate Home News gir god bakgrunn.

CO₂-utsleppa går opp, gassforbruket får skulda

Verda har tapt endå eit år i jakta på utsleppsreduksjonar. Slik startar Washington Post artikkelen som samanfattar årets analyse frå Global Carbon Project. Det anerkjende forskingskonsortiet estimerer at utsleppa frå fossil energi og industri vil ende på 36,8 milliardar tonn CO₂ i 2019 – opp 0,6 prosent samanlikna med 2018 (spenn i analysen: -0.2 til +1.5%). Analysen viser global nedgang i CO₂-utslepp frå kol, men vekst i utslepp frå olje og gass. Aller størst er veksten i gasskonsumet. Samtidig viser analysen at nedgang i utslepp i både USA (-1,7%) og EU (-1,7%) blir ete opp av utsleppsveksten i India (+1,8%) og Kina (+2,6%).

Dei som vil lese meir om karbonutslepp og karbonbudsjett bør sjekke ut forskaranes eigen presentasjon. Grafane kan lastast ned herifrå. Særleg interesserte kan også kaste seg over artiklane som i samband med årets analyser er publisert i Nature Climate Change, Environmental Research Letters og Earth System Science Data.

Med kurs mot over tre gradars oppvarming

Då COP25 tok til i Madrid lanserte World Meteorological Organization (WMO) ein mellombels versjon av den årlege tilstandsrapporten om klimaet på jorda, the State of the Global Climate.  Rapporten er dramatisk lesing. Global gjennomsnittstemperatur for januar-oktober 2019 var 1,1 gradar celsius over før-industrielt nivå. Om ikkje klimainnsatsen vert trappa kraftig opp vil vi passere tre gradars oppvarming innan 2100.

New York Times brukar følgjande ord på det som skjer: «Fleire øydeleggjande brannar i California, vedvarande tørke i sørvest, rekordflaumar i Europa og Afrika. Ei hetebølgje, av alle ting, på Grønland». The Guardian skriv at vi er i ferd med å legge bak oss det varmaste tiåret nokon gong registrert i historia. Ekstremhete er i ferd med å bli ein stadig større belastning på folks helse og helsesystema våre, ifølgje rapporten.  

I same gate: Australia er eit av landa som set stadig nye klimarekordar, og i 2040 kan temperaturar opp mot 50 gradar celsius bli «normalt» i byar som Sydney og Melbourne. Det er Independent som skriv dette. Dei refererer til rapporten Dangerous Summer: Escalating Heat and Drought Risk som vart publisert måndag av Climate Council of Australia (CCA).

Krev BP-annonsar fjerna på grunn av grønvasking

At BP brukar annonsekampanjar til å framstille seg som sjølv som eit selskap som no fokuserer på rein energi, er det same som at ei burgersjappe skulle framstilt seg som vegansk fordi det er salat på menyen. Det seier Client Earth i ein video som forklarar kvifor organisasjonen har klaga to av BPs annonsekampanjar inn for det nasjonale organet som handhevar brot på OECD-retningsliner. I ein av annonsane som Client Earth krev fjerna vert gass omtalt som rein energi, skriv The Guardian. Tidlegare i år fekk norske Equinor pålegg frå det britiske reklametilsynet om å fjerne reklameplakatar som antyda at gass har låge klimagassutslepp. Vidare hevdar Client Earth at annonsekampanjar som denne villeier offentlegheita fordi BP held tilbake informasjon om at dei framfor alt er eit olje- og gasselskap. Meir enn 96 prosent av BPs årlege investeringar går framleis til fossil energi, seier advokat Sophie Marjanac til Financial Times.

Client Earth oppmodar samstundes den neste britiske regjeringa til å innføre krav om «tobakksmerking» av all reklame frå fossile energiselskap.

Forventar vidare kostnadsfall for batteripakkar

Vi avsluttar med positiv teknologinytt. Frå 2010 til 2019 har kostnadane for ein litium-ionbatteripakke falle heile 87 prosent – frå 1100 dollar/kWh til 156 dollar/kWh. Det skriv Bloomberg New Energy Finance (BNEF) som tysdag lanserte sinn årlege batteriprisundersøking. Konsulentselskapet trur kraftig vekst i etterspurnad vil presse prisane ned mot 100 dollar /kWh når vi nærmar oss 2023. Det er dette kostnadsnivået som trengs før elbilen blir konkurransedyktig på pris med ein fossilbil, skriv BNEF. CleanTechnica har meir.