Milliardar av euro renn ut av europeiske kolkraftverk

Fire av fem kolkraftverk i EU er ulønsame. Les også: Rapport spår kraftig vekst for grøn hydrogen fram mot 2025. I Danmark kranglar regjering og støtteparti om oljestans i Nordsjøen.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Kolkraftverk i pengekrise – er vi førebudd på det som kjem?

I 2017 publiserte Carbon Tracker Initiative (CTI) ein rapport som sa at fallande kostnader for fornybar energi, reguleringar mot luftforureining og auka karbonprising kunne ta livet av kolkraftverk i Europa allereie i 2030. Mange tenkte nok den gang at CTI tok for hardt i, men i oppfølgjaren Apocoalypse Now, som blei offentleggjort denne veka, blir 2030 sagt å vere for konservativt. CTI viser til konkurransen frå billeg gass og fornybar energi som er i ferd med å presse kolkraft lenger og lenger ut i tuben. Frå mars til august 2019 gjekk forbruket av steinkol og brunkol i EU ned med høvesvis 39 prosent og 20 prosent samanlikna med same periode i fjor. Den London-baserte tankesmie hevdar 79 prosent av EUs kolkraftkapasitet no går med tap  – mot 46 prosent i 2017. Kolkraftprodusentane risikerer å tape over 6,5 milliardar euro i 2019. Verst stilt er tyske RWE, tsjekkiske EPH (selskapet som i 2016 kjøpte brunkolgruver i Tyskland med tilhøyrande kraftverk frå svenske Vattenfall) og greske PPC. Rapporten gir eit tydeleg spark til RWE som forsøker å få tyske myndigheiter til å betale dei milliardar av euro i kompensasjon for å stenge ned all kolkraft innan 2038. På dette tidspunktet vil RWEs kolkraftverk for lengst vere verdilause, skriv CTI. Til Deutsche Welle går RWE i rette med desse påstandane. 

Rapportens anbefaling er at EU må planlegge for ein europeisk kol-exit innan 2030, og foreslår også konkrete tiltak for dette. Samtidig åtvarar forfattarane mot å flytte investeringane frå kol til gass: «Those investors backing baseload gas as a “bridge fuel” will likely find themselves standing on a cliff instead.»

Spår kraftig vekst for grøn hydrogen fram til 2025

Hydrogen vert ofte trekt fram som ei viktig løysing for å avkarbonisere energisystemet, ikkje minst i fossiltunge sektorar som industri og transport. Men skal hydrogen verkeleg gi klimaeffekt, er produksjonsmetoden avgjerande. I dag kjem det aller meste av det produserte hydrogenet frå naturgass eller kol. Hydrogen produsert av fornybar energi via elektrolyse, det som går under namnet «grøn hydrogen», er framleis ikkje konkurransedyktig med sin fossile fetter. Men dette kan no vere i ferd med å endre seg, hevdar konsulentselskapet Wood Mackenzie. I ein ny rapport har dei analysert marknadsutsiktene for grøn hydrogen fram mot 2030, og har mellom anna rekna ut at i Tyskland, Australia og Japan vil grøn hydrogen kunne matche prisen for fossilbasert hydrogen om straumprisen frå sol og vind kjem ned i 30 dollar/MWh. I dag ligg prisen i desse tre marknadene på mellom 53-153 dollar/MWh ved langsiktige kraftprisavtalar (såkalla PPA), og prisane er fallande.

Wood Mackenzie sin spådom er at marknaden for grøn hydrogen skal vekse kraftig dei neste fem åra – frå dagens 252 MW i installert kapasitet til over 3200 MW i 2025. Japan og Sør-Korea blir viktige drivarar for denne veksten, skriv Recharge i sin omtale av rapporten.

For få veker sidan publiserte også IRENA ein rapport om grøn hydrogen: Hydrogen: A renewable energy perspective. I motsetnad til WoodMacs rapport er denne gratis tilgjengeleg for alle.

