Krev full openheit om klimarisiko frå britiske selskap

Frå 1. januar 2021 blir det obligatorisk for dei største børsnoterte selskapa i Storbritannia å rapportere på klimarisiko. Les også: Eks-sentralbanksjef skal rydde opp i klimakvotejungelen.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Børs og finans må rapportere på klimarisiko

Nyheita: Innan fem år må alle store selskap og finansinstitusjonar i Storbritannia rapportere på korleis dei har tenkt å møte klimaendringane, omstillinga vekk frå fossil energi og ein stadig strammare klimapolitikk.

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Bakgrunn: Det var måndag – under Green Horizon Summit i London – at den britiske finansministeren Rishi Sunak offentleggjorde at klimarisiko-rapportering blir obligatorisk for dei største selskapa i Storbritannia. Allereie frå 1. januar 2021 må dei største børsnoterte selskapa («premium listed companies») rapportere på klimarisiko. I 2022 vil rapporteringskravet bli utvida til også å gjelde kapitalforvaltarar, livselskap og pensjonsselskap. I 2025 må alle store selskap og finansinstitusjonar rapportere på korleis dei har tenkt å møte klimaendringar, energiomstilling og klimapolitikk.

Det store biletet: Den tidlegare sentralbanksjefen i Storbritannia Mark Carney introduserte omgrepet «finansiell klimarisiko» i 2015. Han delte klimarisiko inn i tre delar: fysisk klimarisiko, overgangsrisiko og ansvarsrisiko. Carneys tenking, som seinare blei vidareforedla av G20s Taskforce on Climate-related Financial Disclosures (TFCD), har gjort klimaspørsmålet relevant i fleire krinsar. Då den amerikanske sentralbanken måndag la fram Financial Stability Report, var klimarisiko ein naturleg del. Ingen bør bli overraska om fleire G20-statar følgjer Storbritannia. Den europeiske sentralbanksjefen Christine Lagarde skal denne veka ha uttalt følgjande, ifølgje Bloomberg: «Deal with the financial risks from climate change soon or we’ll do it for you.»

Vil du gå djupare? Meir informasjon om det britiske framlegget finn du i «A roadmap towards mandatory climate-related disclosures» (PDF).

Spår oppsving for kolkraft når Biden blir president

Nyheita: Det amerikanske energibyrået, EIA, spår at USA vil oppleve vekst både i kolforbruk og CO₂-utslepp i 2021.

Bakgrunn: Bak analysen ligg føresetninga om at økonomien vil ta seg opp neste år – som igjen vil auke etterspurnaden etter kol i kraftsektoren, skriv Financial Times. Fråværet av skikkeleg CO₂-prising gjer at kolkrafta kjem styrka ut når prisane for gass stig. EIA estimerer at amerikanske kraftselskap i 2021 vil måtte betale 2,04 dollar per million BTU om dei fyrer med kol, mot 3,52 dollar for gass.  Samen med vekst i oljekonsumet, vil meir bruk av kolkraft gje eit byks for amerikanske CO₂-utslepp neste år på 287 millionar tonn CO₂.

Oppsving for kol er eit resultat av Trumps uvilje mot utsleppsregulering i kraftsektoren, sjølv om kolkraft på ingen som helst måte kan seiast å ha blitt «great again». Ein eventuell vekst kjem etter fleire års nedgang. Kolforbruket i første halvår i 2020 låg 30 prosent under same periode i 2019. Denne veka har vi dessutan lest at verdas største private kolprodusent Peabody Energy kan gå konkurs, og at Samsung ikkje lenger vil ta på seg oppdrag på nye kolkraftverk. Begge nyheitene er uttrykk for den store forteljinga: at skiftet vekk frå kol er ustoppeleg.

Gruveselskap lovar gigantisk fornybarsatsing

Nyheita: Fortescue Metals Group (FMG), ein av verdas største jernmalmprodusentar, ønsker å bygge ut 235 GW med fornybar energi, skriv Reneweconomy.

Victoria Cuming fra BloombergNEF om Bidens toppmøte, COP26 i Glasgow og klimapolitikk

Bakgrunn: Det var på onsdagens generalforsamling at grunnleggar og styreleiar Andrew Forrest lanserte dei nye ambisjonane. For å sette det heile i perspektiv: 235 GW med fornybar kraft vil gi meir energi enn det oljeselskapa Chevron og Total produserer i dag, sa Forrest (frå ca. 1:23:50 ut i sendinga). Det blei ikkje sagt når og kor fornybarprosjekta skal byggast ut, men FMG tenker globalt: rundt 50 land skal vere aktuelle. Forrest gjorde det klart at selskapet også vil bruke den fornybare krafta til å produsere grøn hydrogen og ammoniakk – både for eksport og for å fase ut fossilt energibruk internt.

Sol blir størst også i Norden

Nyheita: Analysebyrå trur at det utover 2020-talet vil bli bygd ut meir solenergi enn landbasert vindkraft i dei nordiske landa, skriv Bloomberg.

Bakgrunn: Skiftet vil kome i 2027, skal vi tru StormGeo Nena Analysis. Då vil kostnadene for storskala solenergi bli lågare enn for vindkraft. I same artikkel kan ein lese at kraftforbruket fram mot 2045 vil auke med 35 prosent som følge av meir elektrifisering. Det vil også bli behov for langt fleire overføringskablar som kan styrke kraftutvekslinga mellom Norden og Nordvest-Europa.

Eks-sentralbanksjef skal rydde i klimakvotejungelen

Nyheita: Mark Carney, FNs spesialutsending for klimahandling og finans, la denne veka fram anbefalingar som skal bidra til å skape ein frivillig karbonmarknad som verkar.

Bakgrunn: Når stadig fleire selskap set mål om netto nullutslepp, aukar også etterspurnaden etter utsleppskredittar/-kvoter som kan bidra til å kompensere for utslepp ein ikkje klarar å fjerne sjølv. Mangel på transparens og for mange useriøse aktørar gjer derimot effekten av slike kredittar/kvoter i dag høgst diskutabel. Det er dette som er bakteppet for arbeidet til Mark Carney og resten av Taskforce on Scaling Voluntary Carbon Markets (TSVCM). Tysdag la arbeidsgruppa fram eit sett av anbefalingar som skal bidra til å skape ein skalerbar, transparent og verifiserbar marknad for frivillig kjøp/sal av utsleppskredittar/kvotar. Anbefalingane er ute på høyring til 10. desember og kan lesast i sin heilskap her.

Sjekk også ut: Politikens database med over 5000 europeiske bedrifter som har kjøpt utlseppskredittar.