Klimavarslingslampene glødar

Ferske data viser alarmerande temperaturrekordar på jorda. CO₂-konsentrasjonen i atmosfæren aukar i rekordtempo.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Alarmerande rekordar: I februar låg den globale overflatetemperaturen 1,35°C over det som var gjennomsnitt i perioden 1951-1980, viser tal frå NASA. Dette er den største auka som nokon gong er registrert. Den førre rekorden på 1,15°C blei målt i januar i år. Fleire forskarar har teke i bruk ord som “stunning”, “shocking” og “emergency” om februarmålingane, skriv The Guardian. Sjølv om El Nino-effekten er den største sidan 1998, er det menneskeleg aktivitet som er den viktigaste drivaren for temperaturauka vi opplever no.

Samtidig viser ferske måledata at konsentrasjonen av CO₂ i atmosfæren aukar i rekordtempo. Målingar gjort ved Mauna Loa-observatoriet på Hawaii viser ein CO₂-konsentrasjonen i februar i år på 404,16 ppm (parts per million), mot 400,30 ppm på same tid i fjor. 2015 var det fjerde året på rad der mengda atmosfærisk CO₂ auka med meir enn 2 ppm.

Verdilaus kolkraft i 2030: Som resultat av EUs klimamål og forpliktingane som ligg i Paris-avtalen går det mot slutten for tysk kolkraft. Det er konklusjonen i ein ny analyse utført av Barclays, melder det australske nettmagasinet RenewEconomy. Analysen legg til grunn ein langt høgare karbonpris (€45/t) enn i dag (€5/t), noko som også vil resultere i auka forbruk av gass. Barclays varslar også at det tyske energisystemet skal gjennom eit omfattande redesign det neste tiåret – vekk frå dagens sentraliserte konstruksjon. Dette forklarar kvifor E.On og RWE held på å skilje ut nye og gamle aktivitetar i eigne selskap. I 2030 vil det tyske energisystemet vere prega av fornybar energi støtta opp av ulike lagringsteknologiar, sofistikert forbruksstyring og smarte nett, skriv RenewEconomy.

Det er ikkje berre Barclays som spår kolkraftens død i Tyskland. Energytransition.de oppsummerer på ein god måte dei enorme utfordringane kolindustrien står overfor, både marknadsmessig og politisk. Det er ikkje rart at Vattenfall no strevar med å få selt sin tyske kol-business.

Mykje å spare på rask overgang til fornybar: Vi har i fleire år sett ein formidabel vekst i fornybar energi, men veksten er likevel ikkje stor nok om vi skal unngå farlege klimaendringar. Ein ny rapport frå IRENA viser at fornybar energi-delen av den globale energimiksen bør doblast innan 2030 – frå dagens 23 prosent til 50 prosent (vi er i rute til å nå 30 prosent). Dette er fullt mogleg å få til, skriv IRENA, men ikkje berre det: Det vil også løne seg reint økonomisk. Kraftig vekst i fornybar energi vil venteleg skape jobbar, gi økonomisk vekst og redde millionar av menneskeliv kvart år på grunn av betre luftkvalitet. Rapporten foreslår også 10 løysingar for å nå målet om ein energimiks som er 50 prosent fornybar i 2030.

Satsar vidare på havvind: Det er lenge sidan vi har formidla nyheiter frå Storbritannia som ikkje har handla om kutt i støtteordningar eller avgiftsauke, men det kan vi gjere denne veka. I sin årlege budsjett-tale til parlamentet bekrefta finansminister George Osborne at regjeringa vil finansiere tre nye havvind-auksjonar innan 2020. Den første auksjonen vil bli lyst ut i år. Nyheita har blitt teke godt imot av bransjen, sjølv om regjeringa har lagt betydelege kostnadsreduksjonar til grunn for finansieringa. Bransjeorganisasjonen RenewableUK skriv i ein pressemelding at regjeringas forslag vil tilføre 3,5 GW med havvind i perioden 2021-2025. Storbritannias samla havvindkapasitet utgjorde ved utgangen av 2015 ca. 5 GW.

Kina skal vinne fornybar-kappløpet: Denne veka publiserte britiske E3G ein informativ rapport om Kinas nye femårsplan. Rapporten samanliknar også Kinas innsats på klima- og energifeltet med EUs. Kort fortalt: Kinas ambisjon er å dominere cleantech-marknaden, både heime og ute. EU er parkert. Fram til og med 2012 investerte EU langt meir i fornybar energi og klimateknologi enn Kina, men etter det snudde det. I 2015 investerte Kina 2,5 gongar så mykje som EU. I 2030 skal Kina bygge ut 800-1000 GW med vind, sol, vatn, kjernekraft og andre nullutsleppsteknologiar. Det svarar til EUs samla kraftkapasitet i dag.