Oljeleiting er også tema i dansk politikk

Det er ikkje berre i Noreg at politikarane diskuterer oljepolitikk. I Danmark står slaget no om åttande konsesjonsrunde som opnar for olje- og gassutvinning i Nordsjøen fram til 2055. Statsminister Mette Frederiksen (S) vert pressa av dei tre støttepartia til å stoppe konsesjonsrunden av omsyn til klimaet. Til Politiken seier Ida Auken i Radikale Venstre at regjeringa taler med to tunger når dei på den eine sida ønsker å gjere Danmark uavhengig av all fossil energi innan 2045, samstundes som dei skal utvinne olje og gass fram til 2055. Saman med SF skifta Dei Radikale standpunkt i saka i september i år. Enhedslisten, som er det tredje støttepartiet, har alltid vore imot åttande konsesjonsrunde. Etter møter i Folketinget torsdag sa klima-, energi- og forsyningsminister Dan Jørgensen at regjeringa skal bestemme seg når dei er ferdig med å analysere både klimaeffekt og økonomiske konsekvensar av å stoppe konsesjonsrunden, skriv Danmarks Radio. I 2018 fekk den danske stat åtte milliardar kroner i inntekter frå olje- og gassaktiviteten på dansk sokkel.

IEA: Veksten i fornybar energi i 2019 blir den største på fire år

Det internasjonale energibyrået (IEA) har sleppt fersk fornybarstatisikk og nye framskrivingar i rapporten Renewables2019: Analysis and forecast to 2024. Dei historiske tala viser at fornybar energi også i fjor dominerte ny kraftutbygging globalt, men ein marknadsdel på 2/3. Samla blei det i 2018 bygd ut 178 GW med fornybar energi – som var same nivå som året før. IEA spår at tempoet vil gå kraftig opp i 2019 – med positiv utvikling både i Kina, EU og USA. Globalt trur energibyrået at det blir bygd ut 12 prosent meir fornybar energi i år samanlikna med i fjor. Det vil i så fall bety den sterkaste fornybarveksten på fire år. 

Mens IEA sine historiske tal er å rekne som referansedata i energidebatten, blir framskrivingane som regel kritisert. Det er velkjent at IEA har ein tendens til å undervurdere veksten i sol og vind, noko Carbon Brief illustrerer godt. I IEAs hovudscenario mot 2024 trur dei at samla fornybar energikapasitet vil auke med 50 prosent. Michael Liebreich i Bloomberg New Energy Finance var raskt ute på Twitter med å peike på at IEAs framskriving i realiteten betyr at farten i fornybarutbygginga vil gå dramatisk ned. Dei siste 18 åra har vindkraftproduksjonen globalt dobla seg fem gongar, og solkraftproduksjonen ni gongar, kommenterte han. IEAs svar til Liebreich finn du her.

Rapportens framskrivingar rettar seg både mot land, regionar og teknologiar. Om havvind, som mange i Noreg er interessert i, skriv IEA at dei forventar at samla installert kapasitet skal tredoble seg innan 2024 (+43 GW). Meir om havvind får du om du sjekkar ut Offshore Wind Outlook som IEA-sjef Dr. Fatih Birol skal legge fram i København fredag 25. oktober. 

Myrlandskap i endring – frå karbonlager til utsleppskjelde?

Myr dekker kun ein liten prosentdel av jordas overflate, men er eit veldig viktig karbonlager. I Europa lagrar myrene fem gongar så mykje CO₂ som skogen, skriv Carbon Brief i ein omtale av to vitskaplege artiklar om temaet. Begge er publisert denne veka i Nature Geoscience. I den første artikkelen skriv Swindles et al. at myrlandskapet i Europa er i dramatisk endring – og at ein kan observere store hydrologiske endringar (uttørking) særleg dei siste 200 åra. Det er usikkert i kor stor grad dette skuldast naturlege endringar, men menneskeleg aktivitet har uansett ein betydeleg negativ påverknad på utviklinga. I verste fall kan myrene gå frå å lagre til å sleppe ut store mengder karbon. Kor viktig myrene er som karbonlager er tema i den andre artikkelen som er forfatta av Nichols et al. Forskarane har kvantifisert kor mykje karbon myrlandskapet i den nordlege delen av verda lagrar. Dei konkluderer med at det er snakk om over 1 000 gigatonn karbon – som er dobbelt så mykje som det tidlegare studiar har vist. I artikkelen til Carbon Brief er det ein del forskarar som er kritiske til metodikken som er brukt, men den overordna bodskapen er uansett denne: I den store klimalikninga må ein ta omsyn både til utslepp og opptak av CO₂. Endringar av myrlandskapet er derfor dårleg nytt for klimaet. BBC har ein god Q&A om myr og klima i denne artikkelen.