Ny kommisjon skal gjere klima til EUs kjennemerke

Ursula von der Leyen har denne veka fordelt oppgåver og posisjonar i den ny EU-kommisjonen ho skal leie fram mot 2024. Den påtroppande presidenten har plassert klima øvst på dagsorden.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Klimapolitikk på topp i EU

EU skal bli ein tydelegare geopolitisk aktør, klimaomstilling skal bli EUs nye kjenneteikn («hallmark») og den nederlandske sosialdemokraten Frans Timmermans (58) vil bli EUs viktigaste mann i klimapolitikken dei neste fem åra. Det annonserte påtroppande president for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, tysdag. Timmermans er utpeikt som ein av tre «executive vice-presidents» med overordna ansvar for unionens klimapolitikk. Dette er første gang at ansvaret for klima vert plassert så høgt i kommisjonens politiske hierarki. I oppdragsbrevet signert von der Leyen står det at Timmermans i løpet av sine første 100 dagar skal legge fram ein plan for «A European Green Deal». Det inkluderer mellom anna eit oppjustert klimamål for 2030 – i første omgang frå 40 til minst 50 prosent utsleppskutt (men kommisjonen gjer det klart at dei kan auke til 55 prosent i internasjonale klimaforhandlingar). I tillegg skal Timmermans få på plass ein europeisk klimalov som skal sikre målet om klimanøytralitet i 2050, etablere eit «Just transition»-fond og gjennomgå EUs skattepolitikk i lys av klimaomstillinga. Under det siste ligg også ideen om ein «carbon border tax».

Det er verdt å merke seg at i von der Leyens framlegg til ny kommisjon er ansvaret for klima og energi skilt frå kvarandre. Ny energikommissær, med ansvar for saker som fornybar energi, energieffektivisering og karbonfangst og -lagring, blir estiske Kadri Simson (42) frå det estiske Senterpartiet. Hennar oppdragsbrev finn du her. EU-parlamentet skal endeleg godkjenne eller avvise framlegg til nye kommissærar i oktober.

Farlege «hot spots»

I klimasamanheng blir to gradars oppvarming sett på som ei grense vi absolutt ikkje bør passere, men dessverre er vi på god veg. Washington Post har analysert fire globale datasett som viser temperaturen på jorda frå midten av 1800-talet og fram til i dag. Konklusjonane, som er lett tilgjengelege i denne oppsummeringa, er at det blir stadig fleire område med særleg rask temperaturstigning både på jorda og i havet – såkalla «hot spots». Om ein tek utgangspunkt i dei siste fem åra – som er dei varmaste som nokon gong er registrert – har rundt 10 prosent av klodens areal hatt ei oppvarming på over to gradar samanlikna med før-industriell tid. Rask oppvarming gjeld ikkje lenger berre Arktis, skriv journalist Chris Mooney. I store delar av Europa, nordlege Asia og Midt-Austen er togradarsgrensa no passert. «Hot spots» finst det også stadig fleire av i havet – som den forskarane oppdaga utanfor Uruguays kyst i 2012. Også her har temperaturen dei siste hundre åra stige meir enn to gradar.

Funna til The Post er langt på veg dei same som direktør ved Nansensenteret, Sebastian Mernild, presenterte i fjor etter å ha samanstilt temperaturdata frå NASA.

Strid om raudt kjøt og klima

Den britiske bondeorganisasjonen National Farmers Union (FMU) lanserte tysdag eit vegkart som skal gjere landbruket i Storbritannia klimanøytralt innan 2040, skriv BBC. Vegkartet skisserer tre tiltak: meir effektiv produksjon, betre arealforvaltning og endra arealbruk og auka produksjon av fornybar energi og bioenergi. Organisasjonen Friends of the Earth (tilsvarande Naturvernforbundet) kritiserer FMU for ikkje å ta fatt i kjøttkonsumet i vegkartet, og viser til at dette er avgjerande for å kutte klimagassutslepp. Men FMU-president Minette Batters avviser dette og viser til at andre land produserer biff med langt høgare utslepp. Ifølgje FMU er britisk produksjon av storfekjøtt 40 prosent mindre utsleppsintensiv enn det globale gjennomsnittet, skriv The Guardian.

Omtrent samtidig med lanseringa av FMUs klimarapport vart det kjent at University of Cambridge har kutta ein tredel av sine matrelaterte klimagassutslepp etter at dei i 2016 bestemte seg for å fjerne storfe- og lammekjøtt frå menyen.

Ki-moon og Gates lanserer fem tiltak for betre klimatilpassing

Ikkje berre krev klimaendringane at vi får slutt på forbruket av fossil energi og stoppar nedbrytinga av natur, vi må også tilpasse oss dei endringane som uansett vil kome. Denne veka lanserte den globale tilpassingskommisjonen, under leiing av tidlegare generalsekretær i FN Ban Ki-moon, sjef i Verdsbanken Kristalina Georgieva og Microsoft-gründer Bill Gates, ein rapport om behovet for nettopp klimatilpassingstiltak. Det som trengs, samanfattar BBC, er 1) gode varslingssystem for sårbare kyst- og øysamfunn, 2) meir robust infrastruktur i by og bygd, 3) hjelp til bønder i utviklingsland til å drive eit meir tørke-motstandsdyktig landbruk, 4) bringe tilbake og ta vare på vegetasjon under vatn (mangrovar) som kan beskytte mot flom og 5) verne vassforsyningar og gjere vassforbruket smartare. Investeringsbehovet er enormt, men det vil svare seg. Om verdssamfunnet investerer 1800 milliardar dollar i desse fem områda i perioden 2020-2030, vil vi kunne hente ut ein gevinst på 7800 milliardar dollar. Ki-moon hadde tysdag eit innlegg i Time om rapportens konklusjonar.

Det var Nederland som i si tid tok initiativ til nedsetting av klimatilpassingskommisjonen. Neste år skal det arrangerast eit stort toppmøte om klimatilpassing i Haag.

Neste års klimatoppmøte til Glasgow

Storbritannia er tildelt FNs klimatoppmøte i 2020, det som på stammespråket vert kalla COP26. Møtet skal finne stad i Glasgow i desember neste år og vil tiltrekke seg 30 000 delegatar og eit hundretals satsleiarar. Britiske myndigheiter ser på dette som ei stor tillitserklæring frå det internasjonale samfunnet, skriv The Guardian og BBC. Neste års klimatoppmøte blir særleg viktig fordi landa som har signert Paris-avtalen har forplikta seg til å heve ambisjonsnivået i klimapolitikken kvart femte år etter at avtalen vart signert. Neste moglegheit er i 2020.  COP26 vert arrangert i partnarskap med Italia som får i ansvar å arrangere ei rekkje førebuande arrangement.

Årets klimatoppmøte – COP25 – vert arrangert i Santiago, Chile, frå 2. – 13. desember